onsdag 8. oktober 2008

Det vakre året 2009...

...ser ut til å bli kostbart og frykteleg kjekt. Depeche Mode på verdensturne, der må eg jo få med meg litt. Og så Zeromancer på tur i tillegg. Blir mykje det her...

No må eg prøve å vere seriøs i dag. Skipperdra i land ein del pensumlesing håpar eg. Kanskje eg får det varmare på rommet mitt og, ellers må eg rett og slett reise og kjøpe meg ein liten elektrisk ovn eg kan ha her, for det er for ille å ikkje ha over 20 grader på rommet....

...og så lurer eg litt på om det faktisk er nokon som svimar forbi her innimellom? Få andre som oppdaterar sine bloggar, det er slapt folkens! 

Ingen kommentarer: