torsdag 31. januar 2008

Krig og fred og politikk og sånn...

Det kokar litt hjå meg no, det gjer virkelig det. Eg blir engasjert, og føler for å uttale meg litt.

No blir det klaga igjen. Norske studentar er for late.
Vi møter ikkje på forelesning, vi jobbar for lite i snitt og prioriterar ikkje studiane godt nok. Denne gangen er det spesielt lærarstudentane som får det, men det har jo vore eit lass med angrep mot alle studentar og.

For all del, det er ikkje heilt uten grunn. Det er mange av oss som burde jobba meir med studiane sine, ingen tvil om det. For å ta det vanligaste argumentet først: Det er vanskelig for mange. Lånet fra Lånekassa strekk ikkje stort til, og det gjeld jo spesielt folk som har valgt å studere i Oslo. Der går gjerne 2/3 av lånet med til å bu, og da får du eit bøttekott i eit skittent kollektiv ein plass i gokk. Det går gjerne greit i seg sjølv, men dei resterande 2000 ein får utbetalt i månaden held omtrent til mat, og den som måtte ha behov for eit nytt klesplagg kan gløyme det. Kle har du kanskje råd til etter å ha kjøpt skulebøker for 2-3000 kroner i august og januar. Eg har ikkje så store problem med akkurat dette, for det går an å klare seg på lånet om du virkelig går inn for det, men det er absolutt ingen luksussituasjon (noko som heller ikkje er meininga da). Eg forstår godt at folk velger å ha ein jobb ved sidan av studiane for å spe på inntekta litt, og for kanskje å opparbeide seg pengar til å gjere lånet litt mindre den dagen ein må begynne å betale på det. Berre det å ta ein titt på "dine sider" hjå Lånekassen gir jo meg komplett angst.

Men det som er poenget med det her er ikkje å syte vilt over kor dårlig råd studentar har; Først og fremst ser eg på problemet med tomme forelesningssalar som eit generelt tegn. Blant politikarar og andre høgareståande blir det diskutert om ein må innføre strengare krav til oppmøte for å få folk til å møte opp, fleire innleveringar eller om det er forelesarane sin feil at folk ikkje giddar. Eg kan forklare litt:

I min eigen situasjon for eksempel, har eg 4 dagar med forelesningar i veka. Eg pendlar til skulen, det tek 1 time og 10 minutt kvar veg. Det i utgangspunktet er ikkje eit problem. Timeplanen min er lagt opp slik: Mandag har eg forelesning fra 9.15-12.00. Tirsdag fri. Onsdag 08.15-10.00, torsdag fra 09.15-12.00 og fredag fra 10.15-14.00. Det som er eit problem for meg, er lengden på ting. F.eks på onsdagar reiser eg lengre med buss enn eg faktisk er på forlesning. Det gjer det virkelig ganske enkelt å droppe å reise ein dag. Eg kunne faktisk tenkt meg å vore på skulen fra 09.15-14.00 3 dagar i veka i staden for å ha ein time her og ein time der. Det ville jo gjort mine dagar betraktelig meir effektive på alle plan! Det er naturleg nok begrensa kor mykje eg leser på bussen, samtidig som det er begrensa kor mykje eg får gjort den første halvtimen etter eg kjem heim. Og ein meir effektiv skulekvardag ville gjort det meir interessant og enklare for meg å delta på alle forelesningar.

Og det som er viktigast av alt i mine auge: Ingenting teller! I min studiesituasjon i dag, så er det ikkje noko som helst som betyr noko utenom det eg presterar i løpet av 5 skitnervøse timar i eit rom med dårlig luft og 40 andre studentar. Denne vurderingsforma er kalt eksamen, og er pest og plage. Det er faktisk ikkje noko stort poeng i å lese før det nærmar seg eksamen, utenom at ein skal levere eitt og anna arbeidskrav for å få lov til å gå opp til eksamen. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent, dei fleste av dei får du ingen kommentar på heller, og du har ikkje den villaste anelse om kvar du ligg i karakterskalaen. Dette irriterar meg grenselaust.

Det blir diskutert om vi bør ha fleire innleveringar, og eg er faktisk enig, men da bør desse innleveringane vere obligatoriske, vi bør få dei vurdert etter karakterskalaen, og innleveringane bør kanskje inngå i ei mappe som til slutt blir vurdert. Så burde vi faktisk fått ein teljande karakter i eitt fag i tillegg til eksamenskarakteren, eventuelt i staden for eksamen i enkelte samanhengar. Det er ikkje ofte eg klarar å prestere maksimalt i løpet av dei timane eg har eksamen, og resultatet blir deretter. Ikkje kan ein eksamen alltid gi eit riktig bilde av kva ein kan, sidan eksamen ikkje på nokon måte reflekterar det du vil møte i ein arbeidssituasjon heller. Eg vil gjerne ønske andre vurderingsformer hjerteleg velkomne, så slepp eg litt av eksamensangsten og.

I tillegg til alt dette syns eg at det bør vere meir praksis i alle yrkesretta studium. Ein som har bachelor i økonomi og administrasjon, kan omtrent ikkje ein dritt av det ein møter på eit rekneskapskontor og har aldri brukt det i praksis. Det gjer at nyutdanna økonomar ikkje kan stort i praksis i forhold til at dei har brukt 3 år på å lese tjukke bøker om det, og det skal ikkje stort til før ein forstår ting lettare, samt vil kjenne litt av bransjen. I alle fall er mitt fagområde utrulig mykje enklare å forstå om du faktisk har satt det heile litt ut i praksis!

Så. Det var mitt vesle innspel.

Ingen kommentarer: