søndag 5. april 2009

Sinners International tour - dag 2!

Og Leipzig har vore ein killer. Starbucks redda morgonkaffen til meg, Kaja og Lorry, shopping, tur i Leipziger Zoo. Vi møtte folk på hostellet som skulle på konsert, og sidan dei ikkje hadde anelse om kvar dei skulle, slo vi følge. Det skulle vise seg å bli ein fin (og lang) kveld. Tysk publikum blåste meg til ein annan verden - utrulig at så få mennesker kan lage så mykje lyd. Søtt lokale, naturligvis i eit skikkelig industrielt område med tog rundt, som alle andre plassar som vi har sett ZMR på i Tyskland. Kaja sin 10. var det og. Ålreit å henge i lokalet ei stund etterpå og helse på norske og tyske venner. Long time no see. Sabrina dukka plutselig opp, som eg verken har sett eller hatt kontakt med sidan forrige tur, da ho fungerte som allvitande hjerne. Becks lemon øl, smakte godt, men ein vits av ein alkoholprosent. Afterparty på alternativ klubb i sentrum med høg alkoholprosent, fotballspel (vi tapte så det sang), god musikk og gode venner. Både den eine og den andre blei lokka ut på dansegolvet etterkvart som einingane blei fleire. Kvelden tok slutt fryktelig seint...

Takk for følget, Leipzig. I dag er det ikkje sol og blå himmel, så da giddar vi ikkje vere her lenger. Vi stikk til Wien!

Ingen kommentarer: