mandag 18. juli 2011

Skatt på frivillighet?

Ballade har skapt eit helvete denne helga, og no tek debatten av. Forståeleg nok! Artikkelen om at frivillige på festivalar må betale skatt har skapt kaos, og det er jo ikkje så rart. I same venda meiner Skatteetaten at festivalane skal betale arbeidsgiveravgift for sine frivillige. Her er det mykje som skurrar, og først og fremst haldninga til Skatteetaten, dessverre.

Carsten Pihl sin uttalelse derimot, forklarar ein del. Det er rett og slett regeltolking som gjer at ein kan ende opp i den eine eller andre retninga, og han argumenterer for at det er godt mogleg å unngå festivalskatt, og at ulik tolking gjer at uttalelsen fra Skatteetaten som Ballade refererar til kan vere feil.

Sannsynet for at dette vil bli problematisk for nokon er ganske liten. All medieomtalen no vil nok til slutt gi eit politisk utspel, og da er det litt viktig at dagens regjering tenker litt over kva prinsippar dei bygger på. Eg har nylig jobba med bacheloroppgåve som går på organisering og arbeid med frivillige, og i den anledning har det vore naturleg å sjå på det offentlege sitt forhold til frivillig arbeid og frivillige organisasjonar. På papiret er det ikkje noko krav som tilseier at organisasjonar som forvaltar frivillig arbeidskraft må vere ideelle i struktur, men det er stort sett desse som er omtalt i det politiske synet som eksisterar gjennom den såkalla Frivillighetsmeldingen, Stortingsmelding 39 (2006-2007), "frivillighet for alle". Der er det satt nokre linjer i forhold til korleis det offentlege skal forholde seg til frivillige organisasjonar, og målet der er å legge til rette for eit godt frivillig kulturliv i landet. Uheldigvis omtalar dei berre frivillige organisasjonar, og fint lite rundt andre organisasjonsformer.

Mange av dei organisasjonane som forvaltar mange frivillige (til dømes dei store festivalane) er i dag store organisasjonar med høg økonomisk risiko på arrangementa sine. Det fører til problematikk med å beholde selskapsformer som er sett på som ideelle (stiftingar og foreiningar), i og med at dei selskapsformene gir styret personleg ansvar for eventuelle store tap. Dermed vel mange av arrangørane å, om det let seg gjere, starte aksjeselskap. Ulempa med aksjeselskap er at ein blir omfatta av tyngre plikter i forhold til ytelsar sånn som det er nemnt i artikkelen til Ballade. Fleire og fleire studentsamfunn organiserar seg og sånn, i undersøkinga eg gjorde i forbindelse med frivillig arbeid oppga 32% av respondentane at dei var organisert som aksjeselskap, og med dei endringane som skjer rundt revisjonsplikt og forenkla løysing med aksjeselskap som er på trappene no, så skal ein ikkje sjå vekk fra at stadig fleire vil velge seg organisasjonsform utan personleg ansvar (AS).

Dette er ting politikarane må ta stilling til no. Skal det vere mogleg å drive eit ideelt frivillig aksjeselskap? Kvar skal skillet gå mellom frivillig arbeid innanfor det som på papiret er kommersiell drift (så som både Slottsfjell, Øyafestivalen og Hove har) og normale kommersielle aktørar der det er ønske om utbytte til eigarane?

Uansett meiner eg at det er heilt på trynet å kreve både arbeidsgivaravgift og forskuddstrekk av frivillig arbeid. Det er allereie vanskeleg nok å engasjere tilstrekkeleg med frivillige i mangelen på goder ein har lov å gi dei. Det er rekna som skattepliktig inntekt å gi rabattar på øl i baren på studentpubane til dei frivillige (sjølv om eg ser av innlegget til Pihl at det er mogleg å argumentere for det motsette). Motivasjon og rekruttering av frivillige er vanskeleg, og det blir ikkje noko enklare av at ein skal tilføre masse byråkrati, særleg ikkje når mange av dei som administrerar dei frivillige ofte er frivillige eller berre symbolsk betalt for jobben dei og.

I tillegg vil eg gjerne invitere dei som sitt med uttalelsane til Skatteetaten på festival eller faddervekene i studentsamfunna. Eg administrerar på eit par slike, og eg treng hjelp! Bli med oss som jobbar 30-50 timar på 3 døgn. Vi begynte alle som frivillige. Ein del av oss jobbar fortsatt frivillig, og det er ekstermt mykje idealisme i det som blir gjort.

Kvifor eg veit kva eg snakkar om? Eg har jobba frivillig på studenthuset Hydranten i Hamar  i 4 år. 3 av dei åra som ansvarlig for eit eller anna i driftsstyra, uten nokon ekstra goder utenom det eg ville fått av 3 vakter i månaden. Frivillig på Slottsfjell i Tønsberg i 4 år, symbolsk lønna i 2011. Timelønna svarar ikkje til det ein kanskje burde hatt for risikoen og overtida eingang (før skatt), for eg jobba 39 timar på 3 dagar (Og ja, eg skattar av den lønna eg får derfra!).

Eg har jobba meg frivillig til nesten alle festivalpass dei siste 3-4 åra Eg var frivillig på Målrock for første gang i 2006, og fra 2008 satt eg i styret. Det er no ein jobb som tilsvarar ca 20% stilling og ein helvetes byråkratimengde fordi det offentlege ventar seg at alt er på stell. Det å få gjennom ei vedtektsendring tek fleire månader, sjølv når det gjeld enkle ting som utviding av styret fordi vi har for mykje å gjere. Vi er eit styre på 6 personar (i Brønnøysundregistra 5, av nevnte byråkratigrunn), og vi jobbar frivillig alle saman. Under sjølve festivalen jobbar eg og eit par av dei andre i styret 15-17-timarsdagar. Målrock tenar ingenting, men vi fører 3-400 000 kr tilbake til dei lokale organisasjonane som treng det. Dei lokale organisasjonane i sin tur gir tilbod til born og unge i kommunen. Det neste blir vel at vi må skatte av verdien dei frivillige tileignar seg sosialt og kunnskapsmessig og.

Trur både politikarar og Skatteetat skiftar meining om de blir med og prøver å jobbe frivillig. Godene er så små i forhold til den jobben som blir gjort at dette, kjære stat, blir berre tåpeleg.

Velkommen skal de vere, eg treng frivillige til både festival og fadderuke i år!

Ingen kommentarer: