tirsdag 6. oktober 2009

Krig...

Det er nok. Og det er ikkje første gang. Splitta liv og tankar. Grenser som kjem og går etter det som passar der og da. Lange netter, slitne tankar, søvnmangel og samtalar som kvernar rundt akkurat det samme heile tida. Det er heilt greit.

Eg er litt usikker på om eg er heilt klar for å gå i krigen, men det må til. Det får bli eit forsøk til, men eg er redd det er siste gang eg giddar. Det betyr mykje, men ikkje alt. Det er faktisk veldig sjeldan ting betyr alt. Denne gangen er eg i alle fall her, og eg er ikkje aleine. Det hjelper.

Allt kommer til den som vågar vara rädd.

Eg trur på det. At det er bedre sånn. Det fins greie måtar å løyse det meste på, sjølv om ein må leite litt for å finne dei. Sjølv om ein stuper ned og må grave seg opp igjen så kjem ein til slutt fram. Det er bedre å duppe i overflata etter å ha gjort drittjobben først, etter å ha sett den ekle gjørma som låg nederst, etter å ha blitt skitten på fingrane av all gravinga. Vi går i krigen med gjørme under neglene og veit at den aldri vil forsvinne heilt, men at det går an å leve med.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Vi er mange som er her for deg. Glad i deg, Katrinemin :) Også må du si det om det er noe jeg kan gjøre for å gjøre ting lettere. Vil bare at du skal ha det bra.