torsdag 20. august 2009

Tid og slikt..

Det er lenge sidan det egentlig har skjedd stort her. Det er det naturligvis grunnar til... Dagane er hektiske og innholdsrike for tida, og det er håplaust å forstå kvar livet går. Det virkar som om eg står og balanserar på ein kant der det enten er privat helikopter rett til himmelen eller eit sviktande stupebrett ned i den endelause avgrunnen, og det vekslar gjerne fra minutt til minutt. Eg treng ein pause fra dei hektiske dagane, vel vitande at om eg tar meg ein, så tar tankane totalt overhånd. Det er eg usikker på om er så smart. Det kokar mykje rare tankar i meg, men oppskrifta står i den kokeboka eg aldri fekk lov å sjå i. Det er spesielt, og det skremmer meg.

Ingen kommentarer: