fredag 11. september 2009

Hjertet...

Fann igjen ein gammal sak som eg i grunn ikkje syns var så ille som eg trudde. Og ikkje spør meg kvar det egentlig kom fra, for det huskar eg ikkje.



…i det augeblikket ramla hjertet ned. Og blei liggande, utan ei sjel til å plukke det opp.

Verda fell i grus utan at nokon merkar det. Kanskje eg ikkje merka det sjølv eingong, ikkje før etterpå. Det einaste eg verkeleg huskar er ein blodraud kveldshimmel som lar uværet bli heftig sjalu. Slikt noko får ikkje eingong uværet til.

Og det er da, på ein slik dag ein kan sjå opp på himmelen og legge merke til at den flotte, blodraude kveldshimmelen er heilt aleine den og. Ikkje ei sky i sikte, sola har jo for lengst sagt takk for seg, så kveldshimmelen er aleine. Ei lita stund til, for etterkvart dukkar det opp måne og stjerner og sånt. Da får kveldshimmelen selskap av mange millionar andre som er ein del av moroa. Og eg står der, aleine og forlatt og ser at kveldshimmelen får det største selskapet i heile universet medan eg er tømt for krefter og lamma i heile kroppen. Og det er ingen som kan gjere noko med det. Vissheita om at eg er aleine er uansett så nedslåande at eg berre blir ståande og sjå på kveldshimmelen. Verdas største sosiale selskap mot verdas minste. Mitt selskap vert nok ikkje større heller, det er ganske sikkert at det ikkje kjem til så mange fleire uansett. Og dersom dei skulle komme, så blir dei ikkje ein del av selskapet mitt. Hjernen er aleine, og sånn aktar eg å halde det ganske lenge. Det er uansett ingen av dei som ser hjertet på bakken. Kanskje like greitt at dei ikkje kjem da, så slepp eg at dei trør på det.

Det er jo tross alt mitt enda, men eg veit ikkje kor lang tid det tek før eg orkar å plukke det opp igjen.

2 kommentarer:

Daphne Sofie sa...

Katrine min... Du skriver så nydelig. Men jeg får vondt inni hele meg av å lese sånt. Vil ikke at kjære du skal føle deg aleine og uten hjerte. Du har en del av mitt hjerte, da. Enten du vil eller ikke :) Fryktelig fryktelig glad i deg!

Katrine sa...

Fint du likar det da. :) Fekk vel forsåvidt litt vondt når eg las det her igjen eg og, men det får ikkje hjelpe... Hehehe.