mandag 1. september 2008

Travelt.

Livet mitt er travelt for tida. Mulig eg har sagt ja til litt for mykje, men det er vel gjerne sånn i oppstarten... I kveld (søndag) er første kveld eg er heile kvelden for meg sjølv sidan sånn.... 17.august trur eg. Ein heil dag heime på hybelen for meg sjølv trur eg ikkje eg har hatt enda. I følge den magiske boka ser det ikkje ut til at den kjem før i slutten av september heller. Men eg reiser mykje og syns det er fint. Å sette seg på toget med kursen for eit eller anna gøy totalt frigjort fra kvardagen er herlig, og turane i seg sjølv gjer at eg syns det er ok å vere her på kvardagane. Dessuten er reisene herlige augeblikk til å koble av, gjere noko anna, lese bøker og gjere alle dei tinga eg aldri tek meg tid til ellers i kvardagen.

For det er ikkje til å snike vekk i nokon retning at alt i bunn og grunn burde vere veldig bra. Likevel så er det eit eller anna som stikker under. Noko som gjer at eg blir sliten, noko som gjer at eg ikkje orkar. Litt menneskesky er eg og for tida. Eg prøver å sette ord på det, men dei orda er vanskelige å finne. Kanskje er det fordi eg er så ivrig på så mange ting? Det er så mykje eg vil, mange eg bryr meg om, det er så mykje eg drømmer om, og det aller meste er praktisk talt umogleg å få realisert. Det var kjipt å finne ut at Matilde begynte på skulen samme dag som meg, da fekk eg ikkje mulighet til å bli med. At Kennet ikkje spelar fotballkampar på dagar eg er heime, at eg ikkje veit sikkert neste gang eg skal nyte ei heil helg med Ingrid er ting som står litt for langt framme i hovudet mitt.

For eg er jo like glad i alle. Forstår dei det sjølv om eg gjer som eg gjer?

Ingen kommentarer: