Og vips, så var det gjort at heile Norge kjenner nabolaget mitt. No slepp eg kanskje å forklare i detalj eit par veker framover om folk spør...?
For i dag skjedde det igjen. Ein liten bit av ein fjellknabb som eg har sett stygt på i fleire år fann det for godt å ta turen nedover fjellsida. Resultatet av denne moroa fann det for godt å plassere seg ca 200 m fra huset mitt heime. Klart, ein viss risiko må ein jo leve med når ein buset seg innerst i Sognefjorden blant fjell på omtrent 1000 m til alle kantar, og det er vi da inderlig godt klar over. Vi kjenner våre faresignal, vi veit kvar vi ikkje skal gå når det regnar og bles og dei fleste av oss vurderar faktisk rasfare kontinuerlig når vi skal noko, særleg på hausten. Berre det at her har det ikkje rasa før. Det her er eit område som blir ansett som trygt, i alle fall 100 meter til vestover, så langt heile Årdal egentlig er spesielt trygt. Det rasar ikkje stein så langt ned her, som jo er litt av grunnen til at rasvollen sluttar like ved sidan av der dette raset kom ned.
Vi fungerar gjerne slik når slikt skjer: Det brakar jævlig i fjellsida, og vi undrar jo litt på kva som skjer, så vi tar oss ein tur bort i glaset for å sjå oss rundt. I mørket ser vi gjerne både gnistar og høyrer buldringa som er på høgde med eit solid tordenvær fra fjellsida like oppanfor, og tenker vel kanskje innerst inne at faen, dette var stort... Så blir vi ståande der og sjå da, vi ser på at steinane ramlar nedover og, som i dette tilfellet, ender opp i folk sine hagar. Vi ventar litt, lar støvskya legge seg og høyrer etter om det har slutta å ramle andre ting enn småstein oppi fjellsida, før vi tar ein tur ut for å sjekke ståa og kor langt ned det har ramla denne gangen. Vi konstaterar fakta, og ruslar heim. I dei fleste tilfelle går vi og legg oss igjen, men i akkurat dette tilfellet måtte ein, på politiet og beredskapen si oppfordring, sjå på det heile som ein utmerka mulighet til å treffe svigers klokka to om natta, og ta seg ein litt spontan overnattingstur.
...Og dagen derpå ruslar vi tilbake og ser over området, konstaterar at det ser litt jævligare ut enn det gjorde natta før, reiser heim, lagar middag og tenker at jaja, da blir det jo ei stund til neste gang!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar