No har vi to tilfeller av action. Det er jo ein heilt eigen form for action, naturligvis, intern som pokker. Og det kan vi leve med. Det er naturligvis fyll og fanteri det er snakk om her. Fra ende til annan. Osloaction var Tormod sin store kveld, den er blogga om fra før og står stødig registrert i minnet under kategorien "jamnt positive opplevelsar". I går fekk vi ein ny. Årdalaction er den allerede døypt. Denne gangen var det Veronica. Som vanlig prosedyre, så klarar stort sett Veronica å få seg sjølv i verre tilstand enn meg (sjølv om ho stadig vekk likar å påpeike den eine kvelden eg var fullare enn ho), men vi var på fest med Målrockgjengen i går. Det skulle bli, og blei heilt klart, ein verdig avslutning på Målrock 2007 og ein verdig start på Målrock 2008. Over ein lav sko. Vi kom naturligvis jamnt for seint (Bankett? Kleskode? Sosiale antenner? Null peiling.), men fekk oss øl eller whisky, gikk til matbordet og det blei servert treretters middag med vin. Masse vin i alskens fargar og fasongar og med ymse alkoholprosent. Skumle saker der, altså, og den gikk ned på høgkant. Kjempekoselig var det jo, spesielt etter middagen med hygge og prat og mimring og ENDA ein runde med dei uforgløymelige historiane som vart opplevd og observert av oss under festivalen. Fantastisk. Nok å drikke fekk vi i oss og. Begynnar å forstå alvoret med skikkelig bedriftsjulebord no...Og skjønnar kvifor det fort blir som det blir, gitt. Og eg skal på eit slikt eit i år? Skummelt.
Uansett, Veronica blei full og Veronica huskar ingenting fra når Bjørnar forlot bordet vårt. Skal ikkje legge ut for mykje om akkurat det, i alle fall ikkje her, men det faktum at Veronica slo om til swahili på veg heim, det klarar eg ikkje unngå å dele med verden, for det var ganske artige saker. Så, etter litt for lite søvn har eg fulgt både Veronica og Tormod til bussen, og no kjenner eg vel berre på at ein viss grad av fyllesjuke som kjem snikande. Men det var jo koselig, så poff-poff.
Av andre ting som har skjedd like før helga: Særs koselig Minor Majority-konsert i Sogndal på torsdag, Tormod som kom heilt dit (tusen takk), hjort i vegkantane, strikking, boklesing og nerding på høgt nivå i stova og ellers berre hygge. Eg er glad i deg, eg.
Qvåotz:
"Kjem han tingen der i morgon?" - Kennet om Tormod.
"Er begge tinga reist?" - Kennet i dag tidlig.
"Eg er einaste hane i dette ENORME hønsereiret her, så..." - Felleslunsj på jobben. Ein mann og ti meir eller mindre kvinnelige folk.
"Eg ser en palme!!!" - Veronica på fylla. I Årdal.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Bankett,Katrine...det er litt sånne fine greier det vet du...hehehe:) Så kommer dere spankulerende altfor sent og forsyner dere uhemmet av alkoholen og blir fulle og fæle!! Jeg kjenner jeg blir oppgitt! hehehe:p Juuuuuuust kidding!!
Hehehe. Så fulle og fæle var vi ikkje. Dessuten var jo ikkje dei andre like edru dei heller...... :p
Dere er så søøøøte<3
*savne*
Full? Skjønner ikkje...:p
takk for ei ekstremt bra veke!!!!
Mi låvv ju.
Mi lest aviiis!
Legg inn en kommentar