onsdag 8. oktober 2008

Festivalar og økonomi...

For sannsynligvis første gang skal eg faktisk blogge litt om ting som er relevant og småpolitisk og sånn. Noreg sine utallige festivalar, økonomi og ikkje minst - drifta av desse. Advarsel: Langt og engasjert!

Først: Quartfestivalen
Det er jo ingen hemmeligheit at Quarten gjekk konkurs tidleg i sommar, etter å ha seld i overkant av 2000 billettar til årets festival. Naturleg nok er dette ikkje nok for ein så stor festival som Quart var, men det blir diskutert i det vide og breie i musikkbransjen no - kva er årsaken? Mange spekulerar i, og der er eg i stor grad enig, at Quart delvis har blitt kvalt av media. Ei lita historie sånn sett no: I 2002 spelte Kaizers for første gang på Quart og Roskilde. Den gongen var det å få spele på Quarten i Noreg og Roskilde i Danmark, noko av det største ein kunne oppleve som norsk artist. Etterkvart har eg inntrykk av at Quart har blitt sett på som ein sossefestival, med at pappaguttar fra Bærum har tatt med seg båtane sine og tøffa ned til Kristiansand ei veke i juli og gått på grøftefylla "på landet"... I tillegg var nok medieomtalen då Toffen Gundersen tok med seg kontoret sitt, alle kontaktane sine og reiste og starta Hovefestivalen neppe gunstig for Quart. 

Sjølv var eg jo da innom Quartfestivalen i sitt siste år, på eindagstur i 2007. Det skal ikkje stikkast under ein stol at det var fleire negative sider ved Quart sånn som eg såg på dei i forhold til ein god festival, men ikkje verre enn at det kunne ordnast. Eg var på Zeromancerkonsert samme dagen som 50 Cent avslutta på hovudscena. Det i seg sjølv syns eg var litt så som så, det var ingen profil eller temafølelse i programmet den dagen eg var der. Når det da i tillegg synte seg at ein kompis som overnatta på festivalcampen måtte ta taxi til campen fra byen etterpå, blei eg jo lett frustrert... Fordi mannen bestemte seg for å sjå alle konsertane som høyrte med under Quartpasset den dagen, så måtte han ta taxi, for shuttlebussane som gikk mellom festivalen og campen slutta å gå når hovudkonserten var ferdig... Det var tydelegvis ingen forståelse eller tankegang i festivalleiinga for at nokon ville ha med seg konsertane inne i "hallen" etterpå, som jo var ein del av festivalområdet... Sånne ting er nok desverre ikkje godt nok sånn som festivalmarknaden har utvikla seg dei siste åra, men er nok neppe i seg sjølv grunn god nok til at folk droppar Quart. Så kan vi jo diskutere kvifor i mange år framover.

Sånn for å avslutte Quartgreia, så er det jo litt artig å høyre dei som har kjøpt ut konkursboet til Quart (hovudsakleg merkenavnet og slikt), at dei skal booke ALT det som er av store artistar til "nye" Quart, og festivalpasset blir grisedyrt... Lurer på om dei har tenkt målgruppe for festivalar generelt, som ikkje nødvendigvis er av dei mest ressurssterke.

Så: Alt det andre:
Det er i dag meldt via Dagbladet at Skral festival i Grimstad blir lagt ned. Festivalen var i år nesten utsolgt, men likevel vil dette føret til raude tal i rekneskapet.

Hovefestivalen, som er omtalt i media stort sett heile tida, sliter og ganske kraftig. Dei er i akutt pengeknipe for å kunne betale rekningane sine. Storåsfestivalen er og i omlag samme situasjon, og er redda av nye eigarar

No skal det nemnast at Skral festival ikkje er i den kraftige pengeknipa sånn som Hove og Storås, men det står i artikkelen at rekneskapet i år og vil vise raude tal. Da tør eg spørre... Kva i alle dagar driv ein med? Ein festival bør verkeleg ikkje gå i minus av å vere nesten utsolgt! Det kan jo nesten samanliknast som at dersom Kiwi-en på hjørnet fortsatt går med dundrande underskot sjølv om stort sett alle varer blir solgt som dei skal. Eg føler det er noko grunnleggande feil i det her. Greit, Hovefestivalen har sagt dei treng 3 år på å bygge festivalen, men det kan da umogleg forsvare at dei skal kunne få mangfoldige millionar frå kommunen kvart år fordi dei har ein solid budsjettsprekk? Dette er festivalar med stort sett solide besøkstal, gode kontaktar og alt det andre ein skulle tru at ein hadde behov for. Mange festivalar havnar i budkrig om dei beste artistane og overbyr seg sjølve til det uforsvarlege, men Toffen i Hove er så solid bransjemann at han neppe har bruk for det, og eg tviler sterkt på at Hove betalar "marknadspris" for sine artistar. Og fortsatt solide underskot? Eg merkar eg er skeptisk til korleis mange av festivalane driftar seg sjølv økonomisk.

No sitt eg jo med økonomijobb i ein av Noregs mange festivalar. Ein festival eg tør påstå har eit unikt konsept som Noreg ikkje har råd til å miste for musikklivet sin del, og da gjeld det jo å drifte det deretter. Eg såg det allereie i fjor, og var klar over det ganske tidlig i år, at vi sannsynligvis ikkje kunne toppe fjoråret på festivalen i år. Vel, da har vi tatt konsekvensane av det. Vi har hatt våre budsjettsprekkar, men heile festivalleiinga såg våre mest alvorlege budsjettsprekkar i april i år. Det betyr jo at vi har hatt muligheten til å styre vår eiga skjebne ved å velje nokre rimeligare løysingar her og der og vere nøye med å følge opp budsjettet vårt, og ender dermed opp med eit svært brukbart resultat på tross av at vi på langt nær hadde same publikumstalet i år som 2006 og 2007. Vi klarar det, millionar frå kommunen har vi aldri fått, og dette er ein festival som faktisk har gått i pluss kvart einaste år sidan den blei starta i 2003 og nesten klarar det i år og, på tross av fleire hundre mindre besøkande enn i fjor. Som vi trur vi kjenner årsaka til og som vi jobbar med å rette opp til neste år.

Eg må jo nesten spørre meg da? Kva brukar Hovefestivalen alle pengane sine på? Kva slags økonomistyring er det i festivalnoreg når Fædrelandsvennen melder at 1 av 3 festivalar blir sett som "ikkje kredittverdige"? Det er ein tøff jobb, mange reglar og slikt, men likevel... Det virkar for meg å vere forferdeleg lite fokus på å halde ting innanfor eit økonomisk perspektiv og. Eg trur veldig på at det heilt fint går an å kombinere kreativitet og kunstnerisk nivå med god økonomistyring på ein gong.

"Ekspertar" spår festivaldød framover. Eg er ganske enig. Festivalmarknaden i Noreg er overmetta no, og det er nok mange som ikkje eig livets rett. I følge desse ekspertane er det å finne sin eigen nisje og profil vegen å gå, og da håpar eg MålROCK er på rett veg...

1 kommentar:

Veronica sa...

Dette e bra! MålROCK klare seg!!!! Alltid:)
Og eg les forresten bloggen din.