tysdag 9. februar 2010

Dartligaen...

...Divisjon A, Hedmark. Eg takka visst ja til dette for halvannan månad sidan trur eg. Å bli med på dartlaget til Sebs, uten å heilt vite kva det innebar. Ein av dei positive sidene, er ei feiande finfin drakt med navn og nummer på. Så har du dei litt meir lugubre sidene... Sebs har to lag. Begge har vel i grunn som mål å vere dårligast i dart og best i brennevin. Så når det da, ein småkjølig februarkveld, er internkamp på Sebs for låste dører, så er det jo nødt å gå skeis. Så eg fann det for godt å referere ein ørliten logg med ein tanke oppsummering:

18.55: Det skal takast lagbilde. Alle er forplikta til å ha øl på lagbildet.
19.00: Kampstart.
19.03: Første runde fernet.
20.44: Buksa er for lengst havna på anklane. Det blir bedre kasting av slikt, påstår nokon.
20.47: Det blir etablert nye bullseye, på ræva. Roar har ein bull på tre piler.
21.01: Drakta havnar utanpå boxeren.
22.50: Det blir vedtatt at alle må spele bukselause i siste runde.
23.32: Boxeren havnar på knea. Det fører ikkje til bedre kasting.
23.45: Resultatet viser 13-0 til undertegna sin fordel etter fullført kamp.
00.05: 7 menneske i svarte og kvite Sebs-drakter troppar opp for å gjere livet surt for John på Siste Indre og skremmer vekk 2 kundar i forsøket.
00.20: Omtrent alle har fått meir å drikke.
01.00: Ein av spelarane har blitt så full at han ikkje klarar heilt å stå på beina lenger, og blir transportert heim. Etter å ha blitt behørlig dokumentert før avgang.
02.15: John innser at han på ubegripelig måte har klart å overleve oss enda ein mandag...

laurdag 6. februar 2010

Hydranten...

...Det er mange som ikkje forstår når eg snakkar om mine lange jobbdagar på Hydranten;
- Begynte halv elleve eg...
klokka halv fire om natta.
Folk lurer på om det er godt betalt.
- Nei, det er frivillig.
- Frivillig?! At du giddar...


Men ja, eg giddar. Det betyr noko for meg som eg ikkje heilt har lyst å vere uten, og eg trur det må forklarast. Det begynte høsten 2006 for min del. Eitt år på folkehøgskule var overstått, eitt år med ein utvikling som, for dei som har stått på sidelinja, må ha vore ganske ekstrem å sjå på. Problemet med folkehøgskule er, uansett kor godt forberedt du er, det tar plutselig slutt. Ein lurer på korleis ein skal takle livet no, og søkingen min på det førte meg til Hamar. Trygt, greit og nærme Gjøvik så eg kunne stikke innom når det passa meg. Og eg søkte meg eit miljø som kunne vere i nærheten av det eg akkurat hadde mista. Første dag i fadderuka blei eg overfalt av to overivrige jenter. Klart du vil jobbe på Hydranten! Det var jo, for min del, bestemt allerede før eg flytta at det skulle bli sånn. Det klikka fort, og eg møtte ein gjeng med mennesker som blei min nye folkehøgskulefamilie. Ein frikveld i Fredrik Monsensgate kunne bestå av sløving heile kvelden, eller at eg sjekka vaktlista og fann ut kven som jobba og berre tok ein rusletur på Hydranten for å sei hei. Alltid nokon å snakke med, alltid (litt for) billig Carlsberg som det fort blei (litt for) mange av.

Og sånn er det den dag i dag. Hydranten har fulgt meg gjennom det meste dei siste tre og eit halvt åra. Sjølv det året eg ikkje budde i Hamar. Opp- og nedturar i hytt og pine. Beskjeden om at onkelen min var funnen død i Thailand kom rett før eg skulle på eit møte på Hydranten. Eg blei tatt i mot av eit par mennesker som ga meg verdens beste klem og som eg kunne snakke litt med og som hjalp meg å forstå kva som hadde skjedd på ein grei måte. Eg har opplevd mykje tøft og slitsomt på jobb, men vi tar vare på kvarandre. Vi veks som menneske i lag, vi utviklar ein stressmestring gjennom hektiske jobbkveldar som få andre kan matche og vi skapar opplevelsar for gjestene våre dei skal huske ei stund. Vi går gjennom tunge periodar i lag, vi mestrar ting i lag, vi ler til vi griner, vi sloss, vi løyser dei mest absurde problem som måtte oppstå, vi drikk på oss koffeinsjokk, vi har verdens beste dårlige humor, vi er fyllesjuke dagen etter jobb med basis i ei øl klokka tre om natta og vi løyser det med å ete sjokoladekake til frokost i lag. Og vi gjer alt gratis. For kvarandre, for kulturlivet i byen og for deg som kjem innom.

