søndag 24. juli 2011

Er på bussreise på tvers i landet vårt. Ser at nesten alle markerar, skulle ønske at det var sånn på kvar einaste flaggstang som fins i landet. Det flaggast på halv stang, nasjonal sørgedag. Omtrent overalt heng flagga rett ned, som eit brutalt bilde, livlause som alle dei 92 som no er bekrefta omkomne. Eg har sett mange som har senka terasseflagga sine ned på halv stang. Det angår oss alle det her no.

Eg kan leve med eit terrorangrep på regjeringskvartalet. Det har jo lenge berre vore eit spørsmål om tid, og der fins det prosedyrar. Kriseplanar, risikovurderingar og det som høyrer med. Sjølvsagt er det ikkje greitt, men det er på ein måte forventa. Det som derimot ikkje er greitt, er at ein i same venda bestemmer seg for å angripe ungdommen. Det gjer meg forbanna.

Det er likevel godt å sjå korleis det norske folket står saman. At vi har eit samlande, fryktlaust og sterkt kongehus som går ut blant folket og er der. At vi har ein sterk statsminister som trossar eigen krise og sorg for å stille opp for landet. Og at alle nordmenn utviser ein fantastisk moral som vi ikkje skal gløyme.

Eg er stolt av å vere norsk i dag.

Ingen kommentarer: