Viser innlegg med etiketten rants. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rants. Vis alle innlegg

fredag 6. mai 2011

Dans, tanke, dans...

Det er ikkje så greit, egentleg. Men det er fint og. Det er mange tankar i meg. Som for eksempel at det å blogge samtidig som ein skal jobbe med oppgave ikkje er lurt, men det føles nødvendig. Da vinn bloggen når som helst. Det er lenge sidan sist. Eg føler egentlig for å skrive ting, men veit at eg egentleg ikkje har tid. Og det heile ender sjølvsagt med å stresse meg enda meir, pluss at stresset ikkje hjelper på det som skal gjerast. Summa sumarum gjer eg ingenting.

Uansett er det greit å dele erfaringar om dagen. Der ikkje alt nødvendigvis går bra til slutt, men blir litt bedre kanskje. Det skal ikkje meir til. Litt glede, litt latter og litt trivsel. Livet er skummelt, men greit. Eg har lyst å bidra med det eg kan. Eventuelt berre det eg trur eg kan. Det eksisterar ingen fasit.

Bortsett fra at eg blir redd. Det låter så kjent. Så kjent at det knyter seg i heile kroppen og gjer meg litt tilbakeståande, og unner ikkje min verste fiende akkurat det. Eg veit for mykje om kor jævlig det heile er til at nokon burde få kjenne på det.

mandag 21. februar 2011

Magien av musikk.

Eg er møkksint. Trur det har litt med dei små greiene i plastikk som ikkje går dit dei skal. Og dit dei vanligvis ville ha gått. Det gjer meg forbanna. Så skiftar eg sang, puttar begge proppane i øyrene, let att augene og kjenner magien krype inntil meg.

Eg drøymer meg vekk til ei anna verd som eg i blant er litt usikker på om eg er altfor glad i. Eg ser magien av musikken forme eit landskap inni hovudet mitt, nyter å drøyme meg vekk i harmoniar, akkordar og intervallar. Lar det bygge seg opp, dansar rundt inni hovudet mitt og lar meg rive med. Musikk på sitt viktigaste. Musikk på sitt beste. Musikk på sitt verste.

Så er det som vanlig litt dobbeltsidig. Nesten alt eg gjer har to sider, men det er ikkje alltid eg ser dei. Musikken har den effekten at den rører tungt i meg, uansett. Så den bringer fram gode ting og ro, men samtidig sinne og nitriste tankar. Eg blir sint, lei meg, glad, rørt, avslappa, stressa og alt på ein gang av musikken. Det er knallhardt, men tvingande nødvendig.

Akkurat no har eg egentlig mest lyst å sette meg ned og grine. Både fordi det eg høyrer på er herlig og fantastisk, og fordi det snart renner over av følelsar og tankar som eg aller helst burde vore foruten.

fredag 22. oktober 2010

Dagane som flyr...

La meg berre ha det sagt: Eg kjem sikkert til å bli med på spamgreia med 10 blogginnlegg snart, for eksempel i morgon. For eg kan ikkje uttrykke alt eg meinar og tenker om dagen eg heller. Når det kjem til stykket, nesten ikkje til nokon. Det blir lufta litt hit og dit for å få letta litt på trykket, men det hjelper berre nokre timar av gangen.

Eg er i ferd med å ramle av lasset igjen. Sannsynligvis er det ein konsekvens av at eg har valgt å jobbe mykje i høst. Det fins ingen tid lenger, føler eg. Og det slår over i bitterhet. Der eg sitt og slit og jobbar for å få min 160% stilling (+ frivillige verv og idrett) til å gå opp i timar og prioriteringar av alt eg føler er viktig. Familie, skule, venner og nok søvn. Og eg er bitter. Fordi andre kan glede seg stort over at det er sol ein onsdag når dei vaknar klokka ti, mens eg har vore på jobb i minst to timar alt. Ja, livet mitt treng pengane fra jobben. Virkelig. Det er digg å ha eit liv der eg slepp å spinke og spare på kvar krone fordi eg må ha råd til mat mellom 8. og 15. i kvar månad, men det kostar ein del som ikkje kan målast i pengar. Eg går glipp av så mykje, og når tida blir så knapp er det ingen som har tid til meg heller. Føles det. Eg kan ikkje lenger gå ut klokka elleve om kvelden og rangle til tre om natta. Det er ingen krefter til overs som kan gå til å prøve å beholde fatningen og vettet etter seks øl, og det er enda mindre krefter som er til disposisjon dagen derpå. Eg har fortsatt dobbel familie, der den nærmaste bur to timars reise unna. I blant hadde det vore fint å ha dei ein times busstur unna alle saman, sånn at det faktisk var mulig å rekke ein tur innom på ein ettermiddag. Sånn at dei små søte kunne komme og få middag hjå storesøster i blant. Sånn at storesøster kan komme og følge på trening, kamp og forestillingar i blant. Sånne banale småting som eg aldri kan få oppleve med alle mine på ein gang.

Og da blir det jo sånn det var før, da. At eg blir halvgal av å ikkje ha planar ein kveld, for eg forstår ikkje korleis eg skal forholde meg til det. Og eg blir lei meg av å ikkje høyre fra folk og bli involvert. Sjølv om eg veit at eg sannsynligvis ikkje har tid om eg blir spurt. Eg savnar og å gå på kafe og ete kake og snakke om alt og ingenting. Og meiningslaust ræl på mobilen sånn heilt utav det blå. Fordi det lyser opp dagen min.

Eg treng det jo fortsatt, eg prøver så godt eg kan, men veit at eg ikkje strekk heilt til.

søndag 29. august 2010

Lærer aldri...

Eg lærer aldri, eg. Trur ikkje eg vil heller. Fridag, innflyttingsfest og følelsen av at det heile vil gå skeis allerede i den første halvliteren. Sikker viten om at eg ikkje vil klare å feste heile kvelden, og trivselen står på tidsspørsmålet om når smerten overdøyver moroa. Trivelige folk og tanken som seier "helvete, eg prøver og ser kor lenge det funkar."

Alt som er av fornuft tilsa at eg skulle holde meg edru i går. Heilt edru. At eg kanskje burde vurdert eit par smertestillande i følget for å holde ut heile kvelden og faktisk ha det gøy. Men det ender alltid med at eg går heim når alle begynnar å bli fulle, for det er så kjipt å vere edru når alle andre er veldig fulle. Og så er det resten som sa at eg hadde jobba tirsdag, onsdag, dobbelt torsdag og fredag og fortjente å ha fri og kose meg med øl. Og håpet om at det av og til går greit å drikke alt vekk.

Virkar som om eg aldri lærer. Eller så prøver eg jamnt og trutt på nytt i håp om at ting endrar seg, og burde da virkelig snart forstå at det ikkje gjer det.

torsdag 25. februar 2010

I don't wanna be old...

I hope all my days
Will be lit by your face
I hope all the years
Will hold tight our promises

I don't wanna be old and sleep alone
An empty house is not a home
I don't wanna be old and feel afraid

I don't wanna be old and sleep alone
An empty house is not a home
I don't wanna be old and feel afraid

And if I need anything at all

I need a place
That's hidden in the deep
Where lonely angels sing you to your sleep
The modern world is broken

I need a place
Where I can make my bed
A lover's lap where I can lay my head
Cos now the room is spinning
The day's beginning

(Keane - Atlantic)

Det er litt sånn det føles om dagen. Eg har snart bursdag. Men det er ikkje noko særleg. Eg fyller tjuefire år. Ingen alder, seier alle som er eldre. Eg klarar ikkje ta det til meg og høyre etter. Inni hovudet mitt er eg nemlig gammal. Følelsane mine giddar ikkje høyre på fornuften og logikken, for eg føler meg ikkje kvalifisert til å fylle tjuefire og eg orkar ikkje å tenke tanken eingang.

Det burde gå an å saksøke følelsane sine for å vere for lite fleksible, syns eg.

søndag 21. februar 2010

Sinnasmurf...

Høgskolen i Hedmark avdeling for økonomi- og ledelsesfag, forkorta ØL. Festlig nok, i grunn, men gudbedre så frustrerande systemet er. La meg legge fram min eminente frustrasjon, som akkurat i augeblikket har gått så langt at eg berre må legge saken til sides enn så lenge, for eg er for sint til at eg klarar å formulere ein nokonlunde fornuftig epost.

Studiar er altså eit sant mareritt. Etter halvanna år på Music Management, som faglig sett er drømmestudiet for min del, er det lagt opp til to ting:
1) Du reiser utanlands og tar eit semester ein annan plass.
2) Du får deg ein praksisplass og jobbar.
Eg har valgt det tredje alternativet, som jo aldri blir så veldig poengtert, men er der likevel. Sannsynligvis fordi man må. Eg tar to fag, pluss har lagt meg opp resten av studiebelastningen i prosjektarbeid. Litt av grunnen til det er at eg ikkje ville utenlands no, men hadde vist interesse for å få ein praksisplass.

Problemet med praksisplass organisert gjennom skulen, er at dei ikkje alltid får plassar til alle. Greit nok. Det aller største problemet er faktisk at dei første praksisplassane kom ut i midten av desember. Med oppstart i januar. Dei siste kom i begynnelsen av januar, omtrent med oppstart dagen før dei kom ut til oss. Det er nok berre å beklage da, eg har faktisk litt lyst til å ha såpass forutsigbarhet på livet mitt at eg ikkje uten vidare verken vil eller kan pakke ned hybelen min og stikke til Oslo for å jobbe på tre dagars varsel. Så da droppa eg det.

Men mine ivrige frivilligjobbar er jo relevante for studiane, så eg såg muligheten til å knytte ein av dei opp mot studiane, så eg tenkte meg litt om og putta opp 10 stp prosjektarbeid i studieplanen. Det blei sendt ein mail til studieansvarlig med ein kort forklaring på kva eg gjer og med spørsmål om hjelp til å tilpasse dette. Med kopi til veiledaren eg har fått utdelt. Ting skal jo tross alt formulerast, det skal godkjennast og ellers ordnast i hytt og pine. Det tok to veker trur eg, så fekk eg svar fra studieansvarlig. Svaret låt som følger: "Hei, lag en disposisjon til hva du ønsker å behandle i din oppgave så skal jeg se på det. Den kan gjerne være knyttet til din praksis." Well, Sherlock...
1) Det var oppgitt ein del grunnleggande info om ting og tang i den første mailen.
2) Eg har faktisk ingen praksis.

Så allerede her begynnar ting å tyde på at det ikkje er ein kjeft som giddar å følge med. Det tar si tid, så svarar eg ein gang til og prøver å hinte til dette. Disposisjonen er faktisk blant dei tinga eg føler eg trenger hjelp til. To dagar etterpå kjem det ein melding på Fronter. Med ein drøss linkar til retningslinjer og slikt noko. Det er jo greit nok, men det ga meg jo ingenting nytt. Dei skjemagreiene det vart vist til hadde eg tross alt allerede oppdaga, sett på og tenkt på å fylle ut. MEN problemet er at det er såpass mange ting der som skal fyllast ut i samarbeid med veileder. Og resten har eg jo prøvd å gi beskjed om at eg vil ha hjelp til å formulere sånn at det kan bli bra. I samme Fronter-melding skriv studieansvarlig fra seg alt ansvar om greiene, og ber om at praktiske spørsmål rettast til nokre andre i systemet. Det er den mailen eg tenkte eg skulle skrive no. Det har eg gitt opp, for eg er for frustrert. Studieveiledaren eg har fått tildelt, har jo ikkje svart på noko som helst no. Han har ikkje imponert meg med å svare på mailane mine tidligare heller, på tross av at vi har avtalt at vi skal mailast for å avtale møter og liknande.

Eg går eit studie eg diggar. Det er kjempespennande, eg vil jo at det skal vere bra og eg brukar faktisk krefter på å sette meg inn i ein del av det her på eiga hånd, men akkurat på dette planet får eg ikkje gjort det bedre, for den informasjonen fins ikkje. Er det rart eg blir forbanna?

lørdag 22. august 2009

Flink...?

"Du er så flink...!"

Orda syng i hovudet mitt lenge. Hakket lengre enn eg sett pris på, og eg merkar eg blir frustrert og småsint. Av dei positive orda, av rosen. Eg innser at det er feil, eg skal jo ta det til meg. La skryt og positive ord gå inn på harddisken og autolagre der, men det begynnar å bli fullt i den delen der. Kapasiteten er begrensa, og eg er lei. Av å vere flink av å vere dyktig og det som verre er. Det føles berre ikkje heilt riktig lenger. For all del, det er bra å vere flink, men eg orkar det ikkje sånn lenger. Det er plagsomt å ikkje vite, ikkje forstå og føle at det kanskje ikkje er slik det burde vere.

Er det meg det er feil med? I så fall kunne eg godt tenkt meg at nokon fortalte det til meg. Kva er det eg ikkje kan og ikkje har forstått? Den store boka om sosiale lover og reglar har eg knapt fått åpne eingang, og når eg omsider fekk det var det mange år for seint. Det prøver eg vanligvis å vere relativt åpen om, sånn er det, men det er fortsatt ganske vanskelig og vondt. Da blir det sjelden bedre av at ting er som det er. Katrine Flink er Alltid Flink. Det å vere flink er ingenting å sikle etter. Eg har og lyst å vere ein del av noko spesielt, ha folk som tvingar meg til å bli med på kino, finne på meiningslause ting eller denslags. Eg og mitt lille verdensbilde har nesten ingen sånne. Ingen tar meg med på ting, ingen ringer meg når det er ting å snakke om og ingen forklarar meg kva som skjer eller kjeftar meg ned når eg oppfører meg som ein idiot. Nei, eg er Frøken Flink. Den som alltid gjer det du ber om uten å stille spørsmål og aldri klagar. Sånn føles det.

No treng Frøken Flink nokon som bryr seg, er litt glad i og filleristar meg litt når eg tenker feil. Eventuelt berre er der av og til. På ordentlig. Og overbeviser meg om det eg håpar på: At eg tar feil.

lørdag 16. mai 2009

Irriterande ting...

...man får med seg under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix:

- "Ojoj, han har skrevet låten sin selv! Han er en ORDENTLIG kunstner!!!"
- Deltakarar som "spelar" flygel og viftar med sin høgre arm mens pianospelet fortsett som før. Alle veit at dei ikkje spelar, men det får da vere grenser...
- Den franske artisten er diva og har berre holdt seg saman med sin lille, kvite puddel den siste veka.
- Fransk.
- Synnøve Svabø har veldig, veldig mange favorittar i finalen. Ca. 25, for å vere nøyaktig.
- Det er litt for mange som prøver å vere Christina Aguilera. Uten at det funkar.
- Trange skjorter nedknappa til brystkassa på menn er ikkje spesielt pent. Uansett.
- Synnøve Svabø er ikkje den skarpaste kniven i skuffen, for å sei det fint.
- Sløyfer større enn hovudet ditt passar ikkje på kjolen.
- Russarar er glade i pyro, men har vett til å ha det høgt nok under taket og uten scenetepper.
- "Eurovision Song Contest" er vel kanskje ein bitteliten overdrivelse...
- Frk. Svabø er fortsatt ikkje spesielt smart.
- Det fins utrulig mange stygge kjolar i verden.
- "...Og nå ser vi nesten det norske bordet... DER ER DET NORSKE BORDET! WUUHUUU!!!!"
- Det er ikkje verken tøft eller pent å spele trommesett med rød, tettsittande kjole. Sorry.
- United Kingdom = England ja. Det tek ikkje 3 sekund å finne det ut.
- "E det innvandrarar fra Norge i Tyskland og?" - Kennet når Norge får 12 poeng.
- Island er nabo med Finland i tilfelle nokon lurte.
- "Han er sikkert en suuperkjendis!!!"
- "Sniff sniff, snuff snuff!"
- "Kanskje ho er klipt ut for å passe i det bildet der..." - Mamma
- Synnøve Svabø overgikk seg sjølv under stemmingen. Eg trudde ikkje det var mulig.

...Men det er jo litt gøy å vinne. Og MGP er jo eingang det du egentlig hatar, men som du likevel må sjå på... Sånn er det visst her og.

mandag 20. april 2009

?

I'm hanging on your words
Living on your breath
Feeling with your skin
Will I always be here?

mandag 2. februar 2009

Tida flyr fra meg allereie... Og vi har akkurat ramla inn i februar. Bra jobba! Ei veke her og ei veke der, det blir plutselig eksamen av sånt... Og dei siste vekene har ikkje akkurat innbydd til plutselige eksamenar, for å sei det sånn.

Det er ein hårfin balansegang, å prøve å finne kombinasjonen der alt går opp. Eg trur eg gir opp snart, for eg mistar trua på at den eksisterar. Det fins ikkje år, månader, dagar, timar, minutt og sekund nok i verda til at eg får god nok tid til alt og alle. I mellomtida må eg berre gjere det beste utav det og leve resten av tida med saknet av dei som manglar. For det manglar alltid nokon. Verda min blir aldri perfekt, den illusjonen eksisterar berre i draumane mine.

Inntil vidare fins alle i alle fall. Ein blir jo stadig minna på at det er viktig å ta vare på det ein har. Særleg når ein ikkje har fungerande hjertefunksjonar i familien. For mine besteforeldre og deira søsken som fortsatt er i live, er det berre bestefar igjen (av 8-9 stk eller noko) som enno har sluppe å overleve hjerteinfarkt, få hjertesvikt, operere inn pacemaker eller blokke ut trange blodårer inn til hjertet. Siste utgaven kom fredag. Den som har alt, har alt å miste, så det gjeld å klamre seg til det ein har så lenge ein har det.

...And all I wanted to, was to stay with you...

onsdag 15. oktober 2008

NRK Sogn og Fjordane melder i dag at klubbane i fylket ikkje prioriterar damefotballen. Sidan det ikkje er så utrulig mange som leser bloggen min, så kan eg frese av meg littegranne her. Veldig viktig å presisere at eg ikkje aktar å kjefte på enkeltpersonar, men meir på den måten enkelte jobbar har blitt utført på.

Dei som eventuelt ikkje kjenner den fotballkarrieren eg har hatt etterkvart, så kan den jo finfint komme fram no... Eg begynte i Årdalstangen IL som 6-åring på fotball, og holdt det gåande til eg fyllte 18. Tok pause i to år, og så tok eg opp igjen fotballen i Storhamar Fotball hausten 2006. Etter eitt år i Hamar er det jo kjent at eg flytta heim til Årdal i fjor vår, og gikk då over på Årdal FK sitt damelag, som no forvaltar alle seniorlag i Årdal. Fornuftig tanke i utgangspunktet, sidan Årdal jo er ein kommune og verken treng eller har spelarar nok til å stille to seniorlag.

Når sesongen i fjor haust var over og det nærma seg ny oppstart for sesongen i 2008, så stod plutseleg (?) damelaget til Årdal utan trenar. Greitt nok. Eg blei oppringt med spørsmål om eg kunne ta litt ansvar for å halde treningar på vårparten, og sa forsåvidt at det var greit i ein overgangsperiode. 

Det som da viser seg etterkvart, er at det ikkje er påmeldt noko lag i dameserien fra Årdal. Eg får spørsmål om dette, men veit ingenting, sidan eg tross alt ikkje har høyrt noko frå leiinga i klubben etter den telefonsamtalen i ørska på morgonkvisten om å ta litt ansvar ei tid. Enkelte av spelarane på laget tek ansvar og sjekkar ting, og vi får konkludert med at ein skal prøve å få til ein serie med 7-arfotball innad i kretsen. Tida går, og verken eg eller nokre andre høyrer noko som helst. Vi har treningar med jamne mellomrom, utan noko å trene mot som igjen fører til forferdeleg dårleg treningsoppmøte. Forståeleg nok, sidan det å trene mot ingenting er motivasjonsdrepande. 

Tida gjekk utover våren i år, og eg høyrer ingen verdens ting frå klubben. Det går til og med så langt som at eg nesten føler meg oversett av enkelte i leiinga, då vi har treningar samstundes som Årdal FK 2 har kampar samme stad. Leiinga er til stades, men ser ikkje ut til å bry seg eit sekund om oss verken før, under eller etter kampen. Her meinar eg det ligg ein vesentleg forskjell fra herrefotballen. Det bygger seg opp ein enorm frustrasjon blant spelarane, vi blir forbanna for at det ikkje skjer noko, eg følte meg ikkje kompetent til å trene laget på akseptabelt vis, i tillegg til at det å vere trenar og spelar samstundes fungerte frykteleg dårleg og var vanskeleg å kombinere. Når eg da til slutt bestemte at eg skulle flytte til Hamar igjen i haust, sende eg mail til klubbleiar. Eg har til dags dato enno ikkje fått svar på den eposten, og måtte til slutt kontakte vedkommande personleg i ein litt ugunstig situasjon for å høyre om vedkommande hadde fått den i det heile... 

Så da er det jo motiverande å få folk til å drive med jentefotball i Årdal. Eg har enno ikkje fått eit takk for innsatsen eg prøvde å legge ned på tross av frustrasjonen i heile vår. Til gjengjeld har eg trent jenter 98/99 i samme perioden for ÅTIL, med finfin tilbakemelding. Det skal vere meg ei glede å vere engasjert i det jentelaget til neste år og komme heim på turneringar. Årdal FK holdt på si side på å drepe fotballgleda mi. For 2.gang. 

Som eit sluttpoeng her, skal det nemnast at klubben gikk ut i media i vår og uttalte seg om kor viktig det er å ha eit damelag i fotball i bygda og at vi trengde fleire spelarar........ 

mandag 1. september 2008

Travelt.

Livet mitt er travelt for tida. Mulig eg har sagt ja til litt for mykje, men det er vel gjerne sånn i oppstarten... I kveld (søndag) er første kveld eg er heile kvelden for meg sjølv sidan sånn.... 17.august trur eg. Ein heil dag heime på hybelen for meg sjølv trur eg ikkje eg har hatt enda. I følge den magiske boka ser det ikkje ut til at den kjem før i slutten av september heller. Men eg reiser mykje og syns det er fint. Å sette seg på toget med kursen for eit eller anna gøy totalt frigjort fra kvardagen er herlig, og turane i seg sjølv gjer at eg syns det er ok å vere her på kvardagane. Dessuten er reisene herlige augeblikk til å koble av, gjere noko anna, lese bøker og gjere alle dei tinga eg aldri tek meg tid til ellers i kvardagen.

For det er ikkje til å snike vekk i nokon retning at alt i bunn og grunn burde vere veldig bra. Likevel så er det eit eller anna som stikker under. Noko som gjer at eg blir sliten, noko som gjer at eg ikkje orkar. Litt menneskesky er eg og for tida. Eg prøver å sette ord på det, men dei orda er vanskelige å finne. Kanskje er det fordi eg er så ivrig på så mange ting? Det er så mykje eg vil, mange eg bryr meg om, det er så mykje eg drømmer om, og det aller meste er praktisk talt umogleg å få realisert. Det var kjipt å finne ut at Matilde begynte på skulen samme dag som meg, da fekk eg ikkje mulighet til å bli med. At Kennet ikkje spelar fotballkampar på dagar eg er heime, at eg ikkje veit sikkert neste gang eg skal nyte ei heil helg med Ingrid er ting som står litt for langt framme i hovudet mitt.

For eg er jo like glad i alle. Forstår dei det sjølv om eg gjer som eg gjer?

mandag 11. august 2008

Kontrastane...

Sommaren nærmar seg slutten. Ein ny haust er på veg, med nye påfunn og nye moglegheiter. Eg skal kaste meg uti noko nytt. For 5.året på rad. Tek sakene mine og reiser i slutten av denne veka ein gang.

Før det skal skje, så har det vore mykje fint. Det har vore Vinjerock, prega av koselige samtalar med diverse crew og band, verskifte, mykje folk og køyreturar i (altfor) seine nattetimar. I helga ramla festivalen "min" avgårde. MålROCK 2008 er prega av Veronica, Torgeir og Dagny som frivillige, dei herlige folka fra ProSec på plass, dei faste frivillige fra i fjor og Bjørnar i eit stressa førarsete. Det gikk naturlig nok ikkje an å toppe festivalen fra 2007, men eg tør da påstå at det var verkeleg bra likevel. Mykje fantastisk bra musikk, flinke folk på dugnad, eige hotellromkontor til meg der eg kunne rote i papirar, datafiler og billettar, god mat og mykje jobb. Kontrollen eg håpte eg skulle klare å ha, den var totalt fråverande, og eg har enda ikkje klart å få den tilbake. Eg prøvde meg i går med å telle opp dei resterande festivalbillettane, men tok meg sjølv i å rekne 6 x 8 på kalkulatoren, og da var det nokon som foreslo at eg berre skulle la vere. Trøtthetsbakrusen klarar ikkje fyllesjuke å slå eingang....! Det var da veldig digg å sette seg i sofaen og sjå på ein hjernedød film og nyte dagen derpå. Sitatlista skal og vil bli oppdatert, altså. Av musikalske høgdepunkt vil eg nemne Cyaneed, The Disciplines (komplett galskap!) og Odd Nordstoga. Bileta ligg fint på malrock.no.

Det er i korte trekk (veldig) ei oppsummering av dei siste to vekene. Eg har plenty med ting å ordne, og det går ikkje så fort i verda mi akkurat no. Det er klart det blir satt ein dempar på alt som må gjerast når ein veit at ein venn har det vondt. Mykje meir vondt enn ein fortjener å ha før ein fyller 20. Verden viser seg fra den mest usympatiske sida som fins, og det blir vanskelig å tru på at alt skal vere så bra og at det fins nokon som berre vil oss godt. Det er ei levande løgn som det verkar som om ein ikkje under nokon omstendighet må velge å tru på.

Glad i deg.

tirsdag 1. juli 2008

Reiser, jobb og late dagar.