Av mine beste venner har om lag alle hatt sine bein innanfor veggene på huset. Det er dagar der eg har følt meg som det mest overflødige mennesket i heile universet, dagar der eg helst egentlig ikkje ville sette eit bein utanfor verken dynekanten eller noko i nærheten av dørstokken og enda mindre hatt lyst å ha noko med folk å gjere. Eg har trua meg ut likevel, trua meg på jobb, blitt satt pris på for den eg er og det eg gjer, og gått heim om natta lykkelig og fornøgd. Stolt over å ha overlevd. Stolt over å ha klart det, på tross av at det måtte all viljen i heile verda til for å klare å låse opp døra for verden og gå ut. Eg kan klappe meg sjølv på skuldra og fortelle meg sjølv at dette mestra eg faktisk. Ein dag der alt anna er grusomt og ubrukeleg, så mestrar eg i alle fall noko. Det aleine snur ein dag fra å vere fæl til å ende opp bra.

Og det er derfor eg giddar.

fredag 5. februar 2010

Kräkas...



Och allting med dig var det jag ville ha
förutom att jag aldrig var tillräckligt bra
nu är jag värdelös och du någon annans
och det gör mig riktigt förbannad

Kräkas, jag vill allt.

måndag 1. februar 2010

Anonymitet i lokalsamfunet...

NRK Sogn og Fjordane skriv dette, etter å ha finlest politilogg;

Litt før klokka halv tre natt til søndag fekk politiet melding om slåsting utanfor ein utestad på Årdalstangen.

Patruljen som kom til staden fekk raskt oversikt over dei involverte. Den fornærma parten har truleg trong for å oppsøkje tannlækjar, opplyser politiet på loggen frå laurdagsnatta.

Lensmannen i Årdal vil etterforske saka.

Det er jaggu godt dei skriver det sånn da. Sånn at det blir så vanskelig å forstå kvar dette har skjedd. Årdal kommune har to plassar som kan kvalifisere til "utestad". Så er ein gang Årdal i praksis delt i to bygder med halvanna mil mellom kvarandre, og det har seg slik at det da er ein slik stad plassert i kvar av dei. Med andre ord, Årdalstangen har eitt lokale som ein med litt godvilje kan kalle "utestad". Det føles i grunn at det er litt slik det fungerar, anonoymitet i lokalsamfunnet.

laurdag 30. januar 2010

Kjipe ting...

...Med Depeche Mode-konsert i Bergensområdet:
  • At Veldig Mange Mennesker skal ut til Åsane fører med seg mykje styr per buss.
  • Det er femti tusen bussholdeplassar i Bergen sentrum. Alle merka med bokstavkodar, og det er femti meter mellom kvar, og det er rein bingo kva slags du skal til. Konklusjon: Det lønner seg å ha god tid til bussen.
  • "Konsertbuss" betyr i Bergen at bussen stoppar ti minuttars gange fra konsertlokalet. Eller på nærmaste busstopp, om du vil. Det faktum at det er fire parkeringsplassar av størrelse XXL i nærheten, og at det er nok parkeringsvakter til at dei glatt kunne sperra av litt av den til busstopp, det er det ingen som giddar å bry seg om.
  • Veldig Mange Mennesker.
  • Cashless bongsystem.
  • Den forferdelige liveversjonen av Wrong som er transponert ned til det pinlige. Låten som den er no, er virkelig Wrong. Det funkar nemlig ikkje litt eingang.
  • Eit glas med vatn, sannsynligvis ca 0,4 l kostar 30 kr for ein forkjøla stakkar med tørr hals. Pluss at man må ha cashless-kort.
  • Veldig Mange Mennesker.
  • Det faktum at to meter høge folk tydeligvis på magisk vis plutselig står rett framfor deg tre minuttar før konsertstart.
  • Lyd som du høyrer smeller igjen fra veggen bak deg.
  • Veldig Mange Mennesker Med Øl I Bærebrett.
  • "Bare, unnskyld meg, asså, jeg skal bare fram her jeg!!!"
  • Mennesker med øl i bærebrett og morsomme hattar.
  • Tonedøve Mennesker.
  • Menn som dansar. And not in the good way.
  • Veldig Mange Mennesker Som Klappar I Takt. Trur dei.
  • Folk som plystrar. Det er dei, og ikkje lyden av konserten, som har gitt meg tinnitus i kveld.
  • Blinders som blir brukt som sallys. Det er ikkje spesielt fantastisk.
Og så ei lita liste over fine ting med Depeche Mode-konsert innandørs i Bergensområdet:
  • Bandet ER fortsatt bra. Og innandørs blir dei nok hakket bedre. Vestlandshallen blir jo forsåvidt og intim i Depeche-skala, sidan det neppe var femsifra med publikum der.
  • Det er omsider håp for å få noko utav lysshowet deira. Hipp hipp!
  • Det er litt triveligare å halse ut framfor 9000 andre enn framfor 44000 sånn som i Køben. Å stikke av under siste låta var nok og kanskje eit lite sjakktrekk.
  • Uttalen av ein del tekstfraser fra Dave Gahan.
Og neida, det er ikkje så forferdelig som det måtte høyres ut. Konserten VAR bra, det er berre det at store konsertar er vesentlig vanskeligare å fylle med magien som løftar den opp i skyene. Og det klarar ikkje Depeche Mode, dessverre.

søndag 24. januar 2010

The death of romance...

"Hei"
"Du ringte?"
"Ja."
"Javel...?"
"Ja, eg berre lurte på om du hadde planar neste lørdag?"
"Tjaaa... Planen er å vere full."
"Men det kan vi sikkert fikse."
"Kult."
"Vil du vere med på noko spennande?"

Sånn begynte det. Plutselig satte eg meg på toget til Oslo ein fredag ettermiddag i januar, uten å heilt egentlig forstå så mykje. Bortsett fra at eg skulle ein snartur til storbyen. Hovudstaden. Og møte igjen folk eg i grunn ser altfor sjelden. Bra folk. Og familien, som det jo er greit å titte innom når eg faktisk er i traktene. Bra folk der og.

"Ja, når vil du ha det?"
"Neei, samme for meg egentlig..."
"Tja, tolv eller to?"
Det blei klokka tre. Room 13. Gravøl, Alex er på flyttefot og det er på tide å finne nye plassar å skape kunst. Fint å få sjå, det er lenge sidan sist eg satte mine bein i eit studio, og akkurat dette har jo ein gang skapt mykje musikk eg er veldig glad i. Røde vegger, isolasjon, lucky pig og gull- og platinaplater overalt. Seigmen og Gåte skiller seg ut. Mannen bak spakane har jo og vore med på leiken. Alex og Kim er slitne. Særleg Alex i grunn, som har miksa på det vi snart skal få høyre litt lenger enn det som sunt er. Planane er sterke om å bytte ut kaffe med søvn, men vi tilreisande får kaffe likevel. I koppar fra Starbucks. Tankane flyg da sjølvsagt tilbake til april 2009 og vår morgonkaffejakt på kontinentet, der vi gjerne snubla over venner på jakt etter bykoppen på nærmaste Starbucks. Kim nedlegg forbud mot å finne koppar fra byar ein ikkje har vore i akkurat i det han har putta kaffe i koppen i hånda mi, fra Düsseldorf. Eg har ikkje vore i Düsseldorf. Guro har bakt cookies, vi får kaffe og ein liten rapport om den siste tida. Innspelingsprosessen, ting som skjer, planar framover og svar på det ein spør om.

Så sparkast det avgårde. Massiv musikk i 44 minutt, og det ramla litt ut av samanhengen til slutt. Det er for tidlig å dømme, men det låter bra. Ikkje at akkurat det er noko nytt og spennande i grunn. Bandet vi høyrer på har ein tendens til å ende opp med ting som er bra, det er vel gjerne nettopp derfor vi er der. Åtte menneske i total ro, tidvis avbrutt av pinlig stillhet mellom låtane og lyden av ein og annan fot som ikkje klarar å la vere å trampe takta. Alle med sin måte å takle førsteinntrykket av musikk på. Stemningen løyser seg opp i det plata nærmar seg slutten, og det er rom for diskusjon. Singelvalg, utgivelsar, meir krydder om generelle ting som funkar om dagen. Vi får det som vi måtte ønske. Snakke fritt og konstruktivt. Nervøsiteten som var til å ta og føle på før vi begynte, er langt unna. Det er fint å kunne diskutere litt rundt alt.

Happy Tree ZMR-friends tar under discokula-film. Det har vore diverse tre og Hulen, no er det discokula i Room 13 som får gjennomgå. Heilt greit. Deretter pustar vi ut litt til. Etter takk og farvel for denne gang sjåast vi snart igjen. Det nærmar seg jo at alle får høyre den; The Death Of Romance.

laurdag 9. januar 2010

Det nye året...

Det er eit nytt år på gang. Eg innser det og må visst berre akseptere det. Nok eit år med nye oppdagelsar av ting eg ikkje var klar over at eg ikkje visste. For det har skjedd noko nytt med meg, som eg ikkje kjenner til at har skjedd før. Eg har såvidt begynt å leve. På godt og vondt. Og eg tar og føler på kor utrulig lang veg eg fortsatt har igjen å gå. Kor utrulig mykje eg ikkje kan på tross av at eg er på veg inn i mitt tjuefjerde år meir eller mindre i live.

Det er ein del doble sider ved alt det nye. Tidvis er eg riktig så stolt, tenker over at det er faen meg bra at eg har klart å komme hit på tross av alt. Det fins ting eg kan, det fins ting eg taklar og eg føler at eg har oppnådd ting i livet mitt. Eg klarar i blant å tru på at det fins menneske som er glade i meg. Alt er ting som er positive, ting som tilseier at livet mitt er fint og ting som eg sett ufattelig stor pris på. Det er kanskje ikkje så mange som fattar kor mykje det betyr for meg, eg har klart det hit, og det hadde eg aldri trudd. Så tenker eg meg om. Ser meg rundt. Ser menneske på seksten år som har fått opplevelsar som eg ikkje kjenner til. Menneske som lever på ein måte eg ikkje forstår. Dei er mange, dei er faktisk fleirtalet. Ingen som meg. Eg går inn i mitt tjuefjerde år, oppdagar stadig ting som alle andre fann utav når dei var fjorten. Eg var ikkje der når eg var fjorten. Eller eg fekk ikkje vere med. Eller eg veit faktisk ikkje kva som skjedde, stryk det som ikkje passar.

Det er ulempa, har eg funne ut. Ved å begynne å leve når ein nærmar seg midten av tjueåra. Og eg trur det er eg sjølv som har vore uintelligent. Fordi eg verken visste eller veit bedre. Ingen har fortalt til meg at det er sånn det funkar. Etterkvart som tida går så innser eg at løysingane mine ikkje funkar lenger. Eg har alltid løyst ting på min måte. Det funkar det, men kanskje ikkje i lengda. Kanskje ikkje alltid. For eksempel held det kanskje ikkje lenger enn til nokre månader før ein innser at ein fyller tjuefire år og får panikk. Det har ført til nye strategiar, ein del av dei basert på ny kunnskap som folk rundt klarar å forklare om at er ein del av det her med å leve. Som eg jo ikkje forstår meg på, eg har jo prøvd å la vere. Eg er glad for det. At det er nokon der som kan forklare meg litt om korleis det egentlig burde funke. Livet. Eg veit jo ikkje. Eg har gått store deler av livet mitt og vore godtruande til at dette er løysinga, sånn skal det vere, dette er nøkkelen, her er koden. Så får eg eit glimt av ei verd eg ikkje kjenner til, og innser at dette aldri har vore til for meg, men sjølvsagt for alle andre. Det svir, og det har skjedd meg meir enn ein gang.

Så det er noko nytt eg er begynt med no. Eg er redd som faen. Redd for å miste dei som forklarar meg korleis det funkar. Redd for å miste forståelsen igjen, redd for å oppdage at det fins enda fleire verdenar som eg ikkje kan noko om eller ikkje veit at fins. Det gjer det nok, så leiken er neppe over enda. Eg biter i meg mykje og trur det er sånn det skal vere, livredd for å miste. Eg har ikkje lyst til å begynne på nytt igjen enda ein gang. Det har eg gjort fire-fem ganger alt, og eg syns eg har fått min dose. Og no kan eg jo bittelitt om livet og. Snart. I alle fall så lenge eg fortsatt kan få ein god klem med jamne mellomrom og har menneske som er glade i meg.

For ikkje å snakke om at eg er redd for å skremme vekk folk med deler av det som eg aldri snakkar om. Eg trur alle vender ryggen til og går sin veg da. Det er nok derfor nesten ingen veit. Eg orkar ikkje miste dei einaste eg har å støtte meg på, dei er latterlig få og eg treng alle saman. Kvar enkelt er så unik for meg at eg ikkje klarar å sjå for meg eit liv uten, og det er meget mulig eg overreagerar. Kanskje klarar eg å overstyre ein dag, men eg tør ikkje love når. Det kan ta si tid, og eg håpar at mine kjære, kjære venner held ut med meg. Eg trur ikkje det er så mykje anna som hjelper. Beklagar for alt eg ikkje kan og alt eg ikkje er, eg trur i alle fall eg ikkje har valgt det sjølv. Eg er nemlig enda eit godt stykke unna å takle å vere den eg egentlig vil vere, men eg prøver så godt eg kan. Eg har mange veggar å rive enda, ein del av dei er latterlig høge og eg har berre ei bittelita øks, men den blir til gjengjeld kraftigare for kvar vegg eg klarar å rive.

Det er dermed ikkje sagt at eg ikkje har det bra, men det er alltid ting som kan bli bedre, det må eg vel kanskje berre leve med. Eg har fått igjen deler av håpet om at deler av det kan skje ein dag. At det meste kan bli ok.