- 22,8 kuldegrader er kaldt.
- Som den barnslige drittungen eg er, går eg gjerne ut på tur i kulden berre fordi eg føler for det. Og for å kunne skryte om at eg har gjort det.
- Hypotesen min om at eg er bedre i dart når eg har fått i meg tilstrekkeleg med næring, er rein løgn.
- Eg har handla verdens mest unyttige pyntegjenstand til Veronica. Og eg oppdaga at den hadde skjulte kvalitetar etter at eg kjøpte den. Enda bedre!
- Eg har kost meg med å handle på leikebutikk i dag, og var farlig nær å kjøpe lego. Til meg sjølv.
- Eg har visst tatt fram igjen Theme Hospital. Hjelpes, det er fortsatt gøy.
- Eg skyter glatt 250 rotter på første bonusbrettet til punktet over. Klokka eitt om natta.
- Ferie er ein ting eg ikkje forstår meg på, så eg veit ikkje heilt kva det er.
- Sosial intelligens likeså. Eg er drittlei av det og lurer på om det nokon sinne vil bli bedre. Det hadde vore fint.
- NRK Sogn og Fjordane har det med å ringe meg når eg helst ikkje vil snakke med dei.
- Mine touch av migrene er faen meg nesten like kjipt som å ha skikkelige anfall. Og eg har dei små toucha heile tida.
- Punktet over gjer meg latterleg tilbakeståande og knuser kveldar eg egentlig har tenkt å nyte alkohol, og det på ein svært effektiv måte.
- Følelsen om at det er ein god ide å mose hovudet i veggen og at det faktisk vil hjelpe, er veldig sær.
- Heldigvis seier logikken min at det ikkje er lurt, men psyken min har fortsatt lyst. Eg har i alle fall delvis lært meg å lytte til logikken framfor psyken.
- Eg har lagt min elsk på Bellman det siste døgnet.
- Eg er ferdig med alle julepresangane..
- ...eig ikkje julestemning...
- ...men gledar meg faktisk litt til å reise heim ein tur. Inkludert bussturen faktisk!
- Eg vil nok le til eg griner av Grevinnen og Hovmesteren i år og.
- Og eg håpar alle eg kjenner har meir julestemning enn meg og klarar å nyte jula. :)
Information about India travel guide
for 11 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar