Eg får stadig vekk spørsmål av Matilde om heltane mine. "Kven er helten din, Katrine?" Eg har dei siste månadane absolutt ikkje hatt problem med å svare at eg ikkje berre har ein helt, men opptil fleire. Eg fortel ivrig om ein musikalsk helt og eit par andre heltar på heilt andre plan som har vist seg å vere minst like viktige som alskens musikalske heltar. Dei som lar meg gløyme alt som var og nyte det som er. Takk.
Helga har vore spesiell. Herlig, fantastisk, sær og eit eller anna til som eg ikkje klarar å finne ord for akkurat no. Kanskje eg klarar det seinare, i så fall skal alle få vite. Vi var samla og mangla berre ein Veronica før alt ville vore komplett, noko eg trur vi bar litt preg av alle saman. No er eg heime igjen, skal snart på tur igjen, men klarar ikkje heilt å finne gleden i det. For all del, det er snart og ikkje lenge til og det heile, men det slår ikkje smellen som alltid kjem når eg er heime igjen. Men - det pleier gå seg til etterkvart, da.
Torsdag var ein stor dag. Tormod, Dagny og Stian i komplett harmoni. Meg på slep som berre måtte nyte å sjå betydninga av alt, og sjå at folk var i himmelen i eit lite knippe timar. I tillegg måtte eg jo nyte den herlige følelsen av å vere med verdens beste mennesker igjen, og første dag av slike dagar blir stort sett bra samme kva ein finn på å gjere. Fredag var prega av Pocoyo, frokost på Statoil Kolbotn, påspandert middag på Kolben med pappa, Hanne og Ingrid, tvilsomme tilstandar, tog til Hamar, Hydranten, Silje, Emo-Kristian, Saw IV og litt til Hydranten. Lørdag av Dagny, Dagnysøster, Dagnykusine og Silje... Vi var litt sånn sugerør alle saman, spesielt sidan eg jo hadde lovd at eg skulle vere litt sånn sugerør neste gang eg drakk med Silje. Eg var påheng (og absolutt ikkje påhengsmotor) på shopping med dei herlige, og med 3 eksemplar av Dagny og/eller familie kan jo alle som kjenner Dagny forestille seg korleis det blei... Ellers var det bytur og gjensyn med veldig mange mennesker som var greia. Samt den hyggelige vakta på Dirty Nelly som serverte ein nesten sovande Dagny kaffe... Herlig!
Resten av lørdag vart prega av opplysning av ting som ikkje var opplyst tidligare og nokon av dei tinga som gjer enkelte til verdens herligaste venner og verden litt enklare. Tusen takk, det betyr masse for meg. Håpar du er klar over det og at til og med den lille kan ta akkurat det inn over seg..
I går var greia søvn, nerding, besøksras, kakao og buss i ørten timar. Eg var komplett vekk fra denne verden den siste halvannan timen på bussen og sov som ein stein.
Og sitat må det alltid bli etter ei sånn helg, det er ikkje til å unngå:
Hva kalte du bikkja?" - Random menneske på Deli De Luca etter Sonata Arcticakonserten som lurte på kva vi hadde vore på konsert med.
"Kanskje vi skal spise en lyktestolpe, så får du i alle fall nok jern!" - Tormod
"Da er det ikke "kunden har alltid rett", det er "kunden kan dra til helvete". - Tormod
"Hei, jeg tok med meg ett traktorhjul og gikk i skogen, jeg!" - Ida på skoshopping
"Når vi trenger en DJ Lysbryter, så ringer jeg deg!" - Silje
"Hvis du tenker nok på han, så forsvinner han." - Ida om Andreas (som IKKJE var der)
"Hafslundvekteren? Er det en slags strømvekter?" - Familiemedlem av Dagny.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
*elsk*
*savn*
Nydelig! Det var dog for bra. En fantastisk helg. Hurraaaa!<3
Lenge leve DJ lysbryter...
Legg inn en kommentar