Viser innlegg med etiketten lister. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lister. Vis alle innlegg

fredag 26. november 2010

Berlin, dag 1.

Lister er stas, lister er gøy! Berlin, dag 1.

  • Oppblåsbare juletre. Som glitra.
  • Julemarked. Say no more, men vi møtte den syngande elgen fra Canada.
  • Paulaner Weissbier. Dunkel. Nam!
  • Vi stjel espressokrus fra Starbucks. Lurt.
  • S-bahn? U-bahn? Vetikkehelt.
  • Gratis Wi-Fi-områder = heilt konge når man reiser med iPhone!
  • Sende kortet eller ikkje? Det er ikkje SÅ flaut med eit bilde av muren som det står "I love you..." på...
  • Historisk museum. Ein opplevelse.
  • Ein heil runde i Berlins utgave av Hausmania var veldig, veldig kult.
  • Berlin er omringa av bevæpna politi om dagen. Nok av dei.
I morgon er det konsert og meir tråkking i by. Yay.

lørdag 20. november 2010

10 typar sprø folk

Eg sitt på toget. Med ei manisk strikkande dame ved sidan av og 22 på øyret. Og reflekterar over det sprøaste eg har sett i dag. Så kan du jo sjølv finne ut kva det er og kor høgt på lista det ligg. Det bør vere ganske enkelt.

10. Musikarar. Jepp, dei er sprø. Alle som ein, men det er i grunn det eg diggar med dei. Her er det ulike grader av positiv og negativ galskap da, som dessverre er ganske sjangerrelatert.
9. Folk som lev av å drive med idrett. Litt samme som musikarar, bortsett fra at ein noko større andel er skikkelige tullingar innanfor idretten.
8. Folk som jobbar på treningsstudio. Skumle, skumle folk.
7. Klesdesignarar. Say no more, har du nokon sinne SETT bilder fra motevisningar?
6. Skihopparar. Det er sikkert gøy og det er ålreit å sjå på, men herregud, fortsatt livsfarlig og passe meiningslaust. "jaja, eg berre sett utfor eit stup. På ski. Og vippar utfor kanten i 100 km/t. Fortsatt på ski!"
5. Gamle damer som spelar bingo. Du møter ikkje gretnare, meir utspekulerte og frekke folk enn desse!
4. Folk som syklar på eitthjulssykkel med hjelm og refleksvest. Og drikkeflaske i belte rundt livet. På snø.
3. Folk som driv med boling.
2. Folk som syns bolarar er kjekke, pene og/eller sexy.
1. Folk som frivillig står opp klokka fem og trenar klokka seks før dei er friske og raske på jobb klokka sju om morgonen.

Eg må ærlig innrømme at eg i blant har vingla kraftig innom verstingen på lista her i blant, men eg syns jo sjølv det er eit tydelig tegn på at ikkje alt er i full funksjon oppi her..

søndag 7. november 2010

Dag 10

Denne er veldig vag, syns eg. Den blir kanskje litt lik den første, den her.
10 siste ord.
  • Vær og vind er spennande.
  • Bilkøyring er fint.
  • Kake!
  • Kaffe.
  • Meh. 
  • Gaffa ftw.
  • Vestlandet er egentlig veldig fint.
  • Men det er Hamar og.
  • Angry Birds.
  • Wokka, wokka, wokka...

fredag 5. november 2010

Dag 9...

...Er pakka med klisjear. Og eg sliter. Naturligvis. Dette har eg vel knapt nok tenkt over nokon sinne.

10 vegar til å vinne hjertet mitt.

  • Ærlighet
  • respekt
  • Omtenksomhet
  • Latter
  • Musikk
  • Dårlig humor/internhumor
  • Gode klemmar
  • Trøst når alt er ræva
  • Turglede
  • Åpenhet
  • Meiningslause tåpelighetar.

søndag 31. oktober 2010

Dag 8

10 av mine favorittsangar.

  • Seigmen - In Oblivion
  • Kaizers Orchestra - Dieter Meyer Inst.
  • Zeromancer - Ammonite
  • Ljungblut - Jesuva
  • Kent - Mannen i den vita hatten (16 år senare)
  • Seigmen - Nephilia
  • Dunderbeist - Hatet
  • Pink Floyd - Shine On You Crazy Diamond (part one)
  • Detektivbyrån - Life/Universe
  • Bob Hund - Nu är det väl revolution på gång?

Det skal nevnast at dette virkelig er hardt. Prøver å vere variert, men dette er subjektivt etter følelsar og dagsform gitt. Seigmen aleine kan fylle dei ti punkta på denne lista uten problem, det bør sei sitt. Det samme kan forøvrig både Kent, Kaizers, Zeromancer og Ljungblut... Og så er det ein bunke artistar som ikkje er med som burde vere der.

lørdag 30. oktober 2010

Dag 7

10 viktige personar.

Denne er vanskeleg berre fordi det er mange eg er glad i, men dei som eg veit dag ut og dag inn kan holde meg i live må rett og slett opp først på denne lista. Og så er det ein viss ansiennitet.
  • Matilde
  • Kristin
  • Kennet
  • Ingrid
  • Laura
  • Bestemor
  • Mamma
  • Pappa
  • Veronica
  • Hannepanne

fredag 29. oktober 2010

Dag 6

Dette er den enklaste hittil. Og det er fokus på materielle goder.
10 ting eg ikkje kan leve utan:
  • Musikk
  • iPhonen min. På tross av at eg har telefonskrekk, men det er jo meir enn ein telefon.
  • Macen min (iPhonen kan riktignok erstatte macen over kortare periodar).
  • Nettbank/mobilbank
  • Ein viss grad av fysisk aktivitet.
  • Hårstæsj.
  • Den Hellige Kopp Kaffe Av Morgonen
  • Facebook (død og bedervelse)
  • Google/Internett
  • Gaffateip

torsdag 28. oktober 2010

Dag 5

10 ønsker.
  • Ein jobb der eg kan drive med festival- og konsertvirksomhet, gjerne med mulighet til å reise på turné. Og få betalt for det, sjølvsagt.
  • Vinne stort i lotto. Det held med ein gang, og det kan forsåvidt vere noko anna enn lotto, men det må generere kvalmande masse pengar.
  • Eit stort hus med eige studio, leikerom med puter og masse, masse lego osv. 
  • At enkelte folk får som dei fortjener og at deira helvete gjerne er som i VG-reklamen.
  • Ein stk Tardis. Vil ha.
  • Sonic leatherman med lommelykt, gaffa- og kaffe-uttak. For teknikeren som treng superverktøy.
  • Meir tid til alt som er gøy, eventuelt at tiden står stille når ein søv.
  • Å kunne feire høgtider med alle eg er glad i uten å måtte pendle eller teleportere mellom folk.
  • Ambivalent ønske: At alt som er svart i hukommelsen min aldri dukkar opp igjen, samtidig som eg gjerne skulle visst kva som faktisk foregikk der eg ikkje huskar noko.
  • Å kunne få sjå Pink Floyd live fra The Wall-tida.

mandag 19. juli 2010

Festivalens magi...

Det slår faen ikkje feil. Korleis det alltid funkar, dette med festival. Helga har vore slitsom. Tung, jævlig, både varm, kald og latterlig gøy! Til dei uinnvidde: Det har vore fire netter i telt i Tønsberg sentrum. Drøye 70 mil i bil, tre dagar festival. Ein dag som stagehand på Kongescena (hovedscena), ein dag på opplæring som scenemester, og ein dag som scenemester aleine på Tårnlunden (som naturlig nok da er den minste scena av fire).

Så når dei reine fakta om alt eg visste på forhånd er på plass, så kjem lista over alt som har skjedd:

  • Første dag tok det ein og ein halv time å bli gjennomblaut. Overalt. Med regnjakke og sydvest. Så tok det åtte timar å tørke opp igjen etterpå. Takke seg til ein ekstra genser og t-skjorte.
  • Strekke kablar i kabelgate = slit.
  • Volbeat = ville mengder utstyr. Det såg forsåvidt ganske kult ut, men når man tenker over kor mykje som blei bært og trilla så var det faen ikkje verdt det.
  • Susanne Sundfør var finfint.
  • Kaffeavtalen til Friele var heilt konge for oss som syns det er for lenge å vente og for mykje styr å prøve å finne fatt i ei kaffekanne man får lov til å ha på scena hjå seg. Fin kopp og!
  • Ærlig talt, det er jækla unødvendig å klage og syte i ville mengder for at man har ein rotete kvadratmeter på hovedscena. Som er ganske stor. Og den eine rotete kvadratmeteren er der fordi det er seks mennesker på jobb som har alle tinga sine der.
  • Jordbær = namnam.
  • Når ingen klarar å orge middagslevering på scena, så går man backstage og et grillmat. Heilt ok erstatning når man faktisk har all access-bånd.
  • Opptellingen viser at undertegna fekk heile sju (7) festivalbånd i løpet av første døgnet på festival. Campbånd, festivalbånd, tre frivilligbånd pluss all access-bånd og kaffebånd. Man hadde klart seg med tre av dei.
  • Å rigge fort som faen til Sivert Høyem med det mål for auget å få med seg så mykje som mulig av Zeromancer i solnedgang på toppen av fjellet funkar. Halve konserten blei det, og trivelig å sjå det heile fra scena, det og takka vere nevnte all acces-bånd.
  • Det er nedtur å ikkje få seg ein dusj når det var planen og sårt tiltrengt. Særlig når man først blir skuffa fordi dusjtida er utsatt med ein time og ekstra mykje når man finn ut at dusjane er ein heilt annan plass og man dermed ikkje har tid lenger.
  • Artig å jobbe på ei scene der du knapt klarar å uttale halvparten av bandnavna...
  • The Pink Robots er uhyggelig oppskrytt.
  • Avslutningsbandet på Tårnlunden fredag heitte så mykje som Ultra Mega Technobandid Stefan, var fra Island og galskap fra start til slutt.
  • Lørdag = dusjdag. Og akkurat den dusjen gjorde meg nok glad heile dagen gjennom. 
  • Slow Club-gjengen sov på toppen av fjellet når man kom på jobb.
  • Samband, samband, det er gøy! :)
  • Det er greit å vere scenemester når det største problemet ditt er at banda som skal spele kjem mellom ein halvtime og halvannan time tidligare enn dei skal og du dermed ikkje har nokon plass å gjere av kontrabassar og rhodes og slikt.
  • ...meeen det er litt surt å stå på toppen av ruinane på fjellet etter å ha snike seg unna jobben i to minuttar og sjå på Mew på hovedscena, som kanskje var den andre av to konsertar eg virkelig skulle fått sett alt av. Bra var det og.
  • At Henning serverar øl som vel blåst-takk er finfint. Det var starten på ei lang og rimelig fuktig natt.
  • Wardruna-konserten på Kastellscena var magisk. Heilt fantastisk nydelig.
  • Riffet til Seven Nation Army er tydeligvis ein festival-greie. Kvar dag blei den ralla framfor hovedscena. Til og med under Kelis!
  • Samband, samband, det er fryktelig gøy! Særlig når man er trøtt, har begynt å drikke og finn ut at det er ein god ide og synge nevnte riff opp til Tarjei som fortsatt jobbar og prøver å ha ein anstendig samtale med folk. Det fine er at Tarjei har vett til å svare med samme mynt. Dessuten klarar han ikkje låse ei dør, så Tarjei tapar uansett. :P
  • Fest, fest er bra. Der er det øl, sprit og mat. Og alle ca 40 som var der var like ubrukelig slitne og syns alt var veldig festlig, og slikt må det bli god stemning av. 
  • Det måtte middag til på Egon i Oslo med Dagny før det blei forsvarlig å køyre heim. Deretter måtte det to koppar kaffe til før det blei greit. Ensam lång veg hem. 
  • Og man skal køyre ganske fort for å klare å køyre Oslo-Årdal på 4,5 time. Det tok 4 t og 45 min.
Lista over band eg fekk heilt eller delvis med meg konsertane til: 
Torsdag: Susanne Sundfør, Jaga Jazzist, Volbeat, Belle & Sebastian, Sivert Høyem
Fredag: Hurra Torpedo, Susanna & The Magical Orchestra, Poporn Radio, Banjo or freakout, Jaako & jay, Ultra Mega Technobandid Stefan, The Pink Robots, Hayseed Dixie, Shining, Clutch.
Lørdag: Slow Club, Frøy Aagre, Du (tidligare Det är jag som är döden), Wagle, Ila Auto, Ou Est Le Swimming Pool, Kvelertak, Uncle Deadly, Teenage Fanclub, Mew og Wardruna.

Da er det tilbake til kvardagen. Tanken slo meg i går om at det er under 3 veker til Målrock. Hurra! Da er det på 'an igjen. Ubrukelighet, slitenhet, tusen og ingen tankar på ein gang og kanskje det beste som skjer i året. Det blir stas! Berre sove litt til først...

tirsdag 15. juni 2010

Lykke...

for ein sliten festivalrigger:
  • Namnam laksefilet med potetmos og salat dagen etter festivalen er ferdig.
  • Kassevis med brus og smoothies som i grunn berre må drikkast opp undervegs.
  • Å sjå at ein heil festivalarena er ferdig omorganisert til park og badeanlegg under 24 timar etter det gikk 6000 menneske der og vassa i gjørme.
  • Å kunne kaste sko og sokkar i eit kvarter halvvegs i eit dobbeltskift på 16 timar
  • Nytrakta kaffe.
  • Klysete Bærumsfolk i kvite bukser, kvite Lacoste-sko og så vidare, ute på dugnad for å tene pengar til russebuss, som sklir rundt i gjørme i nevnte kle klokka ni om morgonen ein mandag. Med deg sjølv som übernazisjef som i grunn har nok med å vere vaktbikkje og drikke nevnte nytrakta kaffe.
  • Fest i campingvogna til riggesjefen etter endt dobbeltskift.
  • Å få varmt, nysteikt brød til lunsj på sjette skiftet. To dagar etter festivalslutt. Og å vite at kjøleskapet fortsatt nesten renner over av pålegg.
  • Å sjå at alt er rigga ut over eitt døgn før det som var planlagt og dermed få fri!
God festivalsommar, alle saman. Eventyret har såvidt begynt.

lørdag 30. januar 2010

Kjipe ting...

...Med Depeche Mode-konsert i Bergensområdet:
  • At Veldig Mange Mennesker skal ut til Åsane fører med seg mykje styr per buss.
  • Det er femti tusen bussholdeplassar i Bergen sentrum. Alle merka med bokstavkodar, og det er femti meter mellom kvar, og det er rein bingo kva slags du skal til. Konklusjon: Det lønner seg å ha god tid til bussen.
  • "Konsertbuss" betyr i Bergen at bussen stoppar ti minuttars gange fra konsertlokalet. Eller på nærmaste busstopp, om du vil. Det faktum at det er fire parkeringsplassar av størrelse XXL i nærheten, og at det er nok parkeringsvakter til at dei glatt kunne sperra av litt av den til busstopp, det er det ingen som giddar å bry seg om.
  • Veldig Mange Mennesker.
  • Cashless bongsystem.
  • Den forferdelige liveversjonen av Wrong som er transponert ned til det pinlige. Låten som den er no, er virkelig Wrong. Det funkar nemlig ikkje litt eingang.
  • Eit glas med vatn, sannsynligvis ca 0,4 l kostar 30 kr for ein forkjøla stakkar med tørr hals. Pluss at man må ha cashless-kort.
  • Veldig Mange Mennesker.
  • Det faktum at to meter høge folk tydeligvis på magisk vis plutselig står rett framfor deg tre minuttar før konsertstart.
  • Lyd som du høyrer smeller igjen fra veggen bak deg.
  • Veldig Mange Mennesker Med Øl I Bærebrett.
  • "Bare, unnskyld meg, asså, jeg skal bare fram her jeg!!!"
  • Mennesker med øl i bærebrett og morsomme hattar.
  • Tonedøve Mennesker.
  • Menn som dansar. And not in the good way.
  • Veldig Mange Mennesker Som Klappar I Takt. Trur dei.
  • Folk som plystrar. Det er dei, og ikkje lyden av konserten, som har gitt meg tinnitus i kveld.
  • Blinders som blir brukt som sallys. Det er ikkje spesielt fantastisk.
Og så ei lita liste over fine ting med Depeche Mode-konsert innandørs i Bergensområdet:
  • Bandet ER fortsatt bra. Og innandørs blir dei nok hakket bedre. Vestlandshallen blir jo forsåvidt og intim i Depeche-skala, sidan det neppe var femsifra med publikum der.
  • Det er omsider håp for å få noko utav lysshowet deira. Hipp hipp!
  • Det er litt triveligare å halse ut framfor 9000 andre enn framfor 44000 sånn som i Køben. Å stikke av under siste låta var nok og kanskje eit lite sjakktrekk.
  • Uttalen av ein del tekstfraser fra Dave Gahan.
Og neida, det er ikkje så forferdelig som det måtte høyres ut. Konserten VAR bra, det er berre det at store konsertar er vesentlig vanskeligare å fylle med magien som løftar den opp i skyene. Og det klarar ikkje Depeche Mode, dessverre.

fredag 1. januar 2010

2009 per liste.

Listegalskapen min ønsker 2010 velkommen ved å oppsummere 2009... i lister.

Topp 5 plater 2009:
1. Zeromancer - Sinners International - Lenge etterlengta, ein stor suksess.
1. Kent - Röd - Deler 1.plassen med ZMR fordi den er fantastisk.
3. Dunderbeist - 8 Crows & Counting - Gøy med litt smålokale innslag.
4. Bob Hund - Folkmusik För Folk Som Inte Kan Bete Sig Som Folk - Etter ein kanonkonsert måtte den kjøpast. Eg har ikkje angra.
5. Kaizers Orchestra - Våre Demoner - Fylt med masse snacks det er finfint å ha i innspelt form. Da kunne eg endelig slette ein del bedritne bootlegs..!

Topp 5 konsertar 2009:
1. Bob Hund, Slottsfjellfestivalen 18.07 - Heilt vilt. Enkelt og greit.
2. Zeromancer, Leipzig 04.04 - Alltid bra, her bidrog vel galne tyskarar til at det blei enda bedre.
3. Detektivbyrån, Hydranten 23.10 - Sær, sær gladmusikk. Lysande, rett og slett.
4. Kaizers Orchestra, Blæst 02.05 - Kaizersturneen var på fire dagar og blei avslutta med den beste konserten på turen, i Trondheim.
5. Zeromancer, Paris 08.04 - Det er noko heilt spesielt å sjå folk som ligger utslått på ei scene etter å ha spelt pusten av seg..

Topp 10 artistar, musikkstatistikk 2009:
1. Kent (4701 ganger)
2. Zeromancer (1942 ganger)
3. Seigmen (1385 ganger)
4. David Ruiz (1004 ganger)
5. Kaizers Orchestra (826 ganger)
6. Depeche Mode (801 ganger)
7. Ljungblut (721 ganger)
8. Dunderbeist (536 ganger)
9. Nine Inch Nails (369 ganger)
10. Skambankt (347 ganger)

Nerd sa du? Neida.

Menneske som har gjort 2009 til eit bra år (ei liste utelukka fra rangering):
- Veronica - alltid der, uansett.
- Kaja og Niels - Reisefølget er savna! :)
Familiens indre kjerne;
Caroline, Kristian, Sindre og Dagny. Fire særdeles gode grunnar til at eg faktisk har tilbrakt store deler av høsten i Hamar og ikkje på buss og tog. Tusen takk, det finns inga ord...

Da gjenstår det å ønske godt nyttår og velkommen til 2010! Alt i alt har 2009 for meg vore rimelig bra, sjølv om det kanskje ikkje alltid høyres sånn ut. Ting har ein gang vore verre før, så eg ramlar vidare og håpar på at det kanskje kan bli enda bedre. Alt eg støter på undervegs er utfordringar som uheldigvis berre må løysast. Det får gjerne bloggen min gjennomgå for, og det er derfor eg har den.

Lykke til med det nye året til alle som måtte snuble innom og lese!

fredag 18. desember 2009

Lister..

...Er det altfor lenge sidan eg har komt opp med. Derfor kjem det no ei heilt random liste berre for å liste litt. Fordi lister er gøy!
  • 22,8 kuldegrader er kaldt.
  • Som den barnslige drittungen eg er, går eg gjerne ut på tur i kulden berre fordi eg føler for det. Og for å kunne skryte om at eg har gjort det.
  • Hypotesen min om at eg er bedre i dart når eg har fått i meg tilstrekkeleg med næring, er rein løgn.
  • Eg har handla verdens mest unyttige pyntegjenstand til Veronica. Og eg oppdaga at den hadde skjulte kvalitetar etter at eg kjøpte den. Enda bedre!
  • Eg har kost meg med å handle på leikebutikk i dag, og var farlig nær å kjøpe lego. Til meg sjølv.
  • Eg har visst tatt fram igjen Theme Hospital. Hjelpes, det er fortsatt gøy.
  • Eg skyter glatt 250 rotter på første bonusbrettet til punktet over. Klokka eitt om natta.
  • Ferie er ein ting eg ikkje forstår meg på, så eg veit ikkje heilt kva det er.
  • Sosial intelligens likeså. Eg er drittlei av det og lurer på om det nokon sinne vil bli bedre. Det hadde vore fint.
  • NRK Sogn og Fjordane har det med å ringe meg når eg helst ikkje vil snakke med dei.
  • Mine touch av migrene er faen meg nesten like kjipt som å ha skikkelige anfall. Og eg har dei små toucha heile tida.
  • Punktet over gjer meg latterleg tilbakeståande og knuser kveldar eg egentlig har tenkt å nyte alkohol, og det på ein svært effektiv måte.
  • Følelsen om at det er ein god ide å mose hovudet i veggen og at det faktisk vil hjelpe, er veldig sær.
  • Heldigvis seier logikken min at det ikkje er lurt, men psyken min har fortsatt lyst. Eg har i alle fall delvis lært meg å lytte til logikken framfor psyken.
  • Eg har lagt min elsk på Bellman det siste døgnet.
  • Eg er ferdig med alle julepresangane..
  • ...eig ikkje julestemning...
  • ...men gledar meg faktisk litt til å reise heim ein tur. Inkludert bussturen faktisk!
  • Eg vil nok le til eg griner av Grevinnen og Hovmesteren i år og.
  • Og eg håpar alle eg kjenner har meir julestemning enn meg og klarar å nyte jula. :)

lørdag 16. mai 2009

Irriterande ting...

...man får med seg under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix:

- "Ojoj, han har skrevet låten sin selv! Han er en ORDENTLIG kunstner!!!"
- Deltakarar som "spelar" flygel og viftar med sin høgre arm mens pianospelet fortsett som før. Alle veit at dei ikkje spelar, men det får da vere grenser...
- Den franske artisten er diva og har berre holdt seg saman med sin lille, kvite puddel den siste veka.
- Fransk.
- Synnøve Svabø har veldig, veldig mange favorittar i finalen. Ca. 25, for å vere nøyaktig.
- Det er litt for mange som prøver å vere Christina Aguilera. Uten at det funkar.
- Trange skjorter nedknappa til brystkassa på menn er ikkje spesielt pent. Uansett.
- Synnøve Svabø er ikkje den skarpaste kniven i skuffen, for å sei det fint.
- Sløyfer større enn hovudet ditt passar ikkje på kjolen.
- Russarar er glade i pyro, men har vett til å ha det høgt nok under taket og uten scenetepper.
- "Eurovision Song Contest" er vel kanskje ein bitteliten overdrivelse...
- Frk. Svabø er fortsatt ikkje spesielt smart.
- Det fins utrulig mange stygge kjolar i verden.
- "...Og nå ser vi nesten det norske bordet... DER ER DET NORSKE BORDET! WUUHUUU!!!!"
- Det er ikkje verken tøft eller pent å spele trommesett med rød, tettsittande kjole. Sorry.
- United Kingdom = England ja. Det tek ikkje 3 sekund å finne det ut.
- "E det innvandrarar fra Norge i Tyskland og?" - Kennet når Norge får 12 poeng.
- Island er nabo med Finland i tilfelle nokon lurte.
- "Han er sikkert en suuperkjendis!!!"
- "Sniff sniff, snuff snuff!"
- "Kanskje ho er klipt ut for å passe i det bildet der..." - Mamma
- Synnøve Svabø overgikk seg sjølv under stemmingen. Eg trudde ikkje det var mulig.

...Men det er jo litt gøy å vinne. Og MGP er jo eingang det du egentlig hatar, men som du likevel må sjå på... Sånn er det visst her og.

mandag 11. mai 2009

Eg har LYST til å:
- leike med dei finfine MAC300 som står på Hydranten.
- gjere heile huskelista over ting som skal ordnast av tekniske ting på Hydranten.
- promotere Målrock.
- redigere heimesidene til Målrock, sjølv om systemet berre funkar i windows og er tungvint.
- lese bøker
- spele musikk
- drikke kald pils i sola
- sette meg ein fin vårkveld på Koigen med skrivebok, penn, iPod og mange blanke ark og la orda komme til sin rett
- vaske badet
- rense ventilatoren til komfyren

Eg BØR:
- lese som ein idiot til eksamen i morgon
- låse meg inne med bøkene mine sånn at eg har ein sjans til å komme gjennom 500 sider på 2 veker.
- sove
- ikkje oppdatere bloggen min no.

Och hur som helst och när som helst
och var som helst kan allt ta slut
Så stanna klockan ta en timeout

Det er da berre faen at eg finn det for godt midt i eksamenshelvete da.

mandag 24. mars 2008

Lister er gøy, folkens!

Det er heilt utrulig at det ikkje er nokon som syns listene mine er skikkelig stas. Jaja, det får så vere, eg kosar meg da. Så, på 2.påskedag har eg brukt tida på ein listeleik. Det fristar meg å sjå kva andre har å komme med her, så eg oppfordrar folk å bli med! Det er litt tidkrevande, men... morro...?!

Reglane først:
- List opp plater som har hatt stor betydning på deg fra kvart år sidan du blei fødd fram til siste år. Dvs. at det skal vere med minst ei plate som har eller har hatt ein spesiell betydning fra kvart år sidan du blei fødd (eg har plater fra 1986 og utover).
- Det må vere med minst 1 plate per år, maks 3. Eg klarte ikkje den øvre grensa på 3, men har prøvd så godt eg kunne (og det var grådig tøft enkelte år!).
- Veldig viktig med utgivelsesår. Er ei plate gitt ut i 1995 og ikkje oppdaga før mange år etterpå, så skal plata på året 1995 uavhengig av når du oppdaga den. Er den utgitt før du er fødd, så kan du ikkje ta den med.
- Det er juks å unngå pinlighetar.
- Wikipedia er din venn: http://en.wikipedia.org/wiki/1986_in_music

Så, her er lista mi:

1986: Depeche Mode - Black Celebration

1987: Pink Floyd - A Momentary Lapse Of Reason
Depeche Mode - Music For The Masses

1988: Tracy Chapman - Tracy Chapman
Dire Straits - Money For Nothing (sidan Brothers In Arms kom ut året før eg blei fødd)
Pink Floyd - Delicate Sound Of Thunder

1989: Madonna - Like A Prayer (gjorde voldsomt inntrykk på meg som 4-5-åring)

1990: Ludvigsen - Bli Blid! (hadde eg på kassett og var ein superhit i barnehagen)
Øystein Sunde - Sundes 40 beste (har fulgt meg sidan tidlig nittitall)
Roger Waters - The Wall Live In Berlin (denne er sett på vhs veldig tidlig!)
Forøvrig eit jækla vanskelig år, eg har 7 plater på lista fra 1990 som burde vore verdt å nevne. Har prioritert ting som ikkje har komt med før, og eg har veldig lyst å ha med Jan Garbarek - I took up the runes og, på tross av at det ikkje var aktuell musikk før i 2007.

1991: R.E.M - Out Of Time (Nok eit band som har fulgt meg omtrent sidan da)
Nirvana - Nevermind
Genesis - We Can't Dance (Oppvekstsak)

1992: Seigmen - Pluto (den første Seigmenplata eg kjøpte)
Rage Against The Machine - Rage Against The Machine
R.E.M - Automatic For The People (mykje spelt oppigjennom)

1993: Seigmen - Ameneon (alle Seigmenplatene betyr veldig mykje for meg)
Tom Waits - The Black Rider (for å ha med litt Waits)

1994: Seigmen - Total (magi på cd)
Pink Floyd - The Division Bell (er eit soundtrack for 90-tallet for meg)

1995: Pink Floyd - P.U.L.S.E. (magisk)
Seigmen - Metropolis (tross alt det første eg hørte av Seigmen)

1996: TOOL - Ænima
Backstreet Boys - Bacstreet Boys (nesten alle har jo vore der ein eller annan gang...)

1997: Spice Girls - Spice (var aldri spesielt inne i greia, men har spelt plata mykje likevel. Takke seg til at eg var 12/13.)
Backstreet Boys - Backstreet's Back (som vel var den verste perioden gitt)
Radiohead - OK Computer

1998: Phil Collins - Hits (har komt som ein naturlig sammensurium med Genesis)
The Offspring - Americana (var jo vanvittig poppis på den tida her)
Seigmen - Radiowaves
SubGud - Magnet kom akkurat ikkje med, men det har berre med at den foreløpig ikkje er betydningsfull nok å gjere.

1999: Kent - Hagnesta Hill
Turbonegro - Apocalypse Dudes
The Bloodhound Gang - Hooray For Boobies

2000: Zeromancer - Clone Your Lover
A Perfect Circle - Mer De Noms
Coldplay - Parachusets (ein del av det eg hørte mykje på mellom 2000-2002)

2001: Kaizers Orchestra - Ompa Til Du Dør (gigantisk vendepunkt i ei tid med rimelig stillstand i musikkverdenen min)
R.E.M. - Reveal
Zeromancer - Eurotrash

2002: Alanis Morissette - Under Rug Swept
Kent - Vapen & Ammunition
Gåte - Jygri

2003: Cloroform - Hey You Let's Kiss
The White Stripes - Elephant
Radiohead - Hail To The Thief
(her er både Zeromancer og Kaizers utelatt, men burde jo lett vore med. Resten no er vondt og vanskelig, med unntak av 2004 som var eit sløvt musikkår!)

2004: Franz Ferdinand - Franz Ferdinand
The Hives - Tyrannosaurus Hives

2005: Kaizers Orchestra - Maestro
Ljungblut - The Other Side Of All Things/Influences For A New Album
Delaware - Lost In The Beauty of Innocence
Ikkje faen at eg klarar berre 3 her, eg hadde 10 i utgangspunktet. Madrugada (The Deep End), NIN (With Teeth), Depeche Mode (Playing The Angel) og System Of A Down (Mezmerize) er veldig viktige plater og. 2005 var eit knallår!

2006: TOOL - 10 000 Days
David Gilmour - On An Island
My Chemical Romance - The Black Parade (hehehe)

2007: Amy MacDonald - This Is The Life
Ljungblut - Capitals
Ulver - Shadows Of The Sun
Porcupine Tree - Fear Of A Blank Planet
Jepp, her klarte eg ikkje velge 3. Like viktige alle 4 her.

2008 (så langt): Kaizers Orchestra - Maskineri (garantert ein som vil sitte igjen seinare)
Madrugada - Madrugada

Og så må eg knuse litt på reglane og nevne Knutsen & Ludvigsen - Fiskepudding! Lakrisbåter! her og (på tross av at den kom ut i 1980). Den har bestemor på vinyl og eg på kassett, og det er magisk barnemusikk.

Jepp. Da ventar eg på di liste.

søndag 17. februar 2008

Ting....

Meir lister! For vi er jo så vanvittig glade i lister! Det vitnar jo den enorme oppslutninga om forrige blogginnlegg om syns eg. Anyway: Ny liste.

Ting ein kan bruke tid på under ein tur med t-banelinje 1 fra Frognerseteren:
  • Fundere på kor mykje pelsen til fruen som sitt ved sidan av kostar.
  • Tenke over om dei faktisk er lykkeligare på nevnte grunnlag. Muligens ikkje.
  • Få eit tjue minuttars språkkurs i finsk aldeles gratis. Du forstår berre ingenting og høyrer med jamne ord ordet "Holmenkollen" og forstår enda mindre.
  • Lure på korleis "nststsjrslmdl" for nokon i heile verda kan forståast som "neste stasjon er Slemdal." Det er litt enklare med "drlks", for den kjem så ofte.
  • La seg imponere over at folk smører skia sine før dei har vore i nærheten av snø eingang.
  • Lage ein matematisk formel over kor mange reklameskilt det er for kvikk lunsj på t-bane-stolpane på vestkanten.
  • Tenke over kor mykje villaen du nettopp såg ville kosta deg, og om det ville blitt verre eller bedre med amerikanske obligasjonar gjennom Terra...

Syns det er stusselig med bloggoppdatering rundtomkring, kjære venner. Og eg jobbar for tida på ein større sak som angår såkalte pipevestlendingar, den havnar sikkert her når den er reinskriven og eg har sove ut etter døgninga mi.

lørdag 9. februar 2008

Ting eg har lært.

Det heiter seg slik at man lærer så lenge man lever. Det er det jo tydeligvis eit poeng i. Derfor kjem eg med ei ny liste:

Ting eg har lært.

  • Bergen må vere hovudstaden for emoar i Noreg. Omtrent halvparten av folka eg såg på bystasjonen i går, var emoar eller goth-folk. Kan det ha noko å gjere med at det regnar så mykje?
  • Somaliarar et på søstrene sine. "Skal du ha mat?" "Nei, jeg spiste på søstern."
  • I Bergen har alle med seg paraply. Alltid. Til og med tenåringsguttar av typen kule-i-gjengen.
  • Hybelkanin og hybelkanin gir hund. Det seier i alle fall mamma.
  • Det er god mote i ein kul paraply.
  • Os skal mobbast, og grunnen til det vil alltid vere Terje Søviknes, uavhengig om han har makta eller ei. Det er ille nok at han har hatt den.
  • Gamle damer som føler seg oppdatert når dei klarar å bruke ein fryktelig gammal mobiltelefon ser veldig stygt på deg når du sitt på bussen med laptopen og skriver ved hjelp av touchmetoden.
  • Rune meinar at Veronica er trøtt som ein musling om morgonen. Og det stemmer.
  • Du får veldig mange stygge blikk om du, uten å vere stamkunde, viser deg på ein bingokveld og blir med og spelar.
  • Gamle folk er frekke på å snike i kø på butikken, for så å betale med femtiøringar tydelig oppgitt over at tiøren er ute av bruk.
  • Mamma har bestemt seg for å bli pensjonist av den typen nevnt i punktet over.
  • LOLE is the new LOL.
  • Folk seier Veronica lignar på barten.
  • Det er mykje morro i ei meiningslaus liste.

tirsdag 5. juni 2007

Smarte ting

Lister er særs kjekke saker, og sidan alle listene mine har hausta ståande applaus (eeeh.. kvar er den?!), så kjem det her ei liste over smarte ting:

  • Å klunke vodka reint rett fra flaska
  • Å begynne på ei oppgave med eit omfang på 5 sider samme dagen som den skal leverast
  • Gå på eit kjøpesenter rett etter utbetaling fra Lånekassa
  • Gå på Platekompaniet rett etter utbetaling fra Lånekassa
  • Prøve å leite etter kle på Zara om du normalt sett brukar noko i nærheten av 40 i kle.
  • Krysse Storgata v/Gunerius i Oslo på rød mann i rushtida.
  • Sove mindre enn 5 timar per natt
  • Gå på Siste Indre i den intensjon å ta EI pils
  • Diskutere Mac VS PC med ein som hatar Mac.
  • Skrive blogg i staden for essay 6 dagar før det skal leverast
  • Forstue to fingrar to dagar før hovedinstrumenteksamen

lørdag 12. mai 2007

Vilkårlig liste!

Føler for å skrive ein bloggpost, og det blir rett og slett ei vilkårlig liste over alt mulig!

  • Russebodega er GØY. Sjekk ut albumet på Facebook for å sjå dei søte bildene.
  • Stilmessig nok blir det spelt tjukke mengder altfor dårlig musikk på Bodegan, men det var heilt greit, sidan det tross alt var russebodega.
  • Blæstadfolk er litt for glad i Hellbillies.
  • Eg mislikar Hellbillies ganske kraftig.
  • D.D.E., derimot, er tøft. I godt selskap med kvalitetsmusikk som
    • Vømmøl Spellmannslag
    • Vinskvetten
  • Øl er godt, og slikt blir man full av.
  • Jævla Tolo.
  • Det fins altfor mange dårlige filmar i verda.
  • Akkordframande tonar som er betont er ikkje spesielt kjekke
  • Akkordframande tonar som ikkje er betont er like teite.
  • Det å faktisk få gjort noko i satslære er bra.
  • Det fins ein veeeldig skummel person der ute.
  • Miles Davis = Mi les avis på sørlandsk når du begynnar å endre på trykkstAvelsen og har dårlig hørsel.
  • 1 l appelsinjuice (meierienes) knuser og forureinar inngangspartiet fra 3.etasje.
  • Den nye meldingslyden min er verdens tøffaste. Høyr den her!
  • Definisjon på bygdetullingar: "Oj, et menneske! HJELP!!!"
  • Facebook er fryktelig farlig.
  • Adrian måtte klippe neglene sine, da det ikkje var så vanskelig å få 15 personar inn i ei Facebook-gruppe.
  • Førerkorg er er det bare gøy.
  • Veronica får IKKJE LOV til å klunke vodka rett fra flaska.
  • Spareku er tøffare enn sparegris.