torsdag 24. januar 2008

Litt om, del 2...

Må fjase litt til eg. Det er fleire som fortjener ein liten omtale her, føler eg.

Først ut i dag: Kaja.
Kaja er min personlige tourmate. Ut på tur, aldri sur. Vi har ein viktig ting til felles - vårt fryktelig unormale forhold til eit "industrielt boyband fra Tønsberg". Dette fører til at vi flaksar etter dette bandet støtt og stadig, og vi har inntatt både Tyskland, Kristiansand, Tønsberg, Trondheim og Oslo med vår ytterst tvilsomme internhumor i løpet av dei siste 1,5 år. Som eit resultat av dette er Kaja den som står bak polarbrødhumoren og fotobokshumoren, og vi har ein begynnande tradisjon som går på å "ta ein kaffe" som sist gang blei til "spele squash og ete middag på Fridays". Vi har og veldig mange felles musikkreferansar, og Kaja er blant veldig få eg kan be om å tipse meg om musikk og resultatet faktisk blir at eg finn veldig mykje bra. Utenom dette er Kaja stort sett rolig og lagar sjelden bråk.

Vidare: Camilla.
Camilla er mitt mobbesossoffer nummer to. Har ingen opprinnelse i Asker/Bærum, men høyrer opprinneleg heime i eit litt for pent hus eit stykke utanfor Larvik. Og når dama først frigjorde seg fra det fjonge huset i Larvik, så begynnar ho på den einaste norske utdanningsinstitusjonen i Norge som har eige kjøpesenter - BI. Dermed har ho finfint på eigen hånd lagt grunnlaget for vidare småmobbing. Ellers dukka Camilla opp i livet mitt ein svært nervøs augustdag i 2005 i det eg tok mine første skritt i folkehøgskuleverdenen. Det viste seg etterkvart at vi hadde ein eigen evne til å strikke tøfler, samt ein fryktelig fascinasjon for å observere den første gangen vaskemaskina Roar gjorde sitt inntog i heimen. Vi satt i ein halvtime, stirra og sa "oooj, sjå, no snur den!!!", og har ein felles interessefaktor i Pink Floyd, og har hatt endelause samtalar der vi har vore utrulig enige om kor bra Money er. Ellers er Camilla kjent for ei fantastisk sangstemme og er ganske ulv i fåreklær, sidan ho alltid ser så ordentlig ut...

Det får holde for i dag... Begynnar å gå litt tom merkar eg. Og om du føler deg gløymt: Gløym det, for du er ikkje gløymt. Det er berre det at eg ikkje har klart å skrive noko som er akseptabelt nok enda.

1 kommentar:

Anonym sa...

Åå, jeg savner turene våre!!
Synes ZMR kan offentliggjøre turnéplaner snart. Man må jo ha tid til å planlegge og spare (selv om vi er veldig flinke til å hoppe fort over den biten og bare reise på første og beste måte..)

Så koselige ord! :)