søndag 25. april 2010

Nydelig lørdag...

Det er vår! Og med våren følger drømmar, godt humør og eg må ta meg i å innrømme at eg sannsynligvis er litt meir værsjuk enn eg trudde. For eg blir glad når våren syner seg fra sine beste sider!

Det toppa seg vel nesten i går, og det må vel nesten kallast å vere skremmande glad. Meg og Dagny fra klokka tidlig til seint på Hydranten på grunn av konsert og slik, men for det første var vi tidlig ute begge to og for det andre var dei vi venta på ekstremt seint ute. Så da hadde vi jo plutselig eit lass med tid. Og fint vær og uteservering. Og eingangsgrill og pølser. Så da satt vi der, ein lørdag ettermiddag, ute, omringa av nydelige menneske, og grilla og hadde det fint. Trur eg knapt kan finne ord som forklarar kor herlig eg syns det er. Det gjer mykje med meg som person, og det er nok enkelte som hadde fått seg ein liten overraskelse om dei hadde sett tankane som brer rundt seg i sånne situasjonar når eg tør å tenke over det og tru på at det faktisk skjer. Heldigvis er det fint lite av det som er vondt.

Så blei det jo ikkje verre av at bandet som dukka opp var så positive og trivelige å ha med å gjere at det rett og slett nesten blei for mykje. Likevel, det er sånne ting eg må klare å tenke på og ha der når eg får sånne kveldar som i kveld. Der eg går heim før midnatt fordi eg ikkje klarar å fungere nevneverdig blant folk lenger. Da er det godt å tenke på dei dagane det faktisk kan vere fantastisk fint å leve. Som ein lørdag med eingangsgrill, pølseskyting og jam i storsalen.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

For ikke å snakke om freesbee-kasting med lomper. Hurra! Det var en deilig, deilig dag. Og snille C som kom med namme-is. <3 Vakre, vakre mennesker!