Eg undrast med jamne mellomrom kva det er med ungar. Heilt spesielt er det i alle fall, som gjer meg fantastisk glad for å ha dei der, for dei sviktar aldri. Det er nemlig sånn det er. Eg tippar svik er sånt man lærer seg når man blir stor.
For ei drøy veke sidan var eg med lillesøster på musikkskule. Som morromusiker syns eg jo sånt er gøy, i alle fall så lenge eg har psyke nok til å vere entusiastisk og ha låg terskel for kva eg kan ta meg til. Det var riktignok ikkje tilfelle akkurat den dagen, men det gikk seg da til likevel. For det som skjedde var tankevekkande. I selskap med 3-4 år gamle ungar var eg nemlig hinsides tøff. Eg er voksen, men likevel ikkje voksen, for eg er jo storesøster. Så det er altså noko heilt anna enn mamma og pappa og irriterande søsken som rotar på rommet ditt. Det er storesøster, som bur i ein heilt annan by, som går på ein skule for skikkelig store ungar, som har sine heilt eigne trommer og som har vist lillesøster korleis ho kunne få gult lys på scena på ein plass der det er konsertar! I hovudet på ungar mellom tre og fire år er dette store saker. Så eg blei jo plutselig litt populær blant dei små. Det var ikkje heilt greit for lillesøster. Sjelden har eg vore så eigd av ein fire år gammal unge. Eg var hennar, sånn var det, og ho nekta å gi slipp på meg. Ho tok eit solid jafs av fanget mitt kvar gang nokon var i nærheten av å snakke med meg, sjå på meg eller i det heile tatt ha noko med meg å gjere. Det var noko nytt, og det var kjekt.
Eg trur det er slikt som utgjer ein forskjell for meg. Det gjer meg stolt. Eg er tilstrekkeleg for eit menneske der ute. Sånn som eg er. Ja, ho er fire og eit halvt, men det hjelper!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Fantastisk. Du er tilstrekkelig for flere også, men veit det ikke er like lett å tenke alltid.
Men når søstra di syns du er bra, så husk at de ærligste menneskene som finnes er barn og mennesker med Down's syndrom! Dermed må det jo være sant!
Det er meget mulig det. Er berre ikkje alltid eg klarar å sjå det.
Da er så ærlige og tydelige ting som det her, heilt fantastisk å tenke på, og lettar tunge dagar vesentlig. :)
som Øystein sier, de ærligste er de fulle og barn og om de synes du er kulest i verden.. vel, da er du det:)
småbarn er fantastiske:)
Legg inn en kommentar