Dei som eventuelt ikkje kjenner den fotballkarrieren eg har hatt etterkvart, så kan den jo finfint komme fram no... Eg begynte i Årdalstangen IL som 6-åring på fotball, og holdt det gåande til eg fyllte 18. Tok pause i to år, og så tok eg opp igjen fotballen i Storhamar Fotball hausten 2006. Etter eitt år i Hamar er det jo kjent at eg flytta heim til Årdal i fjor vår, og gikk då over på Årdal FK sitt damelag, som no forvaltar alle seniorlag i Årdal. Fornuftig tanke i utgangspunktet, sidan Årdal jo er ein kommune og verken treng eller har spelarar nok til å stille to seniorlag.
Når sesongen i fjor haust var over og det nærma seg ny oppstart for sesongen i 2008, så stod plutseleg (?) damelaget til Årdal utan trenar. Greitt nok. Eg blei oppringt med spørsmål om eg kunne ta litt ansvar for å halde treningar på vårparten, og sa forsåvidt at det var greit i ein overgangsperiode.
Det som da viser seg etterkvart, er at det ikkje er påmeldt noko lag i dameserien fra Årdal. Eg får spørsmål om dette, men veit ingenting, sidan eg tross alt ikkje har høyrt noko frå leiinga i klubben etter den telefonsamtalen i ørska på morgonkvisten om å ta litt ansvar ei tid. Enkelte av spelarane på laget tek ansvar og sjekkar ting, og vi får konkludert med at ein skal prøve å få til ein serie med 7-arfotball innad i kretsen. Tida går, og verken eg eller nokre andre høyrer noko som helst. Vi har treningar med jamne mellomrom, utan noko å trene mot som igjen fører til forferdeleg dårleg treningsoppmøte. Forståeleg nok, sidan det å trene mot ingenting er motivasjonsdrepande.
Tida gjekk utover våren i år, og eg høyrer ingen verdens ting frå klubben. Det går til og med så langt som at eg nesten føler meg oversett av enkelte i leiinga, då vi har treningar samstundes som Årdal FK 2 har kampar samme stad. Leiinga er til stades, men ser ikkje ut til å bry seg eit sekund om oss verken før, under eller etter kampen. Her meinar eg det ligg ein vesentleg forskjell fra herrefotballen. Det bygger seg opp ein enorm frustrasjon blant spelarane, vi blir forbanna for at det ikkje skjer noko, eg følte meg ikkje kompetent til å trene laget på akseptabelt vis, i tillegg til at det å vere trenar og spelar samstundes fungerte frykteleg dårleg og var vanskeleg å kombinere. Når eg da til slutt bestemte at eg skulle flytte til Hamar igjen i haust, sende eg mail til klubbleiar. Eg har til dags dato enno ikkje fått svar på den eposten, og måtte til slutt kontakte vedkommande personleg i ein litt ugunstig situasjon for å høyre om vedkommande hadde fått den i det heile...
Så da er det jo motiverande å få folk til å drive med jentefotball i Årdal. Eg har enno ikkje fått eit takk for innsatsen eg prøvde å legge ned på tross av frustrasjonen i heile vår. Til gjengjeld har eg trent jenter 98/99 i samme perioden for ÅTIL, med finfin tilbakemelding. Det skal vere meg ei glede å vere engasjert i det jentelaget til neste år og komme heim på turneringar. Årdal FK holdt på si side på å drepe fotballgleda mi. For 2.gang.
Som eit sluttpoeng her, skal det nemnast at klubben gikk ut i media i vår og uttalte seg om kor viktig det er å ha eit damelag i fotball i bygda og at vi trengde fleire spelarar........
1 kommentar:
Herlig freden. Fotball kan nok skape krig i verda, ja. Haha.
Legg inn en kommentar