søndag 5. desember 2010

Musikk og sånn.

Det handlar ein del om musikk her. Det er kanskje ikkje så rart, sidan det er det eg brenner for og ønsker å drive med. Fordi det er viktig. Det skal likevel nemnast at mine musikkpostar stort sett handlar om kor latterlig mykje bra musikk det fins der ute. Denne gang derimot, skal vi til det motsatte.

Det verste eg har sett nokon sinne. Det er ei veke sidan eg kom tilbake fra Berlin i dag, med ganske greie bekreftelsar på det eg trudde - tyskarar er sære, og det fins nokon som likar ALT. Inkludert dette. Det aller verste bandet eg har sett nokon sinne var support for Zeromancer i Berlin. Det er ingen hemmelighet at det fins mykje rart innanfor tysk goth-musikk altså, men dette tok kaka. Eg er faktisk ganske usikker på om det går an å kalle det goth eingang.

Bandet innehar tre medlemmer. Tre høgst forskjellige medlemmer. La oss begynne med den som var minst ille. Mest veltilpassa i lokalet og til sjangeren og bandet. Han spelte gitar og og sang, og såg ut som ein litt billig kopi av Martin Gore fra Depeche Mode. Den eg har minst vondt å sei om, bortsett fra at han spelar i det verste bandet eg nokon sinne har sett.

Så går vi opp eit hakk på "worst case"-skalaen. Der er bassisten. Han var akkurat passe malplassert der han stod, som tydelig metalbassist og stod der og kasta på det lange håret sitt. Ikkje kunne han spele heller, forøvrig. Og så toppa han heile greia med å gå så langt vekk fra bassforsterkaren at han nappa ut jack-kabelen. Pinlig.

Avslutningsvis da. Trommeslagaren. Publikumsfriaren og sirkusdirektøren. Virkelig. Mannen hadde rød flosshatt og myggmikrofon. Og litt for mange trommestikker, slik han dreiv og kasta dei ut i publikum heile tida. Pinlig blei det når trommestikkene etterkvart traff golvet fordi ingen tok imot... Men sirkusdirektøren ga seg ikkje der. Han syns nemlig det var gøy å køyre berg og dalbane! Så gøy er det å køyre berg og dalbane at man gjerne gjer det samtidig som man spelar trommer. Så tempoet la han oppi bakerste vogn på toget, mens han sjølv satte seg fremst og dura avgårde.

Sjå det for deg. Kombiner desse tre menneska i hovudet ditt og kjenn på effekten. Og så ser du for deg dei spele musikken sin i førtifem minuttar. Det blir ølkjøp og dobesøk av sånt.

Kva dei heiter? Laminus X. Styr unna.

1 kommentar:

Veronica sa...

Eg ler! Høgt. Skal skjekke opp på youtube :D