mandag 9. november 2009

2000-talet

Den perfekte tonen til ein rusletur i mørket. Det er midt på natta og ein er usikker på om det er heilt riktig å gå no. Byen er mørk og aleine. Ingen gir livsteikn frå seg. Ett hån mot sunt förnuft. Det er klamt og været vekslar frå dag til dag mellom haust og vinter. Denne dagen var ein haustdag, og hola på asfalten langs dei stille gatene er fylt med yr og svarte linjer. Ingen er ute og går no, og ingen burde kanskje vere ute og gå på denne tida, men det er ikkje noko problem å sjå kor aleine byen eigentleg er. Byen er eit tomt og forferdeleg stusseleg skal utan alle sine innbyggjarar. Det føles som dei ikkje fins lenger, dei er ikkje der, det er mørkt i alle hyblar og hus. Triste gardiner og mishandla potteplanter i mørke rom glor ut i lufta utanfor og ventar berre på døden. Pyntedokker smiler mot deg i glaskarmen fordi dei ikkje har eit val. Tiden frusen still. Og det var denne stillheita da. Denne magiske stillheita der ingenting lever lenger. Følelsen av at heile byen er utsletta utan spor av kamp, du får tro vad du vill, og da er 2000 det nydeligaste som er å ha på øyret. Lyden av den tomme byen der du ikkje er heilt aleine likevel, for musikken er alltid med deg. 2000-talet.

Ingen kommentarer: