mandag 10. november 2008

Designendring og litt oppdatering...

Da fann eg det for godt å endre litt på designet her. Laga mitt eige toppbanner, for eksempel. Spesielt sidan eg akkurat no, virkelig skulle gjere ein heil drøss andre ting. Men det er jo sånn det alltid er - det er berre når eg har andre ting å gjere eg faktisk gjer dei tinga eg ikkje skal... Det er vel forsåvidt berre da det går an og.

Elles går eg berre og ventar på at det skjer noko i Osloområdet. Satsar på at eg får vente til 6-7.desember. :) Eg skal vere heile to veker samanhengande i Hamar no (!!!), noko som må vere ny rekord på veldig lenge, og det ser ut til at eg har fått meg jobb! Da er det kanskje håp for at eg slepp å gå konstant fattig, og jubelscenene utartar seg kanskje når eg skal til Bergen og feire bursdagen til Veronica 27-30.november. Før det skal eg til Årdal 21-26.november, så ting går sin vante gang.

Tek gjerne mot innspel på det nye designet da. Og eg har oppdatert sitatbloggen. Hurra for Tormod og Merete, som har bursdag i dag! Begge to blir faktisk gamle nok til å nyte alkohol i sine respektive land!

2 kommentarer:

Anette sa...

Hey hey! Grattis med ny design! Ble tøft!:) Jeg sitter i leiligheten min og er syk som juling...mistenker lungebetennelse nå. Siden det ikke går over..tar en tur til lege i morra. Uansett, i kveld må jeg få oppdatert bloggen min. Har opparbeidet meg en del tanker om litt av hvert:P
Jeg ser også btw veldig fram til at det "skjer noko i Osloområdet";)

Katrine sa...

Takk for det! :)

Gledar meg, Ingrid er frykteleg klar, og fekk krasjkurs i babyløfteteknikk for eit par veker sidan når Storesøster Barnevakt og ho var på leikedate med Simon mens det var planleggingsdag i barnehagen... "ikkje etter halsen!!!" Budsjettet for november-desember inneheld Oslotur i starten av desember. :) Kanskje eg da og, sidan det ser lyst ut i forhold til lønn i samme periode, kan komme og inspisere hjå deg? Forventar fleire sortar kake og kaffe, sidan du er så etablert av deg. Til gjengjeld kan eg da invitere på ekte studentliv i Hamar...

Lungebetennelse er ukult!! Kom deg til legen og få ordna opp.