Eg har begynt å skrive. Har ikkje komt så langt enda, men det er nokre linjer her og nokre linjer der. Planen er å få dei til å henge saman ein dag. Ikkje godt å sei kor langt det kan bli, men eg har ingen umiddelbare planar om å bli ferdig innan ei veke eller to. Det føles som om det er noko eg kan jobbe med...lenge. I alle fall fleire månader, mogleg og fleire år. Da kan det fort bli langt. Om eg i så fall måtte bestemme meg for å gå noko lenger med det enn å skrive det får eg heller finne utav etterkvart, men eg er fryktelig inspirert av alt og alle for tida.
Eg drøymer om å få det til. Planlegg å bruke overskya, seine ettermiddagar til å sette meg i ein krok på Koigen og høyre på Mjøsa som brusar og skrive litt der. Det er tiltalande. Eg har draumar om å prøve meg på arrangering.... Eg har fleire låtar eg syns er knallbra i hovudet som eg har lyst å gjere variantar av. Ein draum om eit fungerande rockearrangement for korps.... Mulig eg må ta fram igjen musikklærebøkene mine snart.
Fram til da får eg skrive nokre linjer her og nokre linjer der, trene litt, reise litt, få meg ein jobb sånn at eg har råd til å drive med alt og få massevis av impulsar veldig direkte. Det er nok det greiaste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar