søndag 13. juni 2010

Festivalsommaren...

...Er for alvor i gang. Eg blir merkelig blid og hyggelig når eg jobbar på festival, lurer på om det er fordi alle er så positive heile tida. Ingen kjeftar sjølv om alle gjer feil. Respekt mellom folk er det viktigaste for å unngå trøbbel, og alle er innstilt på at sånn må det vere. Det er magisk, og eg syns det er fantastisk. Sjølv om eg sutrar for å vere sliten fordi eg har jobba 25 timar på totalt 32,5, sjølv om eg må jogge til toget og ikkje klarar å få kroppen med meg, sjølv om blåmerker og småsår dukkar opp i nye variantar omtrent kvart tiande minutt, og sjølv om eg har to forskjellige tidsrekningar i hovudet mitt når eg omsider kan bruke tida til å sove ut.

For det er litt stas å stå der og sjå på alt ein har vore med og utretta. Sjå fem tusen menneske kose seg på bakgrunn av eigen og dei andre sin arbeidsinnsats. Vere ein del av eit stort team der alle står på for å skape musikkmagi og herlige opplevelsar. Folk som ein på femte året i festivalbransjen møter igjen år etter år. Leve heile dagar på kaffe og litt tørr brødmat og bli fra seg av lykke av ein ålreit utforma biff stroganoff og ein cola. Vere ute heile dagen. Drite i at det regnar og at ein får gjørme under neglene og oppover beina. Det er festival.

"Det er en her med en sammenleggbar bar, kjenner du til det?"
"Jada... Det er en sånn sammenleggbar, det. Den skal inn!"

Ingen kommentarer: