Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

mandag 18. juli 2011

Slottsfjell 2011 - eit eventyr

Like bra i år som tidligare år. Trur kanskje dei dagane der var litt viktige for motivasjonen min, for den er plutselig på topp igjen. Det var effektivt å jobbe utendørs i 39 timar på totalt 3 døgn, la mailboksen segle sin eigen sjø og drite i alt anna enn det som foregikk i den lille festivalbobla mi. Trur eg må dykke inn i slike bobler oftare.

Punktvis oppsummering, i god tradisjon:
  • Torsdagen jobba eg Konge saman med Gud, Astrid og Frida. 
  • Eg og Gud brukte 45 minutt på å snuske til oss akkrediteringane våre, for ein litt surrete bookingsjef hadde gløymt å legge oss inn i systemet. 
  • Når vi først fekk på plass akkrediteringen, så var den eit hakk over det vi egentlig skulle hatt. Gull i staden for svart. Heilt greitt, det var ingen som nekta oss inngang nokon plass.
  • Jenter som stagehands og kvinnelig stagemanager er effektivt mot mange crewfolk. Vips, blir dei snille som lam. 
  • Stakkars guttar som var med og sjaua, hadde aldri gjort dette før og fekk kræsjkurs av jentene. Moro!
  • Torsdag lasta vi inn fleire band enn det spelte på scena, vi lasta inn Biffy Clyro og Grinderman dagen før dei gikk på. 
  • Biffy Clyro hadde så mykje utstyr at det ramla ut eit Marshall-kabinett i det vi åpna den lille lastebilen (!) som utstyret var pakka i. Heldigvis åpna vi ikkje den andre døra først, for da hadde det rasa gitarar...
  • Den personen som pakka ned den bilen har vore jækla flink, for så mykje trudde ikkje eg at det var mulig å få plass til i ein såpass liten lastebil. Sannsynligvis var den overlasta.
  • Röyksopp. Fy faen så bra det var. Dessuten var dei kjempesøte med alle dei merkelige kostyma sine. Eg delte ut setlister til Henning, eit par hylande fans og pakka ned gitarar. Og så tok eg ei setliste til meg sjølvo g.
  • Oj. Eit par øl blei ståande i nærheten av crew-stasjet. "Tilfeldigvis" havna genseren min oppå. Det var trist. Det var faktisk så trist at vi måtte drikke opp ølen.
  • Fredag. Astrid ringer 08.08. "Treng du meg?" "Ja." "No?" "Ja." "Kjem om ti min." "Flink pike." Vekkerklokka ringte 08.30. Da hadde eg jobba i ti minutt alt.
  • Fredag. Regn. Biffy Clyro. Smerte. 
  • Andre dag festival er ei reise i smerte og å lære seg å takle det. Merkeleg at det fortsatt fins musklar eg ikkje visste eg hadde og som kan gjere så vondt.
  • Sjokolade er ikkje berre lov, men nesten påbudt.
  • Generell god stemning og dårlig humor med Lorry som soundtech på Mhoo.
  • Dårlig stil at ikkje folka med truck fatta at det å køyre mikser + rack framfor mikseposisjon UNDER konserten til Mhoo ikkje er lurt, og i så fall så må det skje kjapt, effektivt og så lydlaust som mogleg. Stakkars Lorry. Vi skyldar på Biffy Clyro, for det var der dritten hørte til.
  • TAKK til dei snille menneska som kom ned igjen med mikser og rack etter endt konsert, så vi slapp å slepe den ned sjølv. 
  • Britisk crew er fortsatt trivelige folk altså. Det skal dei ha.
  • Nick Cave var verdens søtaste når han stod bak scena rett før Grinderman skulle på og titta litt nervøst ut på folkemengda der ute. Forøvrig er den mannen veldig pen til å vere så gammal. :P
  • Fredagen var relativt tidlig ferdig, sjølv etter at Berntsen og Kaizerscrewet var på plass. "Æ blei overraska!". Var heilt ok at det ikkje var meg som skulle diskutere meg fram til om baktrossene skulle flyttast eller ei.
  • Lørdag. Kaffe. Vakna til melding om at min første artist var forsinka, og vips... Det blei ein time slækketid på Tårnlunden gitt. Utnytta deler av den i ei hengekøye med utsikt over heile Vestfold. Himla digg.
  • Snille artistar og hyggelige folk på Tårnlunden! Alt på skinner, vi tok til og med inn igjen vår lille miniforsinkelse på 5 minutt!
  • MikroMinus gjorde sin første konsert som siste band på Tårnlunden. Det førte til at dei måtte spele ekstranummer, for alle som ditcha Kaizers hadde det dritfett på toppen av fjellet.
  • Midnattskonsert på toppen av fjellet. I år var det Mari Boine, vil påstå at det var meir magisk i fjor, men eit nydelig tiltak og ein fantastisk stemning kvar gang.
  • Øl. Backstage. Whisky rett fra flaska på rundgang.
  • Total. Meir øl. Lorry, Alex, Terje og Helge. Og Ravi. Alle med særdeles ulik grad av promille.
  • KastellNach med grillmat og øl.
  • Halv seks; Luska heim. Sov godt!
Takk for i år, Slottsfjell. Det er ein fryd å vere med år etter år. Vi sjåast neste år!

søndag 5. desember 2010

Musikk og sånn.

Det handlar ein del om musikk her. Det er kanskje ikkje så rart, sidan det er det eg brenner for og ønsker å drive med. Fordi det er viktig. Det skal likevel nemnast at mine musikkpostar stort sett handlar om kor latterlig mykje bra musikk det fins der ute. Denne gang derimot, skal vi til det motsatte.

Det verste eg har sett nokon sinne. Det er ei veke sidan eg kom tilbake fra Berlin i dag, med ganske greie bekreftelsar på det eg trudde - tyskarar er sære, og det fins nokon som likar ALT. Inkludert dette. Det aller verste bandet eg har sett nokon sinne var support for Zeromancer i Berlin. Det er ingen hemmelighet at det fins mykje rart innanfor tysk goth-musikk altså, men dette tok kaka. Eg er faktisk ganske usikker på om det går an å kalle det goth eingang.

Bandet innehar tre medlemmer. Tre høgst forskjellige medlemmer. La oss begynne med den som var minst ille. Mest veltilpassa i lokalet og til sjangeren og bandet. Han spelte gitar og og sang, og såg ut som ein litt billig kopi av Martin Gore fra Depeche Mode. Den eg har minst vondt å sei om, bortsett fra at han spelar i det verste bandet eg nokon sinne har sett.

Så går vi opp eit hakk på "worst case"-skalaen. Der er bassisten. Han var akkurat passe malplassert der han stod, som tydelig metalbassist og stod der og kasta på det lange håret sitt. Ikkje kunne han spele heller, forøvrig. Og så toppa han heile greia med å gå så langt vekk fra bassforsterkaren at han nappa ut jack-kabelen. Pinlig.

Avslutningsvis da. Trommeslagaren. Publikumsfriaren og sirkusdirektøren. Virkelig. Mannen hadde rød flosshatt og myggmikrofon. Og litt for mange trommestikker, slik han dreiv og kasta dei ut i publikum heile tida. Pinlig blei det når trommestikkene etterkvart traff golvet fordi ingen tok imot... Men sirkusdirektøren ga seg ikkje der. Han syns nemlig det var gøy å køyre berg og dalbane! Så gøy er det å køyre berg og dalbane at man gjerne gjer det samtidig som man spelar trommer. Så tempoet la han oppi bakerste vogn på toget, mens han sjølv satte seg fremst og dura avgårde.

Sjå det for deg. Kombiner desse tre menneska i hovudet ditt og kjenn på effekten. Og så ser du for deg dei spele musikken sin i førtifem minuttar. Det blir ølkjøp og dobesøk av sånt.

Kva dei heiter? Laminus X. Styr unna.

fredag 17. september 2010

Forelskelse...

Trur eg er forelska. I musikk. Og det burde eg vel strengt tatt visst for veldig, veldig lenge sidan. Det har jo tross alt vore omtrent det viktigaste i livet mitt i alle fall dei siste 8 åra. Men det skal ikkje meir til enn roadtrip til Lillehammer. Konsert med eit band nesten ingen har hørt om, akkompagnert av ein herlig gjeng som reisefølge. Eg diggar slikt. Å sette seg i bilen, på toget, på flyet, kva som helst egentlig, reise til ein plass man gjerne ikkje kjenner så godt og gå på konsert. Aller helst skal man ikkje ha vore der før eingang. Enda bedre når man ikkje anar perspektivane av det man får. Det var vel verdt heile turen og billetten og heile pakka. Det er noko heilt spesielt når man har musikkopplevelsar av typen der følgande tanke slår deg: Hadde eg dødd no, hadde det ikkje gjort ein dritt. 

Tuba blir ikkje tøffare enn i PELbO. Og eg innsåg at eg brukar for lite tid på den magiske musikken. Den som gir frysningar i heile kroppen, der du tar deg sjølv i å tenke fy faen, dette er bra! Det er slke opplevelsar som gir glede og overskot til kvardagen, når du snublar deg opp igjen på beina etter å ha landa med eit skikkelig mageplask i virkeligheita.

mandag 19. juli 2010

Festivalens magi...

Det slår faen ikkje feil. Korleis det alltid funkar, dette med festival. Helga har vore slitsom. Tung, jævlig, både varm, kald og latterlig gøy! Til dei uinnvidde: Det har vore fire netter i telt i Tønsberg sentrum. Drøye 70 mil i bil, tre dagar festival. Ein dag som stagehand på Kongescena (hovedscena), ein dag på opplæring som scenemester, og ein dag som scenemester aleine på Tårnlunden (som naturlig nok da er den minste scena av fire).

Så når dei reine fakta om alt eg visste på forhånd er på plass, så kjem lista over alt som har skjedd:

  • Første dag tok det ein og ein halv time å bli gjennomblaut. Overalt. Med regnjakke og sydvest. Så tok det åtte timar å tørke opp igjen etterpå. Takke seg til ein ekstra genser og t-skjorte.
  • Strekke kablar i kabelgate = slit.
  • Volbeat = ville mengder utstyr. Det såg forsåvidt ganske kult ut, men når man tenker over kor mykje som blei bært og trilla så var det faen ikkje verdt det.
  • Susanne Sundfør var finfint.
  • Kaffeavtalen til Friele var heilt konge for oss som syns det er for lenge å vente og for mykje styr å prøve å finne fatt i ei kaffekanne man får lov til å ha på scena hjå seg. Fin kopp og!
  • Ærlig talt, det er jækla unødvendig å klage og syte i ville mengder for at man har ein rotete kvadratmeter på hovedscena. Som er ganske stor. Og den eine rotete kvadratmeteren er der fordi det er seks mennesker på jobb som har alle tinga sine der.
  • Jordbær = namnam.
  • Når ingen klarar å orge middagslevering på scena, så går man backstage og et grillmat. Heilt ok erstatning når man faktisk har all access-bånd.
  • Opptellingen viser at undertegna fekk heile sju (7) festivalbånd i løpet av første døgnet på festival. Campbånd, festivalbånd, tre frivilligbånd pluss all access-bånd og kaffebånd. Man hadde klart seg med tre av dei.
  • Å rigge fort som faen til Sivert Høyem med det mål for auget å få med seg så mykje som mulig av Zeromancer i solnedgang på toppen av fjellet funkar. Halve konserten blei det, og trivelig å sjå det heile fra scena, det og takka vere nevnte all acces-bånd.
  • Det er nedtur å ikkje få seg ein dusj når det var planen og sårt tiltrengt. Særlig når man først blir skuffa fordi dusjtida er utsatt med ein time og ekstra mykje når man finn ut at dusjane er ein heilt annan plass og man dermed ikkje har tid lenger.
  • Artig å jobbe på ei scene der du knapt klarar å uttale halvparten av bandnavna...
  • The Pink Robots er uhyggelig oppskrytt.
  • Avslutningsbandet på Tårnlunden fredag heitte så mykje som Ultra Mega Technobandid Stefan, var fra Island og galskap fra start til slutt.
  • Lørdag = dusjdag. Og akkurat den dusjen gjorde meg nok glad heile dagen gjennom. 
  • Slow Club-gjengen sov på toppen av fjellet når man kom på jobb.
  • Samband, samband, det er gøy! :)
  • Det er greit å vere scenemester når det største problemet ditt er at banda som skal spele kjem mellom ein halvtime og halvannan time tidligare enn dei skal og du dermed ikkje har nokon plass å gjere av kontrabassar og rhodes og slikt.
  • ...meeen det er litt surt å stå på toppen av ruinane på fjellet etter å ha snike seg unna jobben i to minuttar og sjå på Mew på hovedscena, som kanskje var den andre av to konsertar eg virkelig skulle fått sett alt av. Bra var det og.
  • At Henning serverar øl som vel blåst-takk er finfint. Det var starten på ei lang og rimelig fuktig natt.
  • Wardruna-konserten på Kastellscena var magisk. Heilt fantastisk nydelig.
  • Riffet til Seven Nation Army er tydeligvis ein festival-greie. Kvar dag blei den ralla framfor hovedscena. Til og med under Kelis!
  • Samband, samband, det er fryktelig gøy! Særlig når man er trøtt, har begynt å drikke og finn ut at det er ein god ide og synge nevnte riff opp til Tarjei som fortsatt jobbar og prøver å ha ein anstendig samtale med folk. Det fine er at Tarjei har vett til å svare med samme mynt. Dessuten klarar han ikkje låse ei dør, så Tarjei tapar uansett. :P
  • Fest, fest er bra. Der er det øl, sprit og mat. Og alle ca 40 som var der var like ubrukelig slitne og syns alt var veldig festlig, og slikt må det bli god stemning av. 
  • Det måtte middag til på Egon i Oslo med Dagny før det blei forsvarlig å køyre heim. Deretter måtte det to koppar kaffe til før det blei greit. Ensam lång veg hem. 
  • Og man skal køyre ganske fort for å klare å køyre Oslo-Årdal på 4,5 time. Det tok 4 t og 45 min.
Lista over band eg fekk heilt eller delvis med meg konsertane til: 
Torsdag: Susanne Sundfør, Jaga Jazzist, Volbeat, Belle & Sebastian, Sivert Høyem
Fredag: Hurra Torpedo, Susanna & The Magical Orchestra, Poporn Radio, Banjo or freakout, Jaako & jay, Ultra Mega Technobandid Stefan, The Pink Robots, Hayseed Dixie, Shining, Clutch.
Lørdag: Slow Club, Frøy Aagre, Du (tidligare Det är jag som är döden), Wagle, Ila Auto, Ou Est Le Swimming Pool, Kvelertak, Uncle Deadly, Teenage Fanclub, Mew og Wardruna.

Da er det tilbake til kvardagen. Tanken slo meg i går om at det er under 3 veker til Målrock. Hurra! Da er det på 'an igjen. Ubrukelighet, slitenhet, tusen og ingen tankar på ein gang og kanskje det beste som skjer i året. Det blir stas! Berre sove litt til først...

torsdag 20. mai 2010

På reisefot...

Det er ein heilt rolig tysdag. Eg skal, for sjette gang på 20 dagar legge bak meg strekninga Årdal-Hamar. For anledningen finfine 8 mil lengre enn vanlig fordi eg ikkje orka å reise klokka ni om morgonen, og maxitaxien som tidligare sparte meg for halvannan time reisetid er nedlagt alle andre dagar enn søndagar. Og fordi det er raskare å reise om Lillehammer enn Gjøvik. Det er altså snakk om drøye 340 km mot normale 250 og ei reisetid på 7 timar, 2,5 time lengre enn direktetur med bil.

På Fagernes dukkar marerittet opp. Sutrekjerring av Gneldrehals kjem nemlig på bussen. Og er merkbart overlegen samtlige andre på bussen, som forøvrig begynnar å bli full. Det er som om stesøstrene til Askepott har tatt plass i kvinnfolket, som drar ein "Sjåføøøør?? Det skal vel være sitteplasser til alle?!?!" Eg venta meg i grunn berre hylekoret som mangla - "jammen, vi jo sitte sammen!", men sjåføren er av typen solid sogning, og sogningar flest er sjelden redd for å bruke kjeften, så fru Sutrekjerring av Gneldrehals blir vist bestemt og nådelaust til fire-fem ulike ledige plassar, og sutreforsøket på den saken kjem ingen veg.

Eg tar meg sjølv i å bli oppgitt. Over at folk giddar å oppføre seg sånn, og at sånne folk gjerne har glimrande jobbar. Mann, hus, bil, 1,9 ungar og bikkje. Tar bussen fordi det gir gode vibber og viser kor miljø- og samfunnsvennleg ein er. Eg lurer i blant på om det er sånn ein må bli for å lykkast i verden. I så fall har eg funne ut at det er like greit å drite i å bli vellykka.

søndag 24. januar 2010

The death of romance...

"Hei"
"Du ringte?"
"Ja."
"Javel...?"
"Ja, eg berre lurte på om du hadde planar neste lørdag?"
"Tjaaa... Planen er å vere full."
"Men det kan vi sikkert fikse."
"Kult."
"Vil du vere med på noko spennande?"

Sånn begynte det. Plutselig satte eg meg på toget til Oslo ein fredag ettermiddag i januar, uten å heilt egentlig forstå så mykje. Bortsett fra at eg skulle ein snartur til storbyen. Hovudstaden. Og møte igjen folk eg i grunn ser altfor sjelden. Bra folk. Og familien, som det jo er greit å titte innom når eg faktisk er i traktene. Bra folk der og.

"Ja, når vil du ha det?"
"Neei, samme for meg egentlig..."
"Tja, tolv eller to?"
Det blei klokka tre. Room 13. Gravøl, Alex er på flyttefot og det er på tide å finne nye plassar å skape kunst. Fint å få sjå, det er lenge sidan sist eg satte mine bein i eit studio, og akkurat dette har jo ein gang skapt mykje musikk eg er veldig glad i. Røde vegger, isolasjon, lucky pig og gull- og platinaplater overalt. Seigmen og Gåte skiller seg ut. Mannen bak spakane har jo og vore med på leiken. Alex og Kim er slitne. Særleg Alex i grunn, som har miksa på det vi snart skal få høyre litt lenger enn det som sunt er. Planane er sterke om å bytte ut kaffe med søvn, men vi tilreisande får kaffe likevel. I koppar fra Starbucks. Tankane flyg da sjølvsagt tilbake til april 2009 og vår morgonkaffejakt på kontinentet, der vi gjerne snubla over venner på jakt etter bykoppen på nærmaste Starbucks. Kim nedlegg forbud mot å finne koppar fra byar ein ikkje har vore i akkurat i det han har putta kaffe i koppen i hånda mi, fra Düsseldorf. Eg har ikkje vore i Düsseldorf. Guro har bakt cookies, vi får kaffe og ein liten rapport om den siste tida. Innspelingsprosessen, ting som skjer, planar framover og svar på det ein spør om.

Så sparkast det avgårde. Massiv musikk i 44 minutt, og det ramla litt ut av samanhengen til slutt. Det er for tidlig å dømme, men det låter bra. Ikkje at akkurat det er noko nytt og spennande i grunn. Bandet vi høyrer på har ein tendens til å ende opp med ting som er bra, det er vel gjerne nettopp derfor vi er der. Åtte menneske i total ro, tidvis avbrutt av pinlig stillhet mellom låtane og lyden av ein og annan fot som ikkje klarar å la vere å trampe takta. Alle med sin måte å takle førsteinntrykket av musikk på. Stemningen løyser seg opp i det plata nærmar seg slutten, og det er rom for diskusjon. Singelvalg, utgivelsar, meir krydder om generelle ting som funkar om dagen. Vi får det som vi måtte ønske. Snakke fritt og konstruktivt. Nervøsiteten som var til å ta og føle på før vi begynte, er langt unna. Det er fint å kunne diskutere litt rundt alt.

Happy Tree ZMR-friends tar under discokula-film. Det har vore diverse tre og Hulen, no er det discokula i Room 13 som får gjennomgå. Heilt greit. Deretter pustar vi ut litt til. Etter takk og farvel for denne gang sjåast vi snart igjen. Det nærmar seg jo at alle får høyre den; The Death Of Romance.

mandag 30. november 2009

Tiger, tiger.

Dama ved sidan av meg er av den eldre typen og ser både blasert og jovial ut på ein gang der ho sitt på vindaugsplass på buss 81A mot Greverud om Tårnåsen. Ho er kledd i ulike rosa nyansar frå topp til tå i ein litt uggen kombinasjon og ser litt ut som ein eldre og triveligare utgåve av professor Uffert i Harry Potter-filmane, og ho er livredd. Eg må stusse litt over årsaka der ho sitt med lommetørkle framfor kjeften på heile turen og litt for små rosa skinnhanskar. Konspirasjonen i meg er overbevist om at det er denne svartkledde jævelen i setet ved sidan av ho er redd. Eg sitt jo tross alt og svevar vekk i Röd og stirrar på alt som skjer utanfor bussen, registrerar kvar person langs vegen og alt som kan ha endra seg sidan kvelden før når eg tok samme turen i mørket. Akkurat det eg pleier å drive med på alt som er av kollektive transportmiddel. Så er det logikken i meg som tenker det samme som folk flest; Svineinfluensa. H1N1, influensa A, kjært barn har mange navn. Den vi alle er så redde om dagen at vi glatt står i kø for å få vaksine mot ein sjukdom som har tatt færre liv enn vanlig sesonginfluensa. Dama sitt der og er livredd heile turen på tross av at svinet ikkje rammar dei eldre. Dette ser det ut til å vere mange som har gløymt, og eg sitt der uvaksinert uten å frykte skiten. Eg føler at eg har andre ting som er ein større trussel mot livet mitt enn eit mogleg lungevirus, hjernen min er nok farligare og Pandemrix vil nok ikkje hjelpe den er eg redd.

Dama ved sidan av reiser seg og gir signal om at ho vil av på stoppen før eg skal av, så eg reiser meg og gir plass, før dama ender opp med å gå av på samme holdeplass som meg, og eg tar meg sjølv i å bli litt frustrert. Eg har litt lett for akkurat det om dagen, for eg går jo rundt og er redd sjølv. Først og fremst er eg redd for meg sjølv, og så for drømmane mine. Ein ting er alle deja vu-opplevelsane eg har for tiden, ein annan ting er drømmen om eit bedre liv. Eg ser det for meg, dagdrømmer og tør håpe. Så knuser mine eigne tankar, realisten og jekken i hovudet mitt heile drømmen med å effektivt fortelle meg at det aldri vil skje, ingen kan tenke seg å gå med på det her og at drømmen er det mest idiotiske eg har hosta opp på mange år. I sin tur fører det her til, eit par pils seinare, at verda og alt som skjer på Rockefeller ein kjølig novemberdag sklir ut av systemet mitt og med eitt skjønnar eg ingenting, bortsett fra det einaste eg føler at eg vil. Eg blir redd, og flyktar tilbake med siste avgang frå Jernbanetorget på sjøsida og linje 81A kl. 00.34. Kanskje hadde Uffert-dama belegg for lommetørkleet sitt likevel tenker eg, og tviheld på fatningen.

tirsdag 24. november 2009

Galskap i ulike former...

Livet mitt har mange ulike måtar å formulere ordet galskap på. Eg har vel strengt tatt vore innom dei fleste ulike stadiane dei siste vekene trur eg, alt fra det som er å betrakte som skikkelig skumle saker til det som skjer ein tirsdagskveld i Os. Det regnar ute, og eg og Veronica ligg/sitt i kvar vår ende av sofaen med potetgull, dip, cola (til meg), pepsi max (til Veronica) og kvar vår mac og er Facebook-horer som kommuniserar der i staden for å snakke til kvarandre. Det er faktisk ganske ille, og må da vere skremmande sjarmerande.

Og så har eg lovd å kaste råtne epler på huset til Terje. Skal tvinge han til å ta ein bit av alle saman først, og det er å betrakte som ein ekstra bonus.

mandag 26. oktober 2009

Rutinekontroll

Sjølvsagt blei eg plukka ut til rutinekontroll. Meg, min skumle holdning og dei livsfarlige converseskoa på Stavanger Lufthavn Sola. Det er mandag kveld og eg skal ut og fly. Det er tydeleg at det ikkje er mange med vett i behold som flyr Stavanger-Oslo med SAS klokka halv ni ein mandagskveld, og dei som gjer det ser latterleg erfarne ut. Andelen penare bukser og PC-baggar er alarmerande høg, og det er stille. Ekstremt stille. Så stille at ein blir mistenksom, så mange folk kan umogleg vere så stille. I skranken står ein siddis med bart, og aldri har eg sett ein mann med bart sjå så tomt ut i lufta framfor seg. Han er nesten ein Kurt, tenker eg. Kurt med barten på Sola ein tilfeldig mandagskveld i oktober.

Det er fortsatt stille. Så stille at Kurt med barten ikkje treng å sei noko når det er klart for ombordstigning - alle høyrer det på den lille callinghøgtalaren når flyvertinna annonserar internt at dei er klare til å ta i mot folk no. Den usedvanleg lydlause gjengen med flypassasjerar berre glir opp frå stolane sine og sig mot utgangen. Ja, det er kanskje ikkje så rart vi er slitne. Vi har jo vore ei stund i Rogaland alle saman. Forutan den overstadig utadvendte vektaren i sikkerhetskontrollen, han som spurte samtlige reisande om dei hadde laptop, drikke, håndkremar eller andre flytande greier i bagasjen sin, er vi slitne alle saman. Men Kurt med barten hadde stålkontroll.
-
Det er eit og anna veldig vakkert med mørket. Eg veit ikkje heilt kva, men eg likar det. Å reise i mørket er ganske trivelig. Det er som å flykte gjennom natta, gjennom den mørkaste delen av døgnet, og ingen ser det. Eg syns det er vakkert. Under meg svinn lyset av Rogaland, gatelysa blafrar og blir mindre, færre og forsvinn til slutt heilt.

Lyset med setebeltet blir slukka, og eg lurer på kva som er poenget med flombelysning i kabinen på kveldsflygingar. Eg trivdes jo så godt i mørket utanfor flyet, eg drømmer meg vekk der. Nesten som om verda er mykje vakrare med berre nokre få lysglimt her og der. Passasjeren på sete 6F på SK4048 til Oslo Lufthavn Gardermoen tar seg ein svart kopp kaffe og svevar ut i mørket igjen.

tirsdag 21. juli 2009

Enda eit eventyr er over..

Sommar er festivaltid, så i midten av juli kvart år sidan 2005 har eg pakka med meg ting og saker og forflytta meg til Vestfolds vakre trakter for å tusle rundt på Slottsfjellet nokre dagar og nyte musikk. Sidan 2007 har det vore som frivillig på scenejobbing og flytting av utallige flightkassar. År tre endte opp med jobb på hovedscena, som, når siste band går på om kvelden, er skue for ein plass rundt 10 000 personar. Naturlig nok blir både dagane lengre og flightane fleire av å jobbe på hovedscena, men eventyret blir større og det er det verdt, på tross av at det er kjipt å gå ut på scena framfor 9000 menneske når Turboneger gikk av scena tre minutt før, begynne å rigge ned og fortelle alle at jepp, no er det over. Og, som vanlig er det stygt kontrastfylt å gå fra fire dagar uten eit einaste sekund i fred og fordragelighet til ei veke aleine heime, men det går sin gang. Slottsfjell 2009 var uansett ei helg i lykkerus, glede og uutømmelig energi, og da kan 37 timar jobb på tre døgn godtakast det og.

Det skal forøvrig rettast ein stor takk til hyggelige svenske band med crew;
"Nu har vi det aldeles fantastiskt, folkens!" - Håkan Hellström-crew når vi lastar tunge ting inn i bil.
"Min tyska är underbar!" - crewmann lurer på om vi egentlig forstår svensk eller om vi like gjerne skal ta bilpakkingen på tysk.
"Nu måste vi backa lite!!" - crewmann.
"Vi är världens lyckligaste ulyckliga band, och bara världens lyckligaste ulyckliga band kan spela en låt som heter den bästa dåliga låten!" - Bob Hund.

mandag 6. juli 2009

Ferie...

Så til dei grader. Kaos av pakking, siste-liten-prioriteringar og plassmangel samt husvask. Huske alt? Neppe. Skyfri himmel der døden ventar mellom skyggane. Tog og tog gir lange oppoverbakkar, men høgtlesing for lillesøster gjer det verdt det. I'll be here. Reiseferien når nye høgder. Frozen drinks på båt med Oslo rådhus som sjalu tilskodar fastlåst på land. Liten kunnskap om at vi var på rock-cruise og kunne bruke kvelden til alt anna enn triste danseband. Den vakre natta i skagerrak stoppa av at hovudet ikkje samarbeida lenger, men det går bra å vakne til innsegling i Køben. Byen som på si side er varm, sveitt og prega av liberalisme, billig øl, parkliv, tur til Christiania, Strøget og 88 000 hender i været i Parken på Depeche Mode. Come back. Feriedag fem gir uttelling fra Starbucks på Kastrup og bobletankar tilbake til det svevande livet i april. Savnet av å tråkke europeiske byar rundt i jakta på morgonkaffen er eit fint minne. Put yourself in my place and feel what I feel. Forfriskande å lande i Bergen og oppleve ein bitteliten bris, forvirrande meldingar og utsikt fra Fløyen. Frivillig besøk av plassen der satan sjølv regjerar, uheldigvis godt plassert i ordførarstolen, går likevel bra på besøk i galskapens heim med bergtur dagen derpå. Himmel, brannmanetar og store bølger.

Milslukerklubben blir aldri ferdig. Solslyng, varme og aircondition. Velkommen om bord i toget til Oslo S. Vogn i midterste turisthelvete, og vi som trudde vi var kvitt danskane. Tigerstad bada i ekstremvær, søskenkjærlighet og roadtrip til ein by ingen av oss har vore i før. Ein god påminnelse om kva som gjer det heile verdt det og kvifor eg giddar for 38.gang. Kaizers Market i solnedgangen. Kontroll på Kongsberg. Depeche på bilstereoen gjennom Buskerud og eventyret er over. Vaknar til livet av taktfaste dråpar og lyden av ramlande vannplaning. Etter ei veke i bag, på tog, buss, fly og i bil er det greit å ta fatt på heimturen. Det regnar i det eg passerer værskillet på fjellet og timeouten er over.

onsdag 20. mai 2009

Sosiale dilemma...

på tur. Fastlåst. R'n'b av den kjipe typen tråkkar seg inn i øyrene mine, og migrenen som ligg og lurer i bakhovudet for sjuande dagen på rad dunkar seg lett fram i panna og inn over tinningen, taktfast til musikken. Alt eg egentlig vil er å forsvinne inn i min eigen lille verden av min musikk, drøyme meg vekk og sjå landskapet som susar forbi utanfor. It's all so fictional to me, og det er sånn eg likar å ha det. Men det kan eg jo ikkje. Det er jo ikkje greit, sånn egentlig.

Det er så fint å forsvinne uten å egentlig vere vekke. Berre bytte verden litt, for i den andre verdenen betyr det nemlig ingenting.

søndag 12. april 2009

Sinners International tour - dag 5, 6 og 7!

Internett er eit fiffig språk, og av og til rimelig utilgjengelig. Det gjeld særleg påskefjellet, og tett program i Paris hjalp ikkje på oppdateringen...

Dag 5 - Wien-Paris:
Lang dag i Wien med flyavgang utpå kvelden. Meir sightseeing, drog nytte av tipset til Kim og tok turen til Belvedere. Koselig med utsikt over byen, ein del spennande kunst på innsida, men ikkje full klaff. Stor stas med parlamentet i Wien som hadde hus på seg, og rådhuset som burde gi ein og annan kommuneansatt respekt for jobben sin. Trikketur til Belvedere tok oss forbi operaen og, sånn i farten. Under lunsjen begynte vi plutselig å stusse på flyavgangen, og måtte wappe til webmailen for å finne ut. Ingen grunn til å stresse likevel, særlig ikkje med hyggelige folk som stoppar oss på gata og lurer på om det er noko som helst dei kan hjelpe oss med. Flybuss tok litt lenger tid enn planlagt, men fortsatt på plass i god tid. Stor underholdning i at Wien har ein eigen terminal som rett og slett berre husar innsjekkingsskrankar. Dit havna vi, såklart. Flytur i airbus med halvfullt fly, Mr. Bean og nok ein episode Donald på flatskjerm. Stort pluss for god sandwitch på lavprisfly. Ankomst Paris og eit land der vi ikkje forstår språket. Spørsmål med om billettar til tog, metro og RER-banene er mykje av det samme, men alt ordner seg for snille gutter (og jenter) på tur! Shabby strøk i området rundt Gare Du Nord, og middagen på den "anbefalte" restauranten var noget så som så. (For å sitere "Et Kongerike for en lama": "Er det noe her som ikke svømmer i brun saus?!"). Søvn lenge etterlengta og ein stor suksess.

Dag 6 - Paris!
Første overnattingsplass på turen med inkludert frokost. Den var ikkje stor, men det var baguettar, syltetøy og kaffe, og det gjer ein stakkars kaffenerd nøgd. Slagplanar måtte leggast for korleis får med seg mest mulig på minst mulig tid. Sightseeing blei av den effektive typen med dagsbillett på metroen og fotoapparat evig tilgjengelig, og det var like greit. Det begynte nemlig å bli bra med "store, fantastiske bygningar med lange historiar", for når du har sett 25 sånne på 4 dagar, så klarar det seg. Dagsplanen i Paris var fra ca kl. 11-18, og inneholdt følgande reiserute: Notre Dame, Eiffeltårnet, Triumfbuen, Champs Elysees og lunsj, hotellet (konsertoppstæsjing), Sacre Ceur, Mont Martre og Moulin Rouge. Vi avslutta med internasjonalt preparty for tilreisande fra Frankrike, Norge, Tyskland og Belgia. God stemning tross dyr øl. La Locomotive vegg i vegg med Moulin Rouge. Eit av dei beste lokala på turen med mykje kjekt lys og ellers stor stemning. Vi stod til og med i kø i ein halvtime med vilje (i motsetning til Wien der vi faktisk dukka opp ein halvtime før vi slapp inn), og det var kanskje greit når køen var full i Apoptygma Berzerk-fans. Norsk aften i Frankrikes hovudstad. Oppvarming blei nesten til hovedband, og spelte lengre enn dei fleste i front satte pris på. ZMR kjapt på, tydelig at folk hadde det travelt. Killer. Tilreisande venner og Zeromaniacs skulle sørge for å gjere dette uforgløymeleg, og har vel sjelden vore meir utslitte etter konsert. Det var nok og gjeldande for enkelte av dei på scena, da nokon blei observert på alle fire hikstande etter pusten ca halvvegs. Alltid litt krefter til meir. Etterpå var det storstilt mangel på bærehjelp til å få utstyr ut i buss, og hadde undertegna vore heilt edru (og ikkje berre følt seg edru), så hadde det aldri vore problem å vere med. Kjenner konseptet med å bære ut backline gjennom småfulle konsertgjengarar litt for godt, og det er hardt. Manglar man da bærehjelp er det enda verre. Udugelig. Avsluttande takk for turen mot slutten av showet til Apop. Aldri gøy, men klaps på ryggen og bjørneklem hjelper. Tusen takk. Lugubre strøk ga eit følge på 8 personar trøbbel, og når vi gikk kvar til oss og stod igjen som oss 3, blei det taxi til hotellet, der vi fann ut at automaten i resepsjonen tydeligvis ikkje likar pengane til svoltne nordmenn på tur.

Dag 7 - Paris - Oslo
Litt drøyt tidlig morgon, men dusjen var gull verdt sjølv om den var liten. Forkjølelsen som hadde brygga seg opp eit par dagar tok knekken på den gode nattesøvnen, men den var såpass kort at det var til å leve med. Ting på skinner, som alltid. Tog til Charles de Gaulle og vi var på plass ein halvtime før vi hadde planlagt (og enda var planen i god tid!). Hyggelig fransk Air France-vert fiksar heile innsjekken for oss, og det gir tid til shopping, men skuffande utvalg og høge prisar held oss litt på avstand likevel. Størrelsen på CDG gir kilometervis i buss til flyet (i form av gåing gjennom vanlig gate -> buss til ny gate -> inn i gaten -> inn på flyet). Laks, sylteagurk og oversteikt minibaguette som flymat, samt eit eller anna av pære vi aldri fann ut kva var. Vi kunne begrense oss. Gjennomlytting av ny Depeche-plate. Treng tid. Lei av sightseeing, etter ei veke blei det veldig "oh, another big building!". Savnar allerede dei nydelige folka fra heile Europa. Og det før landing i Norge. Mjuk landing, og virkeligheten kjem snikande.

TAKK FOR TUREN:
- Kaja og Niels for reisefølge.
- Kim for gjesteliste
- Dan og Petter for den jævla fotballkampen på Darkflower. Pass opp for revansj!
- Sabrina som plutselig berre var der.
- Sandra for merch-service og godt selskap.
- Team1 for afterpartymoroa i Leipzig.
- Lorry for tidenes dans i Leipzig og omtenksomhet i Paris. Takk.
- Darkflower i Leipzig. Åpent til folk ikkje giddar å kjøpe meir. Herlig musikk.
- Heile Essence Of Mind for fyll og fanteri.
- Den østerrikske taxisjåføren som nesten fekk bot for å få oss til kebabsjappa på hjørnet.
- Petter for nerdetid. Tvingande nødvendig.
- Lagerhof i Leipzig for den erketyske følelsen.
- Szene i Wien for den fine bakgården.
- La Loco i Paris for det tøffaste lokalet på turen. Stort minus for dårlig bandservice.
- Dan, Noralf og Alex for kjekt selskap.

tirsdag 7. april 2009

Sinners International tour - dag 3 og 4.

Dag 3 er prega av ein viss sløvhet etter litt lite søvn og litt for mange øl på afterparty for 2/3 av reisefølget. Trøsten låg likevel godt planta i at nokon køyrte buss i verre tilstand, og vi tok tog og fly. Tog kan riktignok bli forsinka, og da er konseptet latterlig god tid eit godt argument. Likevel, ein halvtime forsinkelse blei til 7 minuttar på knappe to timar, og tysk effektivitet har vi fått demonstrert mange ganger på turen etterkvart. Ankomst Berlin (TXL) var faktisk to timar før flyavgang! Flytur prega av gode seter og ein av verdens beste Donald, Mikke og Langbein-filmar, før vi landa med brask og bram i Wien. Litt rot med transport nok ein gang, men hyggelige folk i Østerrike hjelp alltid på. Oppgradering fra hostell til hotell for 150 kr pr pers for to netter var ein fryktelig god ide, sjølv om TV-en levde sitt eige liv. Middag på vietnamesisk restaurant ein utfordring for folk som ikkje veit korleis ein best skal angripe maten.

Turistdagen i Wien var like avslappa som resten av turen har vore. Vi tusla, såg og tok bilder og koste oss. Stephansdom og Mariahilferkirche gjorde bra inntrykk. U-bahn ein genial sak når man bur 150 meter fra Westbahnhof, og fint når bana går direkte til området for konserten. Eit litt meir oppgradert strøk enn "vanlig" i Wien, med masse små blokker og skular og slikt. Szene eit koselig lokale med vinnande billettsystem og gjestelista i orden. Tydelig nedskjært i størrelse, og såg lenge ut til å kunne bli ein katastrofe. EOM gikk på for 15 stk, og det var ikkje mange fleire på Scream Silence. Når ZMR var på kl. 22 var det knapt halvfullt. Vi hadde spart på kreftene sidan før Leipzig-konserten og hadde mykje å ta att, og dette var absolutt kvelden å gjere det på. Folk i Wien er litt treige i reaksjonen, men til slutt gikk alt i taket. Herlig. Rolige samtalar i bakgården i etterkant og shopping fra merchbod med riktig personell. Forsøk på å finne nattbuss gikk i vasken på grunnlag av litt dårlig research, men vi praia ein taxi i staden for, noko som viste seg å vere ein fantastisk ide. Tidenes herligste taxisjåfør køyrte oss til Westbahnhof, men når Niels ville ha kebab blei vi visst køyrt gratis til nærmaste kebabsjappe, noko politiet ikkje var heilt tilfreds med, og vi fekk aldri heilt med oss kvifor, men den altfor hyggelige mannen var nok stygt nær å måtte betale ut nokre euro til politiet, så når kebaben var i næreten, var vi ganske takknemlige og litt letta.

Lang dag i dag, sein flyavgang til Paris. Byen med mest å sjå har minst tid. Vi ser litt til i Wien, og reiser vidare. Eventyret skulle aldri tatt slutt, men det nærmar seg stygt...

søndag 5. april 2009

Sinners International tour - dag 2!

Og Leipzig har vore ein killer. Starbucks redda morgonkaffen til meg, Kaja og Lorry, shopping, tur i Leipziger Zoo. Vi møtte folk på hostellet som skulle på konsert, og sidan dei ikkje hadde anelse om kvar dei skulle, slo vi følge. Det skulle vise seg å bli ein fin (og lang) kveld. Tysk publikum blåste meg til ein annan verden - utrulig at så få mennesker kan lage så mykje lyd. Søtt lokale, naturligvis i eit skikkelig industrielt område med tog rundt, som alle andre plassar som vi har sett ZMR på i Tyskland. Kaja sin 10. var det og. Ålreit å henge i lokalet ei stund etterpå og helse på norske og tyske venner. Long time no see. Sabrina dukka plutselig opp, som eg verken har sett eller hatt kontakt med sidan forrige tur, da ho fungerte som allvitande hjerne. Becks lemon øl, smakte godt, men ein vits av ein alkoholprosent. Afterparty på alternativ klubb i sentrum med høg alkoholprosent, fotballspel (vi tapte så det sang), god musikk og gode venner. Både den eine og den andre blei lokka ut på dansegolvet etterkvart som einingane blei fleire. Kvelden tok slutt fryktelig seint...

Takk for følget, Leipzig. I dag er det ikkje sol og blå himmel, så da giddar vi ikkje vere her lenger. Vi stikk til Wien!

fredag 3. april 2009

Sinners International tour - dag 1!

Og vi er i gang. Første dag er prega av småforsinkelsar, lite søvn, bekjente på Gardermoen, påskekaos, rot på Berlin Schönefeld, tog/bane-problematikk og mykje tull, men vi har klart oss i mål likevel. No sitt vi i Leipzig og drikk grisebillig øl, halvliteren på hostellet kostar 2 euro, og vi trives veldig godt. Det er sol, 20 grader og fantastisk herlig, utepilsen er i havn for lenge sidan saman med middagen. Vi har sjekka ut Leipzig sentrum, og i morgon skal vi enten i park eller i zoo'en her. Og finne ut kvar vi skal "møte opp" og når for konserten.

More to come!

tirsdag 1. juli 2008

Reiser, jobb og late dagar.

Tida flyr. Lenge sidan bloggen er oppdatert, på tross av at sitatbloggen såvidt er oppdatert oppi alt.

Eg reiser. Mykje. Kosar meg, lengtar tilbake og lengtar fram. Nyter dei augeblikka som er pakka med rein glede. Har vondt av å ha gått glipp av Seigmen i Operaen med tidenes nydeligaste versjon av Nephilia....som åpningsnummer! MEN; Italia har vore veldig bra. Årets sjøbadeliste føles veldig bra (Bjørnafjorden, Sognefjorden, Middelhavet), eg har hatt late dagar i sola blotta for internett, migrene fra helvete (oppkast og mangel på drikkelig væske, men Anette redda til slutt med fryseelement og håndkle...), lest 2 bøker, bada, ete pasta og pizza om kvarandre, svømt i Middelhavet, vore på båttur langs Italiakysten, svømt i grotter og lurt alle i Kokkelimonke. Alkoholen var litt vel billig, forøvrig. Bildene, dei fins på Facebook. Tida da eg gadd å legge dei ut her er nok forbi, på tross av at bloggen lev i beste velgåande (kanskje utan så mange lesarar?). 

No er det snart dags for årstreff for Mjøsheim A 05/06. Gledar meg, reiser avgårde med bil til Trøndelag på fredag sannsynligvis. Back to good times. 



Precios one, what have you done?

fredag 21. mars 2008

Gummihøner og anna fjas

Les litt M.
Det er påske. Eg har påske i god påsketradisjon i selskap med veldig mange av mine landskvinner og -menn, med unntak av at eg faktisk har rørt skia mine FØR påska kom. Til og med opptil fleire ganger. I tillegg har eg reist ein svingom innom sivilisasjonen for å dusje.

Det at halve Norge ikkje har rørt skia sine før påska er ikkje så ille i år som det var i fjor. I fjor var det møkkaføre for ein stakkar med ski, sidan ein tross alt jamnt og trutt finn det verste skiføret den veka alle bestemmer seg for å spenne skia på beina for første gang på eitt år med halve jotunheimen som mål for turen. Gjerne ein topp kvar dag, liksom. I år er det nemleg tidleg påske og tilhøyrande bedre skiføre. Det er stas. Så, no har eg vel meir eller mindre lirt av meg min aldeles manglande forståelse for at nordmenn absolutt skal gå på ski i påska nok eingang. Meinar å huske eg gjorde det i fjor og.

I alle fall, min påske hittil har vore veldig ålreit.
- Ingen turar med Valdresekspressen!
- Migrene fra helvete på tog er ikkje kult, men hadde nok vore enda verre på buss. Fred, ro og stillhet når man kjem fram, derimot....!
- Herlige mennesker i Oslo.
- Amy.
- Revolver
- Møllers
- Gummihøner
- Vår på Oslo S
- Kaffe og smoothies
- Meir tog
- Meir gummihøner
- Hytteliv
- 2 mil på bortoverski (10 km mandag og onsdag)
- Ca 17-18 km på nedoverski (tirsdag)
- Gummihøner
- Endelause rekker kabalar
- Nestendød av både mobiltelefon og iPod, og telefonen stoler eg ikkje heilt på enda.
- Teit, full fyr med skiutstyr og rosa boblejakke som tryna i vegen i Hemsedal = LOLE.
- Ishus i Årdal
- Glede over dusj
- Tur til Veitastrond. Ein plass uten mobildekning og med det største snøraset du kan forestille deg (10-12 m høge brøytekantar, og det har visstnok blitt litt mindre i det siste... Det er uansett ein vegg av snø!).
- Gulrotkake
- Gummihøner
- Småsøsken

Så, det var vel det hittil. Eg flyktar fra virkeligheten til fjells igjen i morgon. Satsar på ei mil til på ski før eg gir meg, gitt at været blir ålreit. Eg gikk mila på 1 t og 12 min på onsdag. Bør klare litt bedre enn det. Sitat. Meir gummihøner.

søndag 9. mars 2008

Diverse qvåotz, bursdagsfeiring og fæst.

For ei tid! Herlige verden full i reiser. Det har skjedd mykje. Masse. Meir. Mykje vil ha enda meir. Alltid.

Det har vore eit knippe dagar prega av mykje gøy. Eg har hatt bursdag. Feira nok ein tur inn i alderskriseland, sidan eg som vanlig føler meg gammal for kvar gang eg faktisk har bursdag. Det skjer jo at eg gløymer kor gammal eg faktisk er, og eg er begynt å sjå på 18-åringar som kjempesmå. Skummelt! Men - bursdagsfeiring blei det. Den begynte med at Vestlandet svarte på 20 cm snø med vind og varmegrader som seg hør og bør, og kolonnekøyring over Filefjell for meg som skulle til Hamar. Det eg frykta skulle bli ein kjip, treig tur prega av ventetid og tvilsomme korrespondansar i bussverdenen blei ein tur fyllt med positive overraskelsar. I det eg ser kolonnekøen ved bommen på Filefjell, tenker eg "faen." Så køyrer bussen ut og forbi heile køen og parkerar først. Da tenker eg "yesyes, da kjem vi i alle fall med i første kolonna!" for så at det kjem ein fyr fra vegvesenet som rett og slett slepp oss over det kolonnekøyrte fjellet på eigenhånd. Litt nervøs var eg jo da, for det er ganske ille når fjellovergangar blir kolonnekøyrt, og spesielt med Filefjell som vanligvis er ganske rolig på tross av uvær ellers. Men det var stas, og endte med at eg kom meg til Hamar akkurat så tidlig som eg drømte om, men ikkje turte å håpe på.

På Hamar har alt gått slag i slag med koselig bursdagspresang i det å sjå Dagny og Tormod igjen, personalmøte på Hyd og påfølgande jam. Der fekk eg jo den mest overraskande bursdagspresangen nokon sinne... Først ringer Veronica og seier "gratulerar med dagen!", og mumlar eit eller anna og lovar å ringe opp igjen om ti minutt. Ti minutt seinare står Veronica på Hydranten og seier gratulerar med dagen ein gang til, og eg blir slått ut i ein verden av sjokk og glede på ein gang. Herlig! Ellers var den tidlige tiden av jammen prega av at eg og Tormod fresa rundt på keyboard, trommer og mikrofonar og sang/spelte til musikk vi har sansen for på scena. Vakkert. Kvelden blei krona av at eg bestemte at vi måtte kapitulere i 2-tida, sidan hovudet mitt i år, som i fjor, ikkje lenger ville vere med på at eg skulle feire bursdagen min.

Fredag besto av soving, åpning av julepresangen til meg og Veronica fra Dagny (takketaaakk, elskbart!!!), samt det faktum at eg stakk avgårde til Oslo, fekk meir pakke og gratulasjonar og var på Kaizers på Sentrum Scene. Det er ein av dei beste Kaizerskonsertane eg har sett nokon sinne. Lørdag var det bursdagsmiddag med stor andel familie, samt Tormod og Veronica. Vi fyllte på dagen med Bare Jazz, Kaizers på Sentrum Scene med jubileum for min 30.konsert (på dagen 5 år sidan min 3.konsert), og eg har holdt tradisjonen ved like ved å ha 10., 20. og 30.Kaizerskonsert i Oslo. Det var og ein veldig bra konsert, og nådde nok for min del eit klimaks gjennom Dieter Meyers Inst. og Mr. Kaizer, Hans Constanze & Meg. Etterpå svinga vi innom Politikern for å finne ein rolig plass vi kunne nyte alkohol på, åt nattmat på Burger King og reiste heim i rimelige tider.

Såh. I dag har vi sett High School Musical 2 (hipp hurra for ein fantastisk, elending og fantastisk film!) og blitt glade i servitørmannen på Peppes på Jernbanetorget - fantastisk service (nei, eg likar ikkje å skrive sørvis, faktisk).

Kort fortalt:
Vi har ein dysfunksjonell amerikanar - Konklusjon etter bursdagen på Big Horn.

Da ender eg alt med å sitere litt, lenge sidan no:

"Pølsemamma må koka ras." - Mamma bommar stygt på ord og uttrykk i middagslaginga.

"Eg fekk så ilt i hovudet av å snakka med Skatt Vest." - Mamma likar ikkje konseptet Skatt Vest.

"Skal du ikkje vere her på bursdagen din? Da får du ikkje bursdagspresang! Jaja, men det er jo fint for meg det, for da kan eg kjøpe meir øl...til meg sjølv!" - Mamma.

"Han stjal all ekmerksomheten!" - Kennet er litt usikker på korleis ein uttallar framandord.

"Jeg kjente deg jo nesten ikke igjen, for du var grønn forrige gang!" - Ingvild til Dagny.

"Religion for krill og mot hval!" - Veronica og Tormod er i startfasen av ein ny religion mens vi ventar på Kaizers.

"Samme hva det er så lenge det kan smøres på og slikkes av igjen etterpå." - Tormod

"Får du mye sånne dårlige vitser eller?" Tormod til servitøren på Peppes
"Nei, dette er blant de dårligste." Servitøren på Peppes etter vi serverte eit knippe fryktelig dårlige vitsar.

"No har dei levd lykkelig i alle sine dagar TO ganger!!!" - Matilde har sett Askepott 3.

"Så eg signerar på at du er ved dine fulle fem?" - Meg til pappa.
"Nei, det kan du da ikkje garantere for." - Pappa

"Pingu kan ikkje foregå på Sydpolen, kan det vel...? Nei, for der er det ikkje igloar! Hmm.... Nei, det kan ikkje vere på Grønland heller, for der er det grønt... Så det må vere Island" - Kort samandrag av eit søvnresonnement.

Jaja, Veronica. Mi tar det te fræddan'! ;) ...pops...?!

søndag 23. desember 2007

Hey you...

Er blitt ei tid sidan siste oppdatering her no. Det skjer mykje i verden. Sidan sist har eg overlevd alle mine 3 eksamenar, hatt juleferie sidan 12.desember kl. 14.05, irritert meg over manglande velvilje ved anleggsarbeid på Vestlandet som går ut over kollektivtrafikken, jobba litt, stressa litt, kjefta litt på Tormod, vore på Hamar (nissefest og Hydrantenjulebord, hurra! Veldig lite slår 2 ølstafettar og ein Magnus i definitvt beste fyllestil nokon sinne), vore i Oslo og kost meg med familien og Marilyn Mansonkonsert på tirsdag, vore på kaffedate med Anette og Kjetil (long time, no see => svært koselig!), brukt tid på å høyre på ny Kaizerssang (Enden Av November), brukt ganske mange timar langs norske vegar (Oslo-Årdal torsdag, Årdal-Gaupne-Årdal fredag), hatt det veldig koselig siste dagen på jobb i Gaupne og stadig vekk blitt i større og større pakkemodus (har fått 4 stk hittil, 2 fra jobben og ein fra Kaja og ein fra Hanne. Den eine ryktast å ha ein emoting i seg. Time will show (sagt på Flåklypamåten)). Pakkepakkepakkepakkepakkepakkepakke!!!

Og no har eg akkurat oppdaga at det snør ute! Herre, er det håp for at vi får litt snø i tillegg til rimfrosten vi har? :)

Og sånn avslutningsvis er det ikkje anna å gjere enn å meddele siste periodes sitat:

"Jeg beskylder deg for beruselse!" - QuizLars på nissefest.

"Jeg ser'kke no jul på deg!" - Tormod til Mohammed.

"Jenny, dette er lekk! Dette går ikke bra! Dette må du ordne!!!" - Magnus har eit lekk vinglass.

"Vi får ikke vaska bort det hølet helt ennå." - Magnus.

"Altså, Magnus er sjefen min, jeg kan ikke kjefte mer på han." - Tolo når det blir hinta frampå tvilsomme sjefstendensar i Hydrantencrewet.

"Jaja... Jeg bare kjører elektriske dupeditter ned i bh-en min, jeg." - Tormod om Emma.

"Mannen er jo så jævla norsk at han burde hatt en fele!" - Tormod om Magnus.

"Vet du hva? Jeg har liggi med alle veninnene jeg har!" - hørt på Mono på tirsdag.

"ToroTineHindumat med ein dæsj GildeIdun." - Mamma om lørdagsmaten vår.

"Ein homofil gul knapp, du slapp." - Mamma.



Ser ut til at det var det for denne gang. God jul! :)