Men det var først i helga eg kom til å tenke over det. At eg speidar etter det mørke i augene på folk. Det tomme blikket rett fram i lufta som forteller at ting ikkje er på stell sjølv om det er støy og god stemning rundt. Mørket. Og at eg er enig med meg sjølv om at folk er bedre mennesker med ein gang eg har sett det. Det engasjerar meg, for eg veit aldri heilt om eg egentlig vil vite om det som ligg bak. Men eg trur det. Og eg bryr meg. Kanskje litt for mykje i blant, men sjølv om eg ofte er for feig til å spørre, betyr det ikkje at eg ikkje ser det.
mandag 28. juni 2010
Mørket...
Eg lurer litt på kva det er i blant eg. Som gjer at eg alltid blir ståande og sjå etter det her. Mystiske greier som gjer at eg føler at eg kjenner folk bedre etterpå. Eg føler at eg ser folk som dei egentleg er. Dei to sekundane der ein ser alt ikkje alltid er bra uansett, før alt glir tilbake til normalen. For den som påstår at alt er bra alltid lyg, og eg veit det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar