fredag 25. september 2009

Små ting...

"Der er ho Katrine, er ho ikkje kul?"

Det er ein grunn til at eg reiser heim innimellom. Det beste eg har hørt på ufattelig lenge, og det varmar som den beste peisen du nokon sinne kunne tenkt deg, og den har tatt plass heilt innerst inne i hjertet mitt. Det er grunnen til at eg fortsatt er i live, fortsatt finn ein grunn eller fem til å holde det gåande og det nydeligaste eg har. Små ungar, denne utgava på 7, er gjerne det mest ærlige som er å finne, og det å høyre at dei faktisk syns du er ålreit gjer heile dagar mykje lysare, sjølv om ein må vere så uenig som det går an å bli.

For det er noko heilt eige å kjenne små fingrar som klamrar seg fast og klatrar opp på fanget ditt, lagar kaos i håret ditt fordi du kjem heim og ikkje nøler med å fortelle at du er alt ho har venta på i dag. Den litt eldre som du må lese norsklekser med ein sein torsdagskveld og den eldste som plutselig blir hakket meir sosial med resten av familien heilt til han innser at det faktisk er torsdag og ikkje fredag...

Det fins jo nokon som ikkje har gitt meg opp, og det er ikkje første gang dei overbeviser meg om at eg faktisk har ein grunn til å vere her. Og det er like vondt kvar gang eg føler at eg ikkje strekker til. At eg ikkje er der nok, at det aldri vil la seg kombinere på perfekt vis med familie, familie og sosialt liv og at eg aldri vil kunne gi alle fem den kjærligheten eg føler dei fortjener.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Søte små :)
Du er nå en bra storesøster, da. Selv om du bor i hamar. Så det så!