mandag 26. oktober 2009

Rutinekontroll

Sjølvsagt blei eg plukka ut til rutinekontroll. Meg, min skumle holdning og dei livsfarlige converseskoa på Stavanger Lufthavn Sola. Det er mandag kveld og eg skal ut og fly. Det er tydeleg at det ikkje er mange med vett i behold som flyr Stavanger-Oslo med SAS klokka halv ni ein mandagskveld, og dei som gjer det ser latterleg erfarne ut. Andelen penare bukser og PC-baggar er alarmerande høg, og det er stille. Ekstremt stille. Så stille at ein blir mistenksom, så mange folk kan umogleg vere så stille. I skranken står ein siddis med bart, og aldri har eg sett ein mann med bart sjå så tomt ut i lufta framfor seg. Han er nesten ein Kurt, tenker eg. Kurt med barten på Sola ein tilfeldig mandagskveld i oktober.

Det er fortsatt stille. Så stille at Kurt med barten ikkje treng å sei noko når det er klart for ombordstigning - alle høyrer det på den lille callinghøgtalaren når flyvertinna annonserar internt at dei er klare til å ta i mot folk no. Den usedvanleg lydlause gjengen med flypassasjerar berre glir opp frå stolane sine og sig mot utgangen. Ja, det er kanskje ikkje så rart vi er slitne. Vi har jo vore ei stund i Rogaland alle saman. Forutan den overstadig utadvendte vektaren i sikkerhetskontrollen, han som spurte samtlige reisande om dei hadde laptop, drikke, håndkremar eller andre flytande greier i bagasjen sin, er vi slitne alle saman. Men Kurt med barten hadde stålkontroll.
-
Det er eit og anna veldig vakkert med mørket. Eg veit ikkje heilt kva, men eg likar det. Å reise i mørket er ganske trivelig. Det er som å flykte gjennom natta, gjennom den mørkaste delen av døgnet, og ingen ser det. Eg syns det er vakkert. Under meg svinn lyset av Rogaland, gatelysa blafrar og blir mindre, færre og forsvinn til slutt heilt.

Lyset med setebeltet blir slukka, og eg lurer på kva som er poenget med flombelysning i kabinen på kveldsflygingar. Eg trivdes jo så godt i mørket utanfor flyet, eg drømmer meg vekk der. Nesten som om verda er mykje vakrare med berre nokre få lysglimt her og der. Passasjeren på sete 6F på SK4048 til Oslo Lufthavn Gardermoen tar seg ein svart kopp kaffe og svevar ut i mørket igjen.

2 kommentarer:

Silje sa...

FOR et STRÅLENDE innlegg! keep em coming!

Katrine sa...

Tusen takk! :)