onsdag 30. juni 2010

Festivalvenner


(Foto: Stian Haraldsen, Dagbladet)

Den gjorde litt inntrykk på meg, den artikkelen her. Kanskje litt meir enn den burde. Eg har kjent til ulykka på Roskilde lenge, men det er ikkje før etter eg las dette at det virkelig satte seg, det som skjedde. For meg som aldri har satt mine bein på Roskilde. Eg er likevel langt over gjennomsnittet konsert- og festivalinteressert, og min eigen nerdeoversikt nærmar seg 450 konsertar, derav er dei 420 siste etter 18-årsdagen min. Altså maksimalt seks år tilbake i tid. Minna er mange, medan andre er litt diffuse på grunn av alkohol eller overstadig glede. Begge deler kan få minna til å bli litt diffuse, har eg funne ut, særleg ved å vite at min første Kaizerskonsert i juni 2002 har eg berre enkelte augeblikksminne fra.

Og som overstadig glad i musikk og med ein tidvis skummel opphekting i enkelte band og enkelte typar musikk, som på sitt verste har gjort at eg høyrte meir eller mindre på samme band i 8 månader i strekk, har det naturlegvis blitt nokre konsertar. Ein god del av dei heilt fremst framfor scena, med timevis av køståing i forkant. Varierande publikumsmasse, og varierande trøkk. Og artikkelen i Dagbladet i går satte derfor litt følelsar i sving, sjølv om det ikkje har vore skadar involvert i mine opplevelsar.

Det trengs nemleg ikkje 50 000 på Orange Scene på Roskilde for at gleda ved ein konsertopplevelse skal forsvinne heilt. Det held med 1 000 personar i den store, runde salen på Samfundet i Trondheim. Og Kaizers på scena. Det er ikkje på nokon måte uforsvarleg å ha 1 000 menneske inne i storsalen på Samfundet i Trondheim, men salen er rund. Barrikadane var nesten satt i ein halvsirkel. Det gikk smertefullt for seg ganske tidlig. Alle vennene mine forsvant halvvegs i konserten. Dratt opp av vaktene i det dei holdt på å svime av på første rad, nesten på midten der barrikadane møttes og blei til ein einaste stor spydspiss. Alle som dytta, sendte dyttinga si dit. Eg stod litt til høgre, og unngikk det verste. Dei som blei dratt opp, blei satt på beina mellom scena og barrikadane, og ramla saman. Vaktene framfor scena gjorde det dei kunne. Dytta i mot. Satte armane sine i skuldrane på oss heilt fremst, beina i scenekanten og la heile kroppsvekta på og brukte beina. Det rikka seg maksimalt ti cm, og så var det dobbelt trykk tilbake. Du retta deg etter folkemengda, sånn var det berre. Du har nemlig ikkje eit val.

Alternativt så held det med 350 på Hulen i Bergen. Og Seigmen. Ikkje så ille trangt, men salen på Hulen er liten. Sjarmerande, uten mobildekning og i eit bomberom. Altså inne i fjellet. Der blir det varmt. Veldig varmt. Og veldig god stemning. Heilt fremst stod eg, og det er første gangen eg har vore nær å svime av på konsert. Sannsynligvis på grunn av mangel på drikke. Når det begynnar å svimle i hovudet og synet delvis forsvinn, så er det eit hint om at det er på tide å ta det med ro.

Eg har stått fremst framfor 10 000 andre på Øyafestivalen i 2002. Det gikk smertefritt for seg. Eg har vore fremst på ganske mange konsertar etterkvart, framfor ulike typar publikum og ulike mengder og tør påstå at eg veit kva eg snakkar om når eg gir råd til folk som skal på konsert. Det har blitt nokre kveldar som vakt i område mellom scene og barrikadar og. Sikkerheita har blitt god rundtomkring. Det var heilt uproblematisk å stå langt framme med 40 000 på Depeche Mode i Parken i København som følge av tiltaka som blei gjort med så store konsertar etter Roskilde-opplevelsen. Vaktene er dyktige, og barrikadar er nesten alltid bedre enn ingen barrikadar. Eg har prøvd begge deler, og heller alltid mot barrikadar om det er meir enn 40 stk på konsert.

Ting verdt å tenke gjennom i forkant av ein konsert du vil langt fram på:
  1. Er du liten og tynn og ikkje tåler ein støkk, har du ingenting fremst i midten å gjere. Er du forberedt på å få litt juling og vakne opp med blåmerke dagen etterpå, er det berre å prøve. Er du redd, er det alltid mindre pes på sidene, sjølv om det er fremst.
  2. Uansett er det ein fordel å bruke tid på å komme seg heilt fram til barrikadane. Det er meir luft der, pluss at du kan holde deg i barrikadane. Enklare å kommunisere med vaktene er det og.
  3. Å presse seg fram til fremste rad er aldri riktig løysing. Dei som står fremst har gjerne stått i kø og venta for å få den plassen, og dei fortjener den. Førstemann til mølla-prinsippet skal ein ikkje kødde med, og det skapar dårlig stemning.
  4. Å starte moshpit (dvs springe inn i andre mennesker og dytte) er rævva og skapar dårlig stemning for alle andre som ikkje vil vere med.
  5. Å klatre på skuldrane til personen du er med for å sjå bedre er for det første farlig, og det drep opplevelsen til samtlige bak deg. Store, stygge hattar og lignande er heller ikkje fryktelig sjarmerande.
  6. Du stiller deg stort sett ikkje heilt fremst for å stå stille og sjå på konsert. Da står du feil. I front skal og bør det jublast og vere allsang.
  7. Du må tåle at mennesket bak deg sannsynligvis er tonedøv og uten taktfølelse, men veldig glad i å synge/skrike alle tekstane.
  8. At folk rundt deg hoppar og dansar, er berre eit tegn på at folk kosar seg. Folk som slår til deg derimot, er det greit å snu seg til og be roe seg ned litt. Om dei ikkje skjerpar seg, er det greit å tilkalle vaktene. Det er lov å ha det gøy, men med måte.
  9. Er du på 2. eller 3. rad, er det ufint og plagsomt for den framfor deg at du tek tak i barrikaden for å holde deg fast. Sannsynligvis er det trangt nok der fra før, om det ikkje skal gjerast plass til ein arm i hoftehøgde i tillegg. Vis hensyn.
  10. Fremst på konsert er ingen plass for sjekking og flørting, og i alle fall ikkje tafsing! Det er og minimalt med mulighetar for folk til å vere überkjærestar. Klining til balladane høyrer til heilt bakerst.
  11. Du kastar ikkje ølen din opp mot scena. For det første blir alle på ølen sin veg dynka (og det er ikkje trivelig etterpå!), pluss at du risikerar å øydelegge utstyr for mange hundre tusen kroner. Har vaktene sett at det var deg, blir du kasta ut i tillegg.
  12. Det blir varmt. Boblejakke i front høyrer Vinjerock og festivalane i Nord-Noreg til, og til og med der kan det bli for varmt. Ta gjerne med skift.
  13. Vaktene kan sannsynligvis ikkje passe på veska eller sekken din. Sannsynligvis tillet dei ikkje at du legg den framfor barrikaden heller, for der skal det vere mulig å gå og klatre for å dra folk opp om nødvendig.
  14. Du kan ikkje forvente at plassen din fortsatt er der, eller at det er greit for alle andre at du går ut og kjøper øl tre minuttar før konsertstart.
  15. Blir det for tungt å stå i front, er den enklaste vegen ut skrått bakover og ut mot eine sida. Drikk rikeleg med vatn, og det er ingen vits i å kjempe seg fram igjen etterpå.
God konsert!

3 kommentarer:

Silje sa...

amen!

Malin Eila sa...

Jeg har aldri sett greia med å stå fremst jeg. Men det er kanskje fordi jeg synes det er dritskummelt å oppdage at man ikke lenger står på gulvet, men henger mellom to menn som løfter deg opp.

Katrine sa...

Åh, poenget med å stå langt framme var vesentlig for meg, no giddar eg ikkje så ofte lenger: Eg er ikkje veldig høg. Så det å stå fremst var ein sikker måte å få med seg alt på. Samtidig er eg såpass robust at man veltar meg ikkje heilt uten vidare, er ikkje så mange som giddar å løfte heller. Og så likar eg å kjenne det i kroppen dagen etterpå. At eg har vore på konsert. Og vere ein del av moroa. Livet. :)