Eg har ein mistanke om at eg er i overkant naiv. Godtruande, full i håp og stort sett litt for positiv, men likevel med mange nok erfaringar til at eg ikkje går blindt god for alt.
Det er mine gode tider. Eg veit dei aldri varar, så eg må nyte dei mens dei er der. Eg trur det er den einaste måten å takle det som alltid kjem på. Problemet er berre når det varar lenge. Så lenge at eg begynnar å tru på at det skal holde seg der. Noko det jo aldri gjer. Spørsmålet er berre når eg skal lære meg det der. Eg har lært meg å vere ytterst forsiktig med kva eg trur på av ting som virkar for godt til å vere sant, det er liksom som eg alltid har døra på gløtt bak meg. Det smeller jo tidsnok, så det er nesten som å leike stolleiken og gå så sakte ein kan forbi framsida av den siste stolen og spurte rundt ryggen på den. Stort sett klarar eg ikkje spurte fort nok rundt ryggen på stolen, så eg tapar. Det er berre sånn det er.
Så har du tidene der det plutselig svartnar. Eg forstår meg ikkje på korleis det skjer. Eller kvifor. Det berre skjer. Fryktelig uprovosert. Eg ramlar saman, på null og niks. Og ingen har gjort noko feil, men eg føler meg aleine i verden. Hjelpelaus. Og folk motbeviser det jo støtt og stadig. At eg tar feil, at det er hjerna mi som tullar med meg. Og eg trur det er slike ting som gjer meg så forsiktig med det aller meste. At det går an å ramle inn i svarte dalar sånn heilt utan forvarsel. Eg forstår meg verken på kva som skjer eller kvifor og eg klarar ikkje takle det. Så eg gjer det eg er best på. Den enkle, feige løysinga; å trekke seg unna. Så går det i alle fall berre ut over meg.
Information about India travel guide
for 11 år siden
2 kommentarer:
Naiv er bra!
Tja, eg er litt tvilande. Det kan gå litt for langt...
Legg inn en kommentar