mandag 30. november 2009

Tiger, tiger.

Dama ved sidan av meg er av den eldre typen og ser både blasert og jovial ut på ein gang der ho sitt på vindaugsplass på buss 81A mot Greverud om Tårnåsen. Ho er kledd i ulike rosa nyansar frå topp til tå i ein litt uggen kombinasjon og ser litt ut som ein eldre og triveligare utgåve av professor Uffert i Harry Potter-filmane, og ho er livredd. Eg må stusse litt over årsaka der ho sitt med lommetørkle framfor kjeften på heile turen og litt for små rosa skinnhanskar. Konspirasjonen i meg er overbevist om at det er denne svartkledde jævelen i setet ved sidan av ho er redd. Eg sitt jo tross alt og svevar vekk i Röd og stirrar på alt som skjer utanfor bussen, registrerar kvar person langs vegen og alt som kan ha endra seg sidan kvelden før når eg tok samme turen i mørket. Akkurat det eg pleier å drive med på alt som er av kollektive transportmiddel. Så er det logikken i meg som tenker det samme som folk flest; Svineinfluensa. H1N1, influensa A, kjært barn har mange navn. Den vi alle er så redde om dagen at vi glatt står i kø for å få vaksine mot ein sjukdom som har tatt færre liv enn vanlig sesonginfluensa. Dama sitt der og er livredd heile turen på tross av at svinet ikkje rammar dei eldre. Dette ser det ut til å vere mange som har gløymt, og eg sitt der uvaksinert uten å frykte skiten. Eg føler at eg har andre ting som er ein større trussel mot livet mitt enn eit mogleg lungevirus, hjernen min er nok farligare og Pandemrix vil nok ikkje hjelpe den er eg redd.

Dama ved sidan av reiser seg og gir signal om at ho vil av på stoppen før eg skal av, så eg reiser meg og gir plass, før dama ender opp med å gå av på samme holdeplass som meg, og eg tar meg sjølv i å bli litt frustrert. Eg har litt lett for akkurat det om dagen, for eg går jo rundt og er redd sjølv. Først og fremst er eg redd for meg sjølv, og så for drømmane mine. Ein ting er alle deja vu-opplevelsane eg har for tiden, ein annan ting er drømmen om eit bedre liv. Eg ser det for meg, dagdrømmer og tør håpe. Så knuser mine eigne tankar, realisten og jekken i hovudet mitt heile drømmen med å effektivt fortelle meg at det aldri vil skje, ingen kan tenke seg å gå med på det her og at drømmen er det mest idiotiske eg har hosta opp på mange år. I sin tur fører det her til, eit par pils seinare, at verda og alt som skjer på Rockefeller ein kjølig novemberdag sklir ut av systemet mitt og med eitt skjønnar eg ingenting, bortsett fra det einaste eg føler at eg vil. Eg blir redd, og flyktar tilbake med siste avgang frå Jernbanetorget på sjøsida og linje 81A kl. 00.34. Kanskje hadde Uffert-dama belegg for lommetørkleet sitt likevel tenker eg, og tviheld på fatningen.

Ingen kommentarer: