På Fagernes dukkar marerittet opp. Sutrekjerring av Gneldrehals kjem nemlig på bussen. Og er merkbart overlegen samtlige andre på bussen, som forøvrig begynnar å bli full. Det er som om stesøstrene til Askepott har tatt plass i kvinnfolket, som drar ein "Sjåføøøør?? Det skal vel være sitteplasser til alle?!?!" Eg venta meg i grunn berre hylekoret som mangla - "jammen, vi må jo sitte sammen!", men sjåføren er av typen solid sogning, og sogningar flest er sjelden redd for å bruke kjeften, så fru Sutrekjerring av Gneldrehals blir vist bestemt og nådelaust til fire-fem ulike ledige plassar, og sutreforsøket på den saken kjem ingen veg.
Eg tar meg sjølv i å bli oppgitt. Over at folk giddar å oppføre seg sånn, og at sånne folk gjerne har glimrande jobbar. Mann, hus, bil, 1,9 ungar og bikkje. Tar bussen fordi det gir gode vibber og viser kor miljø- og samfunnsvennleg ein er. Eg lurer i blant på om det er sånn ein må bli for å lykkast i verden. I så fall har eg funne ut at det er like greit å drite i å bli vellykka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar