tirsdag 15. juni 2010

Lykke...

for ein sliten festivalrigger:
  • Namnam laksefilet med potetmos og salat dagen etter festivalen er ferdig.
  • Kassevis med brus og smoothies som i grunn berre må drikkast opp undervegs.
  • Å sjå at ein heil festivalarena er ferdig omorganisert til park og badeanlegg under 24 timar etter det gikk 6000 menneske der og vassa i gjørme.
  • Å kunne kaste sko og sokkar i eit kvarter halvvegs i eit dobbeltskift på 16 timar
  • Nytrakta kaffe.
  • Klysete Bærumsfolk i kvite bukser, kvite Lacoste-sko og så vidare, ute på dugnad for å tene pengar til russebuss, som sklir rundt i gjørme i nevnte kle klokka ni om morgonen ein mandag. Med deg sjølv som übernazisjef som i grunn har nok med å vere vaktbikkje og drikke nevnte nytrakta kaffe.
  • Fest i campingvogna til riggesjefen etter endt dobbeltskift.
  • Å få varmt, nysteikt brød til lunsj på sjette skiftet. To dagar etter festivalslutt. Og å vite at kjøleskapet fortsatt nesten renner over av pålegg.
  • Å sjå at alt er rigga ut over eitt døgn før det som var planlagt og dermed få fri!
God festivalsommar, alle saman. Eventyret har såvidt begynt.

Ingen kommentarer: