torsdag 30. oktober 2008

Flaks og marginar...

Av og til skal ein berre ha flaks. Eg vinn aldri i lotto eller tipping, men eg har i alle fall hatt to minuttar på mi side. To minuttar fra å få selskap i bilen av nokre tonn stein fra oven. Den største anslått til å vere omlag fire tonn.

Eg er overbevist om at det var ei meining med dette. Eg køyrte forbi lysreguleringa nokre få sekundar etter det hadde skifta til raudt, sidan eg såg bilane framfor meg og tenkte at det hadde blitt så lenge å vente på neste lys. Det var det som gjorde at eg rakk konserten. Ein konsert noko prega av omstenda med 14 personar i vårt korps, men som i mine auge var kjempevellukka og ein viktig del av alt.

For eg visste jo ingenting om kva som hadde skjedd når Oddgeir blei oppringt. Eg høyrte tross alt ingenting når eg køyrte forbi, men det slo meg at "det skulle ikkje forundre meg om det hadde gått ras her no!" På den andre sida merka eg det under telefonsamtalen - det hadde gått ras. I samme augeblikket merka eg at alt hadde gått bra - det kan ikkje forklarast, det berre visste eg på eit vis. Og det var aldri aktuelt å stemme mot å gjennomføre konserten heller. Musikken er den beste terapien eg eig og har, så den gleda får ikkje steinblokker på fire tonn ta fra meg.

Heldigvis kan eg plugge musikk i øyrene på jobb og buss og skrive dette. Så kan eg vere glad for å ha reist tre minutt tidligare enn planlagt....og ikkje minst at steinane løysna to minutt seinare.

Oppsummeringsvis, etter dette blei skrive i utgangspunktet: I går kveld var 3.gang på 4 forsøk at eg var borti skumle ting i trafikken. Forrige onsdag, på veg heim, kom vi tidlig til ein trailer som hadde køyrt ut, gått rundt og blitt knust på Filefjell. Sjåføren kom fysisk uskadd fra det heile, eit under i mine auge. Så ramla det stein i Naustbukti på mandag. Og i går kveld, kryssa ein personbil vegen like framfor bussen eg satt i og smalt i autovernet på Sollihøgda. Det er nok no.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Katrinemin må være forsiktig og passe på seg selv.

Og for all del - fortsette å ha sånn flaks! Blir jo litt bekymra forræ, da vett. <3