Tida flyr. Lenge sidan bloggen er oppdatert, på tross av at sitatbloggen såvidt er oppdatert oppi alt.

Eg reiser. Mykje. Kosar meg, lengtar tilbake og lengtar fram. Nyter dei augeblikka som er pakka med rein glede. Har vondt av å ha gått glipp av Seigmen i Operaen med tidenes nydeligaste versjon av Nephilia....som åpningsnummer! MEN; Italia har vore veldig bra. Årets sjøbadeliste føles veldig bra (Bjørnafjorden, Sognefjorden, Middelhavet), eg har hatt late dagar i sola blotta for internett, migrene fra helvete (oppkast og mangel på drikkelig væske, men Anette redda til slutt med fryseelement og håndkle...), lest 2 bøker, bada, ete pasta og pizza om kvarandre, svømt i Middelhavet, vore på båttur langs Italiakysten, svømt i grotter og lurt alle i Kokkelimonke. Alkoholen var litt vel billig, forøvrig. Bildene, dei fins på Facebook. Tida da eg gadd å legge dei ut her er nok forbi, på tross av at bloggen lev i beste velgåande (kanskje utan så mange lesarar?). 

No er det snart dags for årstreff for Mjøsheim A 05/06. Gledar meg, reiser avgårde med bil til Trøndelag på fredag sannsynligvis. Back to good times. 



Precios one, what have you done?

lørdag 12. april 2008

Out of a fucked up head comes a perfect world...

Det er ei stund sidan det har skjedd så mykje på bloggen min. Men no tar eg tak og prøver å vere flink, for det er vel strengt tatt først no eg har tid. Eller, egentlig har eg jo ikkje det, men tid tar eg meg jo gjerne uansett da. Sidan sist skjer det egentlig ikkje allverdens i verden. Eg har vore ein tur til Hamar, jobba iherdig og ivrig med marknadsføring og formelt sett blitt ein del av målROCK 2008. Det er ganske kjekt i grunn. Framover blir det nok mykje å gjere, for eg har plutselig innsett at eksamensperioden kjem hakket kjappare enn eg kunne tenkt meg og at det er på tide å begynne å lese, møte opp på skulen, komme i gang med betalt jobb OG få styr og stell på målROCK på best mulig vis før festivalen sparkar avgårde 8.august (og eg håpar virkelig at DU kjem!!!).

Eg er alvorlig gira på den stakkars festivalen. Og rollen min no blir først og fremst å holde styr på økonomien. Betale rekningar, fakturere, følge opp det meste av økonomisk karakter, utarbeide rekneskap og sørge for at rekneskapet blir revidert. Herlig. Eg gledar meg. I tillegg blir det eg som kjem til å styre med ein del som går på marknadsføring, kanskje spesielt i forhold til verdsveven, oppdatere litt på heimesidene og marknadsføre gjennom Facebook og andre ting av den karakteren. Det skal bli riktig stas, og helvetes stress i periodar.

Eg gledar meg. Og sitatsida er oppdatert. I kveld er det dugnad, og i morgon må eg ut og utfordre mamma på klippekortet som måler kven av oss som spring opp flest fjellsider i løpet av sommaren. Eg kan ikkje la mamma vinne.

mandag 31. mars 2008

Flapp.

Eg har sansen for ordet flapp. Du veit vel at man ikkje har det bra før man har det skikkelig jævlig? Samt at Veronica har eit skap i trollet som ikkje har komt ut av skapet enno? Eit litt homofilt troll, altså. Og så at ein halv mamma og ein halv pappa blir ein heil unge. Det har nemleg Kennet lært gjennom lesing til matteprøve om brøk i dag.

Det er forøvrig ein skummel sak å spele sangar som er veldig betydningsfulle på konsert. Spesielt solo. Men det gikk veldig bra, spesielt sidan det var første gang den blei spelt feilfritt nokon sinne. Og så er det jo kjekt med romantiske middagar, det mangla berre ein mann med slips og ein viss mann til som og er ein del av internhumoren. I tillegg er det teit med taxi i staden for buss, særleg når taxien ikkje seier noko, men da får vi jo tid til å spele apebuzz.

Vi skal visst ein tur til Kvitfjell, for vi savnar mannen med slips. "Sjå her, vi har laga liste. Vi skal ha sånn og sånn vin, og vi treng fire glass. Minst. Og kaffe. Men vi har jo ikkje kaffekoppar då."

Dette blei kanskje i overkant internt. Det får så vere og tolkast som eit signal på at det egentlig står ganske greit til. Det er vår, og eg lyttar til ramlande stein og Jan Garbarek heile dagen.

søndag 24. februar 2008

Vinterferie...?

Eg har brutalt forsynt meg av vinterferiepotten i år. Ikkje det at eg egentlig har vinterferie, men eg har visst tatt meg 2 veker ferie likevel. Det er godt å skyve unna heile den vanlige verden på alle mulige måtar og berre gløyme at den eksisterar ei tid. For eg har jo ikkje akkurat hatt tid til å tenke over at den fins eingang, men det spelar egentlig ikkje så stor rolle. Den er ikkje spesielt savna, nemlig.

