Viser innlegg med etiketten musikktips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikktips. Vis alle innlegg

torsdag 18. november 2010

Musikktips igjen.

Det er muligens ei tid sidan sist. I dag har eg nok vore eit fornøyeleg syn på jobb trur eg. Har jakta lenge og vel på veldig, veldig trist og avslappande musikk, ikkje fordi eg treng det egentlig, men fordi det er så fantastisk beroligande og herlig å høyre på. Eg satt på jobb i da og drømte meg vekk, og om nokon prøvde å snakke til meg, så tok det gjerne fire-fem sekundar før eg reagerte.

Så eg deler dagens album med dei som kanskje måtte finne på å lese her. Spotify er din venn. Eg abonnerar på Spotify no, og syns det er vel verdt 99 kr måneden å sleppe reklamen. Åkkesom, du treng ikkje Spotfy Premium for å nyte det her, heldigvis.

Slapp av med Bellman - Mainly mute.

Og du giddar ikkje høyre alt sa du? Greit. Gir deg det beste av det beste under.
Så går eg og legg meg. Kan godt høyre på dette til eg sovnar.

søndag 24. oktober 2010

Musikktips igjen.

Lat søndag, men likevel energifylt. Inntrykka og gleden fra i går flyter vidare. Ein herlig kveld med eit nydelig band med eit fantastisk gjennomført uttrykk.

Uheldigvis er dagens tips berre å finne på WiMP. Om du aldri har prøvd WiMP før, så går det an å prøve 30 dagar gratis da. Give it a try, for dette albumet er så bra at det må høyrast.

22 - Power is so yesterday fra WiMP

fredag 10. september 2010

Dagens låt...

...Er eit blaff tilbake til gamle minner. Vi kom i prat på PeLbO i går. Bandet som spelte på Hydranten for eit og eit halvt år sidan på quiz & konsert. Når eg kom på det, kom eg samtidig på kor vanvittig bra det var. Trioen med ein latterlig dyktig tubaist som køyrte tjukt i effektar på tubaen. Eg huskar ikkje kor mange som var på konserten, men eg veit at eg var der. Trur eg skrudde lyd og, eg var i alle fall på jobb. Om det var stas? Jepp.

Så derfor er det PeLbO som står for dagens låtanbefaling. Den fins faktisk på Spotify.