mandag 29. oktober 2007

Musikkmagi.

I dag har vi spelt konsert med korpset, i kyrkja i Øvre. Det har eg gleda meg litt til, for det er litt spesielle forhold der. For eit års tid sidan åpna ein svært happy organist i kyrkja eit nytt akustikkanlegg som har gitt ein heilt spesiell klang der. Eg har jo ikkje vore i den kyrkja sidan konfirmasjonsdagane omtrent, og var litt spent på kva denne klangen skulle vise meg. Alle skryter jo så uhemma av den.

Konsert er jo koselig, korps er heilt greit, men å spele Pirates Of The Caribbean-temaet i den kyrkja....det var musikkmagi. Den sangen sluttar med eit lass med trommer i alle retningar (pauke, slagverk i 2-3 former + full peis fra resten av korpset) og eit bang uten sidestykke. Klangen som fulgte etterpå....vel, den gav meg først frysningar og deretter begynte eg å skjelve. Eg skalv i 20 minutt etterpå. Det var heilt enormt å oppleve og få vere med på å skape akkurat det.

Det er ikkje godt å vite kva som var greia, men eg velger å kalle det musikkmagi.

3 kommentarer:

Anette sa...

WOW!!!!! Skulle likt å hørt!! Var det mye folk eller?? Syyyyykt...:)

Veronica sa...

Musikkmagi er ein nydelig oppleving:)

Katrine sa...

Var ikkje så mykje folk der, men det var greit med mennesker, ja.

Det var ein fantastisk opplevelse å vere med på... Håpar det fins fleire slike mulighetar, for det gjorde heile mandag til ein fantastisk dag.