mandag 18. juli 2011

Slottsfjell 2011 - eit eventyr

Like bra i år som tidligare år. Trur kanskje dei dagane der var litt viktige for motivasjonen min, for den er plutselig på topp igjen. Det var effektivt å jobbe utendørs i 39 timar på totalt 3 døgn, la mailboksen segle sin eigen sjø og drite i alt anna enn det som foregikk i den lille festivalbobla mi. Trur eg må dykke inn i slike bobler oftare.

Punktvis oppsummering, i god tradisjon:
  • Torsdagen jobba eg Konge saman med Gud, Astrid og Frida. 
  • Eg og Gud brukte 45 minutt på å snuske til oss akkrediteringane våre, for ein litt surrete bookingsjef hadde gløymt å legge oss inn i systemet. 
  • Når vi først fekk på plass akkrediteringen, så var den eit hakk over det vi egentlig skulle hatt. Gull i staden for svart. Heilt greitt, det var ingen som nekta oss inngang nokon plass.
  • Jenter som stagehands og kvinnelig stagemanager er effektivt mot mange crewfolk. Vips, blir dei snille som lam. 
  • Stakkars guttar som var med og sjaua, hadde aldri gjort dette før og fekk kræsjkurs av jentene. Moro!
  • Torsdag lasta vi inn fleire band enn det spelte på scena, vi lasta inn Biffy Clyro og Grinderman dagen før dei gikk på. 
  • Biffy Clyro hadde så mykje utstyr at det ramla ut eit Marshall-kabinett i det vi åpna den lille lastebilen (!) som utstyret var pakka i. Heldigvis åpna vi ikkje den andre døra først, for da hadde det rasa gitarar...
  • Den personen som pakka ned den bilen har vore jækla flink, for så mykje trudde ikkje eg at det var mulig å få plass til i ein såpass liten lastebil. Sannsynligvis var den overlasta.
  • Röyksopp. Fy faen så bra det var. Dessuten var dei kjempesøte med alle dei merkelige kostyma sine. Eg delte ut setlister til Henning, eit par hylande fans og pakka ned gitarar. Og så tok eg ei setliste til meg sjølvo g.
  • Oj. Eit par øl blei ståande i nærheten av crew-stasjet. "Tilfeldigvis" havna genseren min oppå. Det var trist. Det var faktisk så trist at vi måtte drikke opp ølen.
  • Fredag. Astrid ringer 08.08. "Treng du meg?" "Ja." "No?" "Ja." "Kjem om ti min." "Flink pike." Vekkerklokka ringte 08.30. Da hadde eg jobba i ti minutt alt.
  • Fredag. Regn. Biffy Clyro. Smerte. 
  • Andre dag festival er ei reise i smerte og å lære seg å takle det. Merkeleg at det fortsatt fins musklar eg ikkje visste eg hadde og som kan gjere så vondt.
  • Sjokolade er ikkje berre lov, men nesten påbudt.
  • Generell god stemning og dårlig humor med Lorry som soundtech på Mhoo.
  • Dårlig stil at ikkje folka med truck fatta at det å køyre mikser + rack framfor mikseposisjon UNDER konserten til Mhoo ikkje er lurt, og i så fall så må det skje kjapt, effektivt og så lydlaust som mogleg. Stakkars Lorry. Vi skyldar på Biffy Clyro, for det var der dritten hørte til.
  • TAKK til dei snille menneska som kom ned igjen med mikser og rack etter endt konsert, så vi slapp å slepe den ned sjølv. 
  • Britisk crew er fortsatt trivelige folk altså. Det skal dei ha.
  • Nick Cave var verdens søtaste når han stod bak scena rett før Grinderman skulle på og titta litt nervøst ut på folkemengda der ute. Forøvrig er den mannen veldig pen til å vere så gammal. :P
  • Fredagen var relativt tidlig ferdig, sjølv etter at Berntsen og Kaizerscrewet var på plass. "Æ blei overraska!". Var heilt ok at det ikkje var meg som skulle diskutere meg fram til om baktrossene skulle flyttast eller ei.
  • Lørdag. Kaffe. Vakna til melding om at min første artist var forsinka, og vips... Det blei ein time slækketid på Tårnlunden gitt. Utnytta deler av den i ei hengekøye med utsikt over heile Vestfold. Himla digg.
  • Snille artistar og hyggelige folk på Tårnlunden! Alt på skinner, vi tok til og med inn igjen vår lille miniforsinkelse på 5 minutt!
  • MikroMinus gjorde sin første konsert som siste band på Tårnlunden. Det førte til at dei måtte spele ekstranummer, for alle som ditcha Kaizers hadde det dritfett på toppen av fjellet.
  • Midnattskonsert på toppen av fjellet. I år var det Mari Boine, vil påstå at det var meir magisk i fjor, men eit nydelig tiltak og ein fantastisk stemning kvar gang.
  • Øl. Backstage. Whisky rett fra flaska på rundgang.
  • Total. Meir øl. Lorry, Alex, Terje og Helge. Og Ravi. Alle med særdeles ulik grad av promille.
  • KastellNach med grillmat og øl.
  • Halv seks; Luska heim. Sov godt!
Takk for i år, Slottsfjell. Det er ein fryd å vere med år etter år. Vi sjåast neste år!

Ingen kommentarer: