mandag 21. februar 2011

Magien av musikk.

Eg er møkksint. Trur det har litt med dei små greiene i plastikk som ikkje går dit dei skal. Og dit dei vanligvis ville ha gått. Det gjer meg forbanna. Så skiftar eg sang, puttar begge proppane i øyrene, let att augene og kjenner magien krype inntil meg.

Eg drøymer meg vekk til ei anna verd som eg i blant er litt usikker på om eg er altfor glad i. Eg ser magien av musikken forme eit landskap inni hovudet mitt, nyter å drøyme meg vekk i harmoniar, akkordar og intervallar. Lar det bygge seg opp, dansar rundt inni hovudet mitt og lar meg rive med. Musikk på sitt viktigaste. Musikk på sitt beste. Musikk på sitt verste.

Så er det som vanlig litt dobbeltsidig. Nesten alt eg gjer har to sider, men det er ikkje alltid eg ser dei. Musikken har den effekten at den rører tungt i meg, uansett. Så den bringer fram gode ting og ro, men samtidig sinne og nitriste tankar. Eg blir sint, lei meg, glad, rørt, avslappa, stressa og alt på ein gang av musikken. Det er knallhardt, men tvingande nødvendig.

Akkurat no har eg egentlig mest lyst å sette meg ned og grine. Både fordi det eg høyrer på er herlig og fantastisk, og fordi det snart renner over av følelsar og tankar som eg aller helst burde vore foruten.

Ingen kommentarer: