fredag 26. september 2008

Reise, reise...

Eg er på reis igjen. Helgene mine er jo tross alt nesten fullpakka fram til november i alle fall, pluss eit par helger i desember og. No er eg i Porsgrunn. Weekend i Porsgrunn, rett og slett. Skal på instruktørkurs for korps, blir spennande. Så i dag har eg utforska Porsgrunn City, og traska litt hit og dit. Etter å ha vimsa ned "gågata", fann eg ut kvar alle som bur i denne byen har gøymt seg, nemlig på kjøpesenteret "Down Town". Fantastisk.

I tillegg må eg nevne at eg har sett tidenes latterligaste togstasjon i dag. Den er jo ganske ny, og heiter Torp (Sandefjord Lufthavn). Det er rett og slett ein plattform på eit jorde ved toglinja der toget plutselig har funne ut at det er greit å stoppe. På sidene rundt er det skog eller jorder og gård. Lufthavn=flyplass. Eg såg ganske få fly, for å sei det sånn. 

Og det var ein kort oppdatering no som eg ikkje har noko fornuftig å blogge om. 

Ingen kommentarer: