mandag 21. desember 2009

Denne jula...

Jula er visst over oss igjen. Det står skrive overalt, faktisk. Send juleposten, husk dagens luke i alle dei femtito tusen ulike julekalendarane som fins. Blir det kvit jul? Sjå nyaste prognose her... Og så vidare. Bla, bla, bla... Det er så mykje mas. Eg merkar det er slitsomt, for eg har ingen julestemning. Den har vore vekke i mange, mange år, og eg veit ikkje kvar den har gøymt seg. Tru meg, eg har leita. I fjor leita eg ved å bli med i kyrkja på julafta for å synge julesangar. Det endte i frustrasjon fordi ingen hadde hatt vett til å nummerere versa på julesangane, så folk sang ulike vers om kvarandre. Mange har kanskje sine stusselige tider i jula i forhold til familie og slikt, men det er sjelden eit stort problem for meg. Javel, eg har dobbel familie og dermed eit evig problem med å få tid og ork til alle, men det er like problematisk ellers i året som i jula, og eg er av og til, i år for eksempel, så fantastisk priviligert at eg har alle saman innanfor ei ramme på fem minuttar i bil. Det velger eg å sette pris på, og dei fleste har heldigvis forståelse for at det er viktig for meg å få lov å stikke av fra kaffe heime for å drikke kaffe med pappa og kostebinderiet på den andre halvdelen av bygda. Eg har dei i alle fall, alle saman. Og alle heime hjå oss har sjåfør heim når det har blitt nok akevitt og juleøl og alle verdensproblema har blitt løyst godt utpå kvelden.

Det blir nok sånn at eg ler til eg griner av Grevinnen og Hovmesteren i år og ("I'll do my very best!"), er eg heldig kjem bestemor og lagar gløgg til. Vi slåss alltid med det faktum at vi har furu som juletre og dermed er det barnåler overalt, all innkjøpt julepynt er for liten til at vi får den på greinene og vi kranglar om kven av ungane som skal ha det lille treet som bestefar har hogd, som forøvrig blir større og større for kvart år som går, på rommet sitt. Mamma blir som vanlig smågrinete og sur når ho ikkje klarar å få ungane til sengs fordi ho skal lage leiteleik til morgonen etterpå, og dei siste åra har eg og vore med på dikting og tegning for å forvirre og forsinke små ungar som er morgonfuglar på julafta sånn at vi kan få sove litt lenger. Eg nektar å sjå Tre nøtter til Askepott på grunn av den kjipe dubben, men blir alltid sittande å sjå på likevel, eg forlet rommet når sølvguttene synger julen inn, vi kranglar om kven som har dusja vekk alt det varme vatnet og vi har ein alltid like tåpelig provoserande diskusjon om kven som skal vere heime og passe på maten mens resten av gjengen er i kyrkja. Det slår jo ikkje feil, det er litt av greia. Nissen dansar på verandaen når han kjem, godt hjulpen av ein akevitt eller to i forkant. Vi åpnar ein og ein pakke fra den gigantiske haugen under juletreet til dei yngste sovnar i sofaen av utmattelse, vi må hasteutdele dei siste til ungane for at dei skal holde ut, og bikkja er disiplinert nok til å vente til det er hennar tur til å få pakken med både bånd og merkelapp på, som ho forøvrig lokaliserte lenge før middagen.

Det er jo mykje fint i jula. Eg klagar ikkje. Det er periodevis utrulig slitsomt og hektisk, men eg ofrar meg lett for å rekke alle. Det er viktig for meg, sånn må det vere og det skal eg takle. Eg tenker kanskje spesielt litt på Kaja når eg tenker over slikt, som på andre året må feire jula utan nokon av sine foreldre, og det slår meg som vanlig at "du kan jo få låne av meg, eg har jo dobbelt opp!". Hadde det enda vore så enkelt... Eg må jo da vere glad for at eg har så mange, for eg har ingen å miste. Det trur eg ikkje vi har nokon av oss.

Men julestemning? Ingen verdens ting. Det er stas med pakkar (både å gi og få), det er stas med god mat, men eg føler veldig liten glede over det heile. Eg anar ikkje kvifor, og eg kunne faktisk tenkt meg å finne julestemningen igjen snart. Det har gått så langt at eg ikkje huskar korleis det føles. Kanskje like greit å ikkje vite kva eg går glipp av, sidan utsikta til å få julestemning ser dårlig ut i år og. Eg reiser heim i morgon, gledar meg til å sjå igjen dei som ventar berre på meg før det er jul og ofrar meg for at i alle fall dei skal få vere glade i jula.

Ingen andre fortjener nemlig å mangle julestemningen sånn syns eg. Og klarar eg da å la alle andre ha julestemningen sin, så er det verdt det for meg. Da kan eg gå uten min, eg klarar å late som.

Ingen kommentarer: