Eg føler for å skrive litt GPP eg. For dei som aldri har skrive norskstilar/prøvar gjennom sine utdanningsår og fått GPP (Generelt PissPreik)i margen, har sannsynligvis eit skrivetalent uten sidestykke. Denne gangen går akkurat dette ut over eit knippe av mine nærmare venner som fortjener ein ærlig og redeleg presentasjon i bloggen min.
Først ut: Veronica.
Veronica er fra Os. Det eksisterar det ikkje på nokon måte tvil om, sjølv om det er sterkt varierande kor stolt ho er av det (kjem litt an på kvar i presentasjonen av kommunen du nevner navnet Terje Søviknes). Er ein racer uten sidestykke på klarinett, ein jævel på bladspel og har eit sterkt unormalt forhold til a-moll. Forkjempar for Pepsi Max-en sine rettigheitar, men likte ikkje øl før ho havna på nachspiel med Ola på Hamar og i andre samanhengar plutselig fekk lyst på øl. Veronica har null problem med å trives både bak og framfor baren, men resultatet av kva side ho står på er det egentlig ikkje så stor forskjell på, berre ho står der lenge nok. I tillegg er Veronica kanskje ein av få bartenderar som har fått navnet sitt på ein rider, i tillegg til at ho gjorde ein utmerka jobb når ho redda seg unna ein skummel, middelaldrande mann fra sørvestlandet ein plass. Dette kvinnemennesket fra Os er forøvrig eit menneske du bør behandle med største respekt før den første kaffikoppen har gått ned om morgonen. Eit par andre kvinner (navn ikkje nevnt) har knust denne respekten opptil fleire ganger ved hjelp av såkalte qvåotz, og er blant anna hata "heilt til klokka fem!". Ellers er Veronica ganske hyggelig.
Vidare: Tormod.
Svært tvilsom erkeamerikanar (som jo er litt norsk og) med tidvis frynsete rykte, kanskje spesielt innad i crewet på Hydranten (der han ironisk nok er personalsjef). Har ein eigen evne til å komme opp med dei merkeligaste utsagn, som eit par andre kvinner har ein stygg tendens til å skrive ned og publisere på sine respektive bloggar. Han har fortsatt ikkje fått "sitater fra Tormod-bloggen" som han meinte burde opprettast i sommar, men det er vel eit tidsspørsmål før den faktisk må til, sidan han stadig imponerar med nye, hysterisk morsomme utsagn uten mål og meining. Mannen har ein tendens til å vere ganske lite mann (mindre mann enn Veronica i følge testen i Dagbladet august 07), noko han med jamne mellomrom prøver å ta igjen ved å bære tunge ting og sjå barsk ut. Har ellers, saman med Katrine, Veronica og Stian, inngåande kunnskap om Pokemon, og diskusjonar kan oppstå med ujamne mellomrom. I tillegg skal du ha greit slåande argument (og mange av dei) om du slår mannen i ein diskusjon. Uansett vil han ikkje innrømme at han har tapt, så det nærmaste du kan komme å vinne diskusjonen, er eit forlik. Tormod har og ein svært udefinerbar musikksmak, men utenom alt dette er Tormod stort sett snill og grei (men i følge seg sjølv absolutt ikkje som folk).
Nr. 3 ut: Dagny.
Eg har ein tendens til å ha venner eg på ein eller annan måte kan mobbe for å vere soss. Det har eg hatt sidan 2004, og det ser ikkje ut til å gi seg. Dagny er (foreløpig) tredje og ferskaste innslag her, med sine røtter fra tjukkaste Bærum (som ho forøvrig har forlatt no, men ein gang Bærum, alltid Bærum). Dette kvinnemennesket møtte eg i ganske morgongretten og fryktelig sliten tilstand ein tung mandag i august 06, da ho hadde okkupert badet og eg hadde i tankane at eg skulle stå opp. Vi var altså plassert på kvar vår dubletthybel, og skule dele bad og kjøkken saman på Hamar. Det første som slo meg da, var "faen, er det dette eg skal bu med eitt heilt år?!!". Etter ei veke eller to, viste det seg likevel at kvinnemennesket ikkje var så ille, snarare tvert imot. Vi fann oss våre felles interesser, i hovedsak rundt musikken, og alt endte jo opp med å bli veldig bra. Dagny er, i tillegg til å vere soss, vegetarianar, noko ho og får gjennomgå for blant oss. Ho har ein bedre/verre halvdel i Veronica, og dei to deler gladeleg entusiasme for rare ostar, Dream Theater og Pepsi Max (sistnevnte er Veronica sin feil). Eg og Dagny er engasjerte Pink Floyd- og SubGud-fans, og Dagny sin entusiasme for sko har eg i sokkar. Likevel trur eg dette mennesket fortsatt har fleire par sko enn eg har sokkepar, samtidig som ho har eit bevisst forhold til at ting skal matche og eg har eit bevisst forhold på det motsatte. Ho har og tidenes beste stil når det kjem til joggetur på høghæla sko, samt at ho har vore min medorganisator opptil fleire ganger. I tillegg har vi delt vår entusiasme for eit visst studenthus på Hamar, samt bøker av Harald Rosenløw-Eeg. Ein skummel, men heilt klart fungerande kombinasjon.
Nummer fire i rekka: Zud/Hanne
Kjært barn har mange navn. Spesielt dette mennesket. Ho har vel egentlig fått sin malande beskrivelse allerede, vi kjenner kvarandre skummelt godt, på tross av at vi vanligvis ikkje ser kvarandre meir enn 2-3 ganger kvart år. Som sagt tidligare: "Bartemenneske med sans for merkelige mennesker og bartebyfyll, kjent for sin negative energi og overraska i 2007 med å vere positiv." Vi starta som heftige Kaizersfans vinteren 2002/2003, og har den dag i dag eit veldig spesielt forhold til dette bandet (kan ikkje og bør ikkje forklarast). Er blant få av mine venner som har besøkt Årdal mange ganger, og den som har vore på flest MålROCK-festivalar (trur det er 3...). Naturligvis er dette mennesket og musikkperson, heftig tilhengar av Queens Of The Stone Age og Frèdèric Chopin, pianist, gitarist og gehørsalibi for alle andre uten gehør som masar på Kaizersakkordar.
...Sidan eg no faktisk er ganske gåen av å skrive, så kjem det sannsynligvis ein enda meir engasjerande part two ein vakker dag. Når eg giddar, altså.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hva er det egentlig Veronica sitt sterkt unormale forhold til a-moll består i?
Egentlig ikkje noko spesielt. Den er berre tidvis veldig uønska.
Legg inn en kommentar