Bloggen min fyller 1 år i dag. Hurra! Dette feirar vi naturligvis med sjokolade og brus, samt eit par smashing videoklipp som eg syns er staselige.
Først ut: Ottorpedo. Mannen bak utilgivelige ZMR-vorspielsangar til konserten på Quart i fjor. Mannen bak sangen med den treffande tittelen "Mest Sannsynlig En Av De Aller, Aller, Aller, Aller, Aller, Aller, Aller, Aller, Aller, Aller Lengste Sangtitlene Du Noensinne Har Vært Borti", som lovde at eg skulle få signert EP-en min som eg spontant fann ut at eg ville ha før Seigmen på Voss i 2006 (noko som fortsatt ikkje har skjedd sidan eg alltid har gløymt den). Høgt respektert medlem i Happy Tree ZMR-friends, sidan han kan bade i Seigmen/Zeromancer-samlinga si. Ellers ganske harmlaus.
Og til slutt: Zeromancer - Sounds Like fra Blæst 9.11.07. Videoen er satt saman av filminga til ikkje mindre enn 4-5 personar (meg inkludert).
Håpar du har fått både ein god latter og ein dose fantastisk musikk.
tirsdag 22. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hurra for bloggen din!!! Grattis grattis!!
Legg inn en kommentar