Ting eg har lært.
- Bergen må vere hovudstaden for emoar i Noreg. Omtrent halvparten av folka eg såg på bystasjonen i går, var emoar eller goth-folk. Kan det ha noko å gjere med at det regnar så mykje?
- Somaliarar et på søstrene sine. "Skal du ha mat?" "Nei, jeg spiste på søstern."
- I Bergen har alle med seg paraply. Alltid. Til og med tenåringsguttar av typen kule-i-gjengen.
- Hybelkanin og hybelkanin gir hund. Det seier i alle fall mamma.
- Det er god mote i ein kul paraply.
- Os skal mobbast, og grunnen til det vil alltid vere Terje Søviknes, uavhengig om han har makta eller ei. Det er ille nok at han har hatt den.
- Gamle damer som føler seg oppdatert når dei klarar å bruke ein fryktelig gammal mobiltelefon ser veldig stygt på deg når du sitt på bussen med laptopen og skriver ved hjelp av touchmetoden.
- Rune meinar at Veronica er trøtt som ein musling om morgonen. Og det stemmer.
- Du får veldig mange stygge blikk om du, uten å vere stamkunde, viser deg på ein bingokveld og blir med og spelar.
- Gamle folk er frekke på å snike i kø på butikken, for så å betale med femtiøringar tydelig oppgitt over at tiøren er ute av bruk.
- Mamma har bestemt seg for å bli pensjonist av den typen nevnt i punktet over.
- LOLE is the new LOL.
- Folk seier Veronica lignar på barten.
- Det er mykje morro i ei meiningslaus liste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar