lørdag 5. juni 2010

Rare dagar...

Det er merkelige dagar. Eg veit rett og slett ikkje heilt kvar eg har verken meg sjølv eller alle andre om dagen. Ein del føler eg berre forsvinner i fra meg, og i blant føler eg det som eg ramlar mellom to stolar, og der er det langt ned. Som vanlig fordi eg tydeligvis aldri er der når ting skjer. Fordi eg ikkje alltid spør og er gravande i alt mulig. Men eg bryr meg jo virkelig, det virkar berre som om det er vanskelig å forstå for folk. Og eg blir av ein eller annan merkelig grunn lei meg når eg blir utelatt fra ting. Sjølv om eg er opptat med jobb eller noko anna. Eg trur eg har fått altfor mykje av det til at eg klarar å sjå på det som ein naturlig del av livet.

Eg er av typen som ikkje sender ein melding og lurer på kva som skjer om eg er usikker på om eg får svar. For eg blir så skuffa av at ingen svarar og er ein paranoid faen som trur at grunnen til at ingen svarar er at ingen vil ha noko med meg å gjere. Og eg er egentlig litt spørrande til om det nokon sinne vil snu, eller om det har gått for langt, den måten å sjå ting på. Det er jo slitsomt å stå på den andre sida og. Å prøve å få eit menneske til å forstå korleis du ser på ting når det er så låst i ein tankegang på den andre sida. Så eg klarar å sjå på det fra begge vinklar, eller det som eg har erfart som den andre vinkelen, men eg klarar ikkje gjere noko med det.

Livet balanserar på ei vanvittig tynn linje i blant. Himmel blir til helvete på fire sekundar, eit blikk og ein kommentar. Helvete blir til himmel av ein god klem og tre gode ord. Himmelen er alltid for god til å vare, helvete tar aldri slutt.

Ingen kommentarer: