onsdag 23. september 2009

Angst?

Eg er redd. For det aller, aller meste. Eg er livredd for å miste det vesle eg har, og enda reddare alt eg ikkje har. Reddast av alt er eg for å miste kontrollen. Og eg burde gjere noko med det, men klarar det ikkje. Det er ikkje fristande å stå opp om morgonen, og det er enda verre å la vere. Eg er overbevist om at eg er forfulgt på gata, og eg tør ikkje snu meg for å sjekke. Det slår i dører, og det angår alltid meg. Folk på butikken ser på meg med stygge auge når eg handlar og alle som ler bak ryggen på meg er eg overbevist om at ler av meg. Ting må ut av systemet, men eg tør ikkje gi slipp på dei. Eg stoler ikkje på at det går bra, og eg klarar ikkje å snakke om det heller. Redd for å vise alt eg ikkje er, for at det skal skremme deg vekk. Eg orkar ikkje miste folk, men er redd for at forsvaret mitt slår tilbake mot meg sjølv, eg får jo ikkje til nokon ting ved å vere sånn. Eg vil, eg vil, men tør ikkje. Det er da eg tviler på alt og ser at tida er i ferd med å renne ut.

Och vi kommer inte längre
Vi är tillbaks på noll
Men ingen kommer sörja
Vi har spelat ut vår roll
Vi glömmer hela skiten
Det betyder ingenting
Vi skulle kommit längre
Men räckte inte till

2 kommentarer:

Daphne Sofie sa...

<3


Tom for ord. Vet ikke hva jeg skal si. Men jeg er her. Jeg vet jeg ofte er dårlig til å vise det. Men jeg er det.

Katrine sa...

Det er godt... Det er berre det at eg ikkje er så sikker på om eg har håpet lenger... Det som alltid har fortalt meg at alt ordnar seg til slutt, det er ikkje no' stress, det går over... Det går aldri over virkar det som.

Mih. Men glad i deg fordetom. :)