Liten oppsummering av den siste veka:
  • Forrige lørdag: Min bror gikk skirenn i Holmekollen og blei nr. 100 (av 240 deltakarar), noko som eg syns er veldig bra. Eg fann ein Dagny etter det var over og tok tog til Hamar. Der blei det Hydrantenjobbing og eit interessant prosjekt til seinare det blei, sidan det er fryktelig lenge sidan eg har døgna i det heile tatt (det er sjelden spesielt praktisk å få til). Eg hadde ikkje i planane å sove nokon plass, men det hadde eg jo ikkje fått tid til heller. Vi jobba på Hydranten til 05.30, tok jobbpils før eg satte meg på toget til Oslo kl. 6 om morgonen. Så, etter 1,5 times søvn var eg i Holmenkollen i 10-tida søndag. Det funka heilt greit, i grunn.
  • Søndag kveld var eg rimelig trøtt, og veldig glad for at eg bestemte meg for å droppe å reise til København på releasekonsert med Kaizers mandag.
  • Mandag: Inn til byen på ein liten shoppingrunde, sidan Maskineri er ute i butikkane no. Dei siste 3 platene til Kaizers har eg da kjøpt på utgivelsesdagen, og denne er den minst kompliserte hittil (Til andreplata var det griseflaks som gjorde at eg fekk den, og til tredjeplata køyrte eg og Zud eins ærend til Sogndal for å kjøpe den...). Resten av mandag var hyggestund med familie og intens lytting på konserten fra Køben på radio.
  • Tirsdag var det om å gjere å finne andre deler av familien på Gardermoen. Det var på alle plan uproblematisk, og det å lose oss gjennom innsjekk og sikkerhetskontroll og det heile var ikkje eit problem. Vel framme i London var eg fungerande tolk og snakkerør fra omtrent første sekund (og at det var ein god ide får man sjå heilt til slutt i dette innlegget), vi kasta vekk umåtelig mykje tid i Arsenal-shop like ved Emirates Stadium og drog fint nytte av at eg fortsatt innehar ein viss grad av retningssans.
  • Altfor tidlig onsdag var det ein tur til opp til Arsenal-shop, sjølv om eg håpte vi hadde fått nok. Så var vi turistar i timesvis, slappa av litt og gikk på fotballkamp. Det var noko spesielt å stå og glo på ein tom stadion med plass til 60 000 tilskuarar tidlig på kvelden, og ganske sært å sjå at det blei fullt og vilt masse folk der. Vi hadde veldig bra plassar, og ein fantastisk anledning til å bli verande på stadion i 2 timar etter kampslutt, så vi slapp kaoset på t-banesystemet like etterpå. :) I tillegg kom vi i prat med ein svært snakkesalig Arsenalsupporter, og det var jo ganske humor. Eg og Kennet måtte naturligvis innom Kings Cross og plattform 9 3/4.
  • Action, action. Torsdag var prega av å reise tilbake til Norge, bli småforbanna over manglande effektivitet og besluttsomhet i forhold til taxfree-shopping og ellers hente seg billett til By:Larm. Det blei ein kveld med det som i mitt perspektiv er gamle venner, alkohol, karaoke from hell (eg var i tilstrekkelig gi-faen-modus til at det var heilt i orden for morro skyld), konsertar på Maiden, vere vitne og meddebattant i samtale mellom Truls og ein Janove låst på radio Maskineri, samt Geoff Berner på Mono tidligare på kvelden. Den sprø kanadiaren med trekkspel er alltid bra å ha rundt seg, og han virkar alltid å vere glad for å sjå meg, og det er jo veldig hyggelig. Mannen er alltid morsom, og har betraktningar på religion og livsføring som få andre. På grunn av manglande nattbusstilbud samt bagasjeoppbevaring med åpningstider på Oslo S, tok eg siste toget heim. Det var smart, for eg var trøtt.
  • Fredag blei brukt til å jobbe inn festivalpasset eg fekk dagen før i billettboden på Youngstorget, drikke store mengder kaffe og helse på halve Kaizers igjen, sidan dei absolutt måtte henge på Internasjonalen og det var plassen der vi forsynte oss grovt av kaffen med rimelig jamne mellomrom. Kvelden blei brukt på Maiden på å nesten bli slept opp på Karaoke from hell ein gang til, men eg var ikkje så veldig gira på det aleine. Ellers såg eg og Kaja Megaton, det låt ålreit. Eg var og innom Revolver (gikk rett forbi køen, trallala) og såg litt av The Disciplines.
  • Og i går var det lørdag. Eg reiste på signering med Kaizers på Platekompaniet kl. 14.00, der eg, Zud og Nettum brukte tid på å ete lunch/frokost mens folk stod i kø for å komme til på signeringa, for så å traske fram og få ein signatur på platene våre når køen nesten var slutt. Etter det var det jobb igjen, noko som inkluderte følgande småting:
    • Kjempekø når vi åpna kl. 16
    • Like mange gjentatte spørsmål som dagen før.
    • Ein svipptur innom Geoff Berner igjen, som spelte sin konsert nr. 2 på Mono.
    • Ein sikring som tok kvelden gjorde at scannesystemet til Billettservice var nede i 1 time. Det blei totalt kaos.
    • Kaizers som plutselig spelte på gallamiddagen i VG-teltet, og eg som jobba 15 meter unna tok meg plutselig ein lengre pause og havna i VG-teltet eg og. Lenge leve det blå festivalpasset. :)
    • Møte Kaizers på Internasjonalen. Igjen.
    • Enda meir kaffe enn fredag, og stakkars Internasjonalen gikk tom på kannene sine til slutt.
  • Etter jobb, dvs ca 01.15, gikk eg ein svipptur innom Maiden igjen og såg litt av Dunderbeist saman med Magnus og Jenny og tok meg ein veldig velfortjent øl. Hadde egentlig i tankane å ta siste toget heim, men tanken på å gå bakken opp fra Kolbotn gjorde at eg heller betalte 75 kr for nattbussen........
I dag er det søndag, og i dag skal eg slappe av. Bortsett fra at det er frivilligfest på Mono da, og Bare Egil Band skal spele kl. 22. Har ein følelse av at eg skal ta ein tur.

Ein kjapp presentasjon av diverse gullkorn i det siste:

"What's your last name?"
"Yess."
- Innsjekk på hotell i London.

"Kva er sånne m på engelsk?" - Nokon skal i baren for å kjøpe m&m's.

"Eigti pund...." - Totalbeløp ved restaurantbesøk.

"Han der ved veggen? Seigmen? Kødder du?!"
- Hørt på Megaton-konserten fredag.

"You know, that's when Messiah comes and fixes everything... ..... .... Which hasn't happened yet! ....Christian Europe..."
- Geoff Berner

"I stopped playing, didn't I?"
- Geoff Berner etter å ha foredratt i 2 minuttar midt i ein sang.

"What if the Bible is a mirror? What if God see the Bible from the other side, and what if what we're supposed to do is the complete opposite of what's stated in the Bible? Think about it!"
- Geoff Berner.

"Selger dere billetter...? Neinei, bussbilletter? Til Sverige?" - Rar mann som lurte på om billettboda vår solgte bussbillettar.

tirsdag 15. januar 2008

Pain is when you feel nothing...permanent.

Føles som ein evighet. Sidan sist eg blogga, sidan sist noko som helst skjedde egentlig. Det er rein løgn i bunn og grunn. Hjerna mi tullar med meg igjen. Det føles som ein evighet sidan eg var på tur sist. Det er 8 dagar sidan eg kom heim i dag. Minst 15 dagar til eg skal på tur igjen. Det er ein evighet i mi tidsrekning akkurat no. Føles som om ingenting er eksisterande lenger, var alt berre ein drøm? Er det fortsatt slik at det eksisterar nokon som meinar det eg alltid får inntrykk av når vi er saman? Eller er det egentlig berre innbilling alt saman? Av og til virkar det sånn. Kanskje spesielt no. Eg føler veldig lite. Gledar meg lite, savnar lite. Kanskje min måte å takle det på? Veit ikkje. Men eg trur det er hjerna som tullar med meg. Igjen. Og eg må klype meg sjølv i armen eit par ganger om dagen for å skjerpe meg og nesten sei høgt til meg sjølv at den tanken, nei, det er berre tull. For det er den jo...?

Før eg fem minutt seinare tenker det samme ein gang til. For det føles jo sånn. Håpar eg tar feil. For eg orkar det ikkje om folk plutselig skal forsvinne ut av livet mitt, late som eg ikkje eksisterar og/eller trekke seg unna. Det har skjedd ein gang for mykje. Eg prøver så godt eg kan å holde alt oppe, men det er vanskelig. Som sagt tidligare ein gang, det er hersens irriterande at verden ikkje lar seg harmonere på perfekt vis. Eg kan ikkje, klarar ikkje, har ikkje mulighet til med dagens teknologi, å vere tilstades for alle eg ønsker å støtte på ein gang.

Pain is when you feel nothing - permanent.

Da har eg lirt av meg litt skit, så da får eg gå på korpsøving, slite meg ut og kose meg der. Hjertebarnet mitt i Årdal, ser det ut som. Med ein jævelskap av nokonlunde medisinkurert migrene innabords. Herlig.

Og Kaja; Eg tenker på deg. Masse. Håpar og trur alt går bra til slutt.
Veronica: Glad i deg og. Gledar meg til du kjem og vi får musisere igjen. :) Du er ikkje unntaket som bekreftar regelen, sant...?

torsdag 8. november 2007

Det som slår meg ein gang i blant...

...er at eg er glad i deg.
...er at eg er altfor heldig som har slike herlige mennesker å savne.
...er enda heldigare som får sjå dei med jamne mellomrom.
...er at deg og fleire med deg får meg til å gløyme alt som var og nyte det som er.
...er at det er teit at verden ikkje lar seg kombinere på perfekt harmonisk vis.
...er at livet, i bunn og grunn, egentlig er til å leve med.
...er at verda jo er ganske emo den og.
...er at ein feil ikkje berre er unødvendig.
...er at man splittar ikkje eit trekløver.
...er at alt nesten må vere for godt til å vare...? Eller?

mandag 15. oktober 2007

Fin historie...

I vår travle kvardag, så må dei som eventuelt les min blogg og ikkje Anette sin inn og lese den historia her, berre fordi den er herlig og gir deg litt ekstra krefter til å takle den ellers så slitsomme kvardagen.

Gå hit og les!

Så skal det nemnast til slutt at eg er glad i deg, sliter med studiane og har vondt i hovudet. Verden er herlig snart, for på torsdag kjem Veronica.