fredag 13. november 2009

Her kommer vintern...?

Så er den over oss igjen da... Vinteren. Den vil sikkert bli lang og kald i år og, men likefullt er det like overraskande kvart år at det snør! Den intelligente person, generelle nordmann og gjennomsnittlege viking, som vi jo likar å sjå på oss sjølv som i dette landet lar seg stadig overraske. Det er november. Vi er til og med nesten halvvegs i november. Likevel kjem det første snøfallet som ei gedigen overrasking på oss alle. Vi tenker tydeligvis slik:

1. "Ånei, det snør... Og så allereie i november! Hjelpe meg..."
2. "Eg skal ut og køyre i dag.. Jaja, det går vel bra det. Vi har jo plenty statlege bilar med salt i!"

Så er vi så intelligente at vi tenker at det går fint å køyre som vanleg, for vegvesenet har jo salta. Og har ikkje vegen føre som 1.juli, så er vegvesenet ræva! Derfor køyrer vi deretter, for vegvesenet forventast jo å ha gjort jobben sin. Sjølv om det byrja å snø for fire og eit halvt minutt sidan, og den stakkaren som har brøytevakt, han har ikkje rukke å sjå ut av glaset sitt enda.

Og så oppdagar vi intelligente nordmenn den siste lærdom. Den vi, og særleg Ruter i Oslo (inkludert trikken), må ha repetert kvar gong snøen fell for første gang for vinteren;

Når snøen legg seg på bakken, så kan det bli glatt!

1 kommentar:

Unknown sa...

Hehehehehe

Veldig sant. Oslo er et kaos uten like.