"Du er så flink...!"
Orda syng i hovudet mitt lenge. Hakket lengre enn eg sett pris på, og eg merkar eg blir frustrert og småsint. Av dei positive orda, av rosen. Eg innser at det er feil, eg skal jo ta det til meg. La skryt og positive ord gå inn på harddisken og autolagre der, men det begynnar å bli fullt i den delen der. Kapasiteten er begrensa, og eg er lei. Av å vere flink av å vere dyktig og det som verre er. Det føles berre ikkje heilt riktig lenger. For all del, det er bra å vere flink, men eg orkar det ikkje sånn lenger. Det er plagsomt å ikkje vite, ikkje forstå og føle at det kanskje ikkje er slik det burde vere.
Er det meg det er feil med? I så fall kunne eg godt tenkt meg at nokon fortalte det til meg. Kva er det eg ikkje kan og ikkje har forstått? Den store boka om sosiale lover og reglar har eg knapt fått åpne eingang, og når eg omsider fekk det var det mange år for seint. Det prøver eg vanligvis å vere relativt åpen om, sånn er det, men det er fortsatt ganske vanskelig og vondt. Da blir det sjelden bedre av at ting er som det er. Katrine Flink er Alltid Flink. Det å vere flink er ingenting å sikle etter. Eg har og lyst å vere ein del av noko spesielt, ha folk som tvingar meg til å bli med på kino, finne på meiningslause ting eller denslags. Eg og mitt lille verdensbilde har nesten ingen sånne. Ingen tar meg med på ting, ingen ringer meg når det er ting å snakke om og ingen forklarar meg kva som skjer eller kjeftar meg ned når eg oppfører meg som ein idiot. Nei, eg er Frøken Flink. Den som alltid gjer det du ber om uten å stille spørsmål og aldri klagar. Sånn føles det.
No treng Frøken Flink nokon som bryr seg, er litt glad i og filleristar meg litt når eg tenker feil. Eventuelt berre er der av og til. På ordentlig. Og overbeviser meg om det eg håpar på: At eg tar feil.
lørdag 22. august 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hjalp det på litt å bli tvunget med på kino? :P
Jepp! Til og med på tross av ein SÅ vanvittig dårlig film. :D
Legg inn en kommentar