Trur eg er forelska. I musikk. Og det burde eg vel strengt tatt visst for veldig, veldig lenge sidan. Det har jo tross alt vore omtrent det viktigaste i livet mitt i alle fall dei siste 8 åra. Men det skal ikkje meir til enn roadtrip til Lillehammer. Konsert med eit band nesten ingen har hørt om, akkompagnert av ein herlig gjeng som reisefølge. Eg diggar slikt. Å sette seg i bilen, på toget, på flyet, kva som helst egentlig, reise til ein plass man gjerne ikkje kjenner så godt og gå på konsert. Aller helst skal man ikkje ha vore der før eingang. Enda bedre når man ikkje anar perspektivane av det man får. Det var vel verdt heile turen og billetten og heile pakka. Det er noko heilt spesielt når man har musikkopplevelsar av typen der følgande tanke slår deg: Hadde eg dødd no, hadde det ikkje gjort ein dritt.
Tuba blir ikkje tøffare enn i PELbO. Og eg innsåg at eg brukar for lite tid på den magiske musikken. Den som gir frysningar i heile kroppen, der du tar deg sjølv i å tenke fy faen, dette er bra! Det er slke opplevelsar som gir glede og overskot til kvardagen, når du snublar deg opp igjen på beina etter å ha landa med eit skikkelig mageplask i virkeligheita.
fredag 17. september 